Jule-innspurt

Det begynner å bli alvor no. Hugsar du eg sa at eg ikkje skullle springe meir (pga den vonde hælen min) før eg var under nitti kilo? Eg hadde egentlig planlagt å ikkje fortelje nokon at eg var under nitti, før eg var komt ned i åttifem. Ja, du veit no korleis det gjekk: Ein time etter at eg såg vekta vise 89,7 kilo, låg bildet av det ute på bloggen her.

Og no er tida komen for å vise seg som ein mann, og gjere det eg har lova. TV2 sin treningsekspert, Siri Marte Hollekim, har fleire gonger ymta om eit program vi skal inn på då, som inneber masse springing på tredemølle. Eg gledar meg ikkje. Men Okei, faenskapen nærmar seg, og det gjeld vel berre å være så godt forberedt som mulig.

Snart er vi der igjen. Eg gledar meg til å sjå Siri Marte igjen. Men ho er litt hard med meg.

14. desember skal eg med eit reportasjeteam frå BT til NTNU i Trondheim for å fastslå status for tilfellet Øvretveit. DXA-scanning (Michael Jackson-skjelettbildet som viser fordeling av fett og musklar i kroppen), kvileforbrenning og max O2-opptak. Det eg gruar meg til, er sjølvsagt max O2-opptak. Det handlar om å få eit rør teipa over munn og nase som spyr knusktørr luft ned i lungene dine, og så springe først til til du ser mannen med ljåen, så til du berre ser han litt tåkete, og så til det svartnar for deg. Dess høgare pulsen blir, dess høgare måling får du. Sist gong pressa eg meg opp i puls 173, og då hadde eg eit O2-opptak på  litt under 45 ml oksygen pr kilo kroppsvekt per minutt.

Eg er redd formen er dårlegare no. Dei siste ti vekene har eg berre hatt eitt fokus, og det har vore å gå ned i vekt. Eg har gått lange turar på rypejakt og ete fornuftig, og vekta har gått ned ca. ti kilo, men eg har ikkje hatt nokon kontroll på pulsbelastning og slike ting. På dei ti vekene har eg vel kanskje sprunge fem motbakkeintervalløkter. Det er klart, på ein rypejakt-tur blir det mellom 400 og tusen høgdemeter på ein dag, og det blir ein del høgpuls-trening av det, men eg har ingen kontroll på kor mykje det blir. Så den max O2-testen, den ser eg ikkje fram til. Eg ser stadig vekk for meg at eg segnar om på tredemølla mens Siri Marte og BT-damene ser vantru på eit måleapparat som viser eit tal langt under 45, og at Siri Marte blir veldig alvorlig i anskitet, og forklarar meg ein heil masse ting som eg egentlig veit frå før, og så kjem vekevis med blodslit på ei tredemølle, der kjedsomheten er så gjennomtrengande at eg får hallusinasjonar og kanskje misser vetet for godt.

Så no er det jule-innspurt. Intervalltrening kvar einaste dag i fjorten dagar, og så skal eg ha tre dagar heilt fri, og så skal eg opp på den tredemølla og blow their heads off.  Det vil seie, intervall og intervall: Eg går ein bratt skogsveg (Fosstølen, omtalt tidlegare) som er 290 høgdemeter, og med høgdeprofil omtrent som ei intervalløkt (fire bratte motbakkar som fungerer som høgpuls-intervall, og tre slake motbakkar som fungerer som kvile). Pers i september var 35 minutt, 27. oktober gjekk eg det på 28, 20, og mandag denne veka gjekk eg på 25,17. Interessant er det at denne veka hadde slake og bratte bakkar bytta roller: Dei slake motbakkane jogga eg (høgpuls), dei bratte gjekk eg (kvile). Dei site fire minuttane sprang eg alt eg hadde, og greidde å presse meg opp i puls 177. Då hadde eg rett nok eit gardin av kvitt slim som sto ti centimeter vannrett ut frå overleppa mi på kvart utpust.

Eg begynte på mandag, gjekk tirsdag og onsdag, i går hadde eg orkan-treningsfri, men denne bakken skal eg storme opp kvar dag fram til og med den 10. desember. I tillegg går eg 35 minutt før frokost kvar dag. Så blir det kanskje litt lettare å begynne på tredemølla oppunder jul…

Special bonus: Situasjonsrapport frå badstova vår: Fruen og stefar min sit på verandaen, eg sit på mønet, og min ven Narve rullar seg i snøen i venstre billedkant. (Artwork: Rose og Gjertrud Øvretveit))

 

 

Kommentarer