For femti kilo sidan – og tilbake

Hausten 1987 skjedde det ein del ting. I dag skjedde det ein anna ting, som plutseleg gjer hausten 1987 høgaktuell igjen. Vær tålmodig, så skjønar du korleis det heng saman:

For det første, hausten 1987 var eg 20 år, og fersk student på siviløkonomstudiet på Norges Handelshøyskole. Ja, eg var ein av dei. Dei bortskjemte pappagutane i Burberry-frakk som trudde vi var så mykje bedre enn alle andre, fordi det sto ting som kunne tolkast slik på gymnasvitnemåla våre, og fordi foreldra våre hadde tuta ørene våre fulle med det i heile oppveksten. Det kan forklarast, men det blir ikkje meir sympatisk for det.

Those were the days, my friend. We thought they'd never end. Såpass var det. Sjekk sokkane. Artig, liten åttitalsdetalj.

Those were the days, my friend. We thought they'd never end. Såpass var det. Sjekk sokkane. Artig, liten åttitalsdetalj.

Eg var også i mitt livs dårlegaste form. Eg hadde nett gått ni månader med foten i gips etter å ha knekt venstre leggen tvers av i ein fotballkamp i militæret, og rekonvalesent-tida tilbragte eg i ein Mercedes 450 SE bruktimportert «varebil» med ei stålplate montert midt i kupeen. Eg hadde hockeysveis som eg fluffa opp ved å ha i gele mens håret endå var vått, og så ruska kraftig til med ein handduk rett før geleen stivna. Eg gjekk i silkeskjorter og ruskinnssko med hæl, og brukte after shave balm for at kinna mine skulle bli så mjuke som ei barnerompe, så jentene skulle få lyst til å kose med dei. Det var i alle fall teorien. Eg høyrte på Chess og Kine Hellebust, og eg var i det heile tatt så åttitals at eg blir heilt skjemd når eg tenker på det. Eg var til og med medlem av Unge Høgre. Eg har berre ein ting å seie til mitt forsvar, og det er at dette var på åttitalet.

Eg gjorde mykje rart, men eg kan ikkje hugse at eg nokon gong jogga. Eg skydde all fysisk aktivitet som pesten. Frå hovedbygget på NHH ned til lesesalen på Merino gjekk det ei trapp på 176 trinn, og den gjekk eg kanskje fem gonger på sju år. Ein gong skulle eg og ein gjeng arrangere eit «spontant» togaparty. Det var Espen Kristiansen sin ide: Det skulle begynne ved at ein student brått reiste seg frå pulten sin på lesesalen, kasta bøkene sine i veggen og brølte «UUUÆÆÆÆÆÆÆRRHHH! Jeg ORKER IKKE MEEEER!!!», og så skulle tre andre gjere det same, og skulle nokon begynne å messe «Toga, toga, toga», og så skulle dei danne eit tog opp til Klubben, og der skulle det ligge klar toga, druer, vin og alt slikt som folk på togaparty veltar seg i. Og så skulle vi sjå kor mange som spontant kasta seg på. Det var faktisk enkelte som gjorde det.

– Kult, sa eg. Det vil eg være med på! Då vart det stille, og alle såg brydd på kvarandre. Til slutt sa Espen det alle tenkte: – Nei, det går ikkje. Viss du viser deg på lesesalen, skjønar jo alle at det er tull!

I 1997 vart det installert heis, og hadde det skjedd ti år før, så hadde eg kanskje gjort noko heilt anna no enn å skrive blogg. Kanskje eg ville sitje og skrive oppsigelsar i staden. Like bra at det gjekk som det gjekk.

I alle fall, så dårleg var formen. Den var så dårleg at heimvegen var eit problem, viss festen hadde vart til etter at dei gule bussane slutta å gå. Og det gjorde den ofte. Eg budde nemlig på Møhlenpris, i Welhavens gate 42. Og for å komme dit, måtte eg gå over Nygårdshøyden. Ja, opp den bratte bakken opp til Johanneskirken. No bur eg ikkje i Bergen lenger, men eg tippar vi snakkar om noko rundt 50 høgdemeter. Latterlig, men den bakken forekom meg så uovervinneleg, at eg fleire gonger gjekk gjennom tunnelen som var reservert for kollektivtrafikk. Den tunnelen hadde tverrsnitt berre hårfint større enn ein buss, hadde berre eitt køyrefelt, og ikkje noko fortau, men ein slags gesims 80 centimeter over bakken som var akkurat brei nok til å gå på. Det var så smalt at eg bar frakken i ein bylt under armen, så ikkje den skulle flagre ut og hekte seg i speilet på ein av drosjane som suste forbi. Eg var jo ikkje heilt dum.

Ein gong stoppa det ein politibil, og då vart eg litt nervøs, men det endte med at dei køyrte meg heim. Det var jo ein slags special bonus, så dette fortsette eg med. Men så, den andre gongen eg vart tatt av politiet i tunnelen, vart eg sitjande og høyre på at dei diskuterte om dei skulle setje meg i fyllearresten. Og der har eg aldri vore, men eg har ein del vennar som har vore der (slike vennar har eg), og eg har forstått det slik at det er ein særdeles lite attraktiv plass å tilbringe natta. Og så saman med dei folka, då. Sånne som blir sett i fyllearresten.  Så etter det gjekk eg aldri meir tunnelen. Eg tok taxi.

Ja, det skjedde mykje rart hausten 1987. Ein anna ting som av og til skjedde, var at eg gjekk på badevekta, og den viste under 90 kilo. Eg trudde lenge at det aldri meir skulle skje. Men i dag skjedde akkurat det.  Det er 24 år sidan sist. Det tok meg 22 år å gå opp 50 kilo, og to år å gå ned igjen. Det mest paradoksale er at kvar dag dei siste to åra har vore bedre enn dei fleste i dei 22 åra som gjekk før. Eg tenker i dag, som eg gjorde då eg slutta å røyke: At ikkje eg gjorde dette for ti år sidan? Men, men. Livet er langt enno. (Bank i bordet).

Ja, no begynner det å hjelpe. Det med forskjellige sokkar la eg ikkje merke til før no.

 

 

 

Kommentarer