Å ta seg heilt ut

Då er O2-test-helvetet gjennomlevd (og overlevd), og tallenes tale er klar: Mitt maksimale oksygenopptak er auka med 15 % sidan testen i juni. Kroppen min omset no 52 ml oksygen per kilo kroppsvekt. Til samanlikning er gjennomsnittet for menn mellom 20 og 29 år 44-51, mens kvinner i samme alder normalt ligg i området 35-43.  Så eg er sprekare enn ein middels 20-åring. Det vil seie at eg er blitt 20 år yngre på eitt år. Slik kjennes det og. Og ein ting til: Eg er sikker på at makspuls kan trenast opp. Les bevisa lenger nede.

Okei, aller først: Ja, eg har sluntra unna med bloggen, og ikkje oppdatert dei siste tolv dagane. Skal eg være heilt ærleg, ligg forklaringa litt på det mentale plan:

«Sjølvskryt stinkar», brukte mor mi å seie. Til meg. Du kan no tenke deg kvifor.  Og eg har ikkje kome på noko anna å skrive om dei siste tolv dagane, enn slikt som veldig lett kjem inn under kategorien sjølvskryt. Men i går tenkte eg at «høyr her, Ole Johannes, det er jo slik det blir, når ein går ned femti kilo og trenar seg opp i kjempeform! Det er jo nettopp dette du skal dele med lesarane og vise dei! Tenk på alle som les dette og tenker at «viss eg gjer det han har gjort, då vil eg og få det slik»!  Så no blir det tett mellom blogginnlegga framover.

For det første: Gud les bloggen. Umiddelbart etter blogginnlegget der eg ba om snø i kiløypene, justerte han temperaturen ned tre grader, og 36 timar etter blogginnlegget låg skiløypene klare på Langeland skisenter. No ventar eg berre på at han skal kommentere. Men det har vel folk venta på i tusenvis av år. Korleis det var å komme opp i skiløypa, 35 kilo lettare enn sist, det treng eg eit heilt blogginnlegg for å fortelle. Så det kjem litt seinare i veka.

For det andre: Eg lukkast med treningsplanen min. Du hugsar kanskje at eg planla å toppe formen inn mot O2-testen? Det føregjekk slik: Kvar dag (i tillegg til 1-2 timar lavintensitetstrening) gjekk eg skogsveien Fosstølen, 290 høgdemeter. På tid kvar gong, det vil seie full peis, så hardt som eg tørte utan å risikere å sprekke undervegs. Siste bakken er akkurat hundre høgdemeter, den kan gåast på åtte minutt frisk gange. Halvvegs i den bakken ser eg husa på stølen, og derifrå sprang eg alt eg klarte. Det var eit helvete. Etter 30 sekund tenkte eg at «no må eg stoppe, no greier eg ikkje meir», men eg tvang meg til å ikkje slå over i gåing. Og det er noko med å sjå slutten på det, dvs. husa på stølen: Eg greidde å springe opp kvar gong.

Eg har nemleg testa O2 før, og lagt merke til at dei høgaste tala kjem mot slutten av testen. Ettersom eg er ein opppegåande mann som kan legge to og to saman, tenkte eg som følgjer: Dersom eg trenar bevisst på det å halde ut eit minutt ekstra når det verkeleg begynner å butte, då skulle ein tru at eg ville opnå høgare tal? Så det gjorde eg. Så kom seks dagar der eg eigentleg skulle berre trene heilt roleg, men det greidde eg ikkje. Det hadde noko med det å få ski på beina å gjere, og det skal eg fortelje om seinare. Men det vart eit par dynamittøkter fem og tre dagar før testen.

Uansett, så kjem eg tidleg ein morgon inn i treningsrommet til Siri Marte (Hollekim, TV2 sin treningsekspert, og min personlege trenar dei siste ni månadane). Torunn og Marita frå BT er også der, og dei skottar diskret på (og kommenterer forsiktig) kroppen min, som er innhylla i ei altfor stor overtrekksdrakt. Ei ny oppleving for meg dette, å være saman med tre vakre kvinner, i fullt dagslys, som berre ikkje kan vente på at eg skal få av meg fillene.

Så er det opp på tredemølla til Siri Marte , får klype på nasa og luftslange i kjeften.

– Kjør rett på tung belastning, sa eg, eg er god og varm. (Eg føler meg litt tøff når eg seier sånne ting.) Eg hadde sprunge tjue minutt på mølle, og kjørt meg opp i to treminutts drag, først til puls 160, så til 170.

Då eg passerte oksygenopptak 37 (som var min maks i mars) var eg vel knapt andpusten. Då eg passerte 45, som var min maks i juni, tenkte eg at dette er intensiteten eg vanlegvis held på Fosstølen, hvilket betyr at eg kunne ha gjort det i ein halv time. På O2 49 begynte det å butte. Pulsen passerte 172-173, og tenkte at no er eg halvvegs i den siste spurten mot Fosstølen. Siri Marte ropte inn i øyret mitt at no er det berre ti sekund til neste måling, hold ut, hold ut! Og så la ho på tre prosent stigning til. No kjente eg at kreftene rann ut av meg, og så, plutseleg tenkte eg at nei, no MÅ du gi deg, og då slo min hemmelege plan inn: Frå eg tenkte det hadde eg bestemt meg for at eg skulle tenke «No er du på veg inn i siste svingen før snuplassen på Fosstølen», og då rekk eg å puste inn og ut tjue gonger, og so er eg framme. Eg telte ned. Inn, ut, nitten. Inn, ut, atten. Siri Marte ropte eitt eller anna, men eg fekk ikkje med meg eit grann av det. Akkurat idet eg kom til null ropte Siri Marte «Fem sekund til neste måling», men då hadde eg bestemt meg, sette beina på sidene og slamra inn den raude knappen.  Pulsen min var akkurat då oppe i 183. Vanlegvis stig han to slag idet eg avsluttar eit tungt drag, men det gjorde han ikkje no. Datt tvert imot rett til 181 umiddelbart. Eg trur det kanskje betyr at dette er min virkelige makspuls.  Etterpå følte eg at eg pusta bloddamp, det vart brått veldig tungt å stå oppreist, så det vart rett ut på golvet, og eg var så gloheit at eg måtte trekke opp skjorta litt for ikkje å smelte.

Blodsmak-treninga dei siste to vekene har altså auka min evne til å presse meg maksimalt. Dei seier at makspuls ikkje kan trenast, men høyr på dette:

For halvanna år sidan sykla eg ei motbakke-intervalløkt på Gaularfjellet som eg har fortalt om mange gonger på forestillingane mine. Det showet har eg originalmanuset til, skrive for over eitt år sidan, og der står det at på puls 170 fekk eg synsforstyrrelsar og måtte riste på hodet for ikkje å miste bevisstheten. Eg velta ut i ei grøft, og kom meg ikkje ikkje opp derfrå på ti minutt.

Så, då eg testa O2 i juni, kom eg opp i puls 173, men då følte eg og at eg heldt på å misse bevisstheten.

Eg er ikkje død. Eg er meir levande enn eg har vore i heile mitt liv. Foto: Marita Aarekol

I oktober skulle eg lage video av meg sjølv under ei intervall-økt, og det gjorde vi ved at eg jogga opp ein motbakke, og så kjørte kona mi bil framfor, mens dottra mi (14) sat i bagasjerommet og filma meg. Det gjekk litt fort, så eg ropte «saktare», og det syntes kona mi høyrtest akkurat ut som «fortare», så ho gav litt gass. Eg visste at dette kom vi ikkje til å gjere eit andre forsøk på, så her var det berre å henge på.  Den dagen kom eg opp i puls 174.

I november gjekk eg på Fosstølen med min venn Vidar (som er super-sprek), og vi gjekk for eit seriøst rekordforsøk heilt frå botnen av. Siste stykket sprang vi, Vidar heile tida ti meter framfor, og der greidde han å tyne meg opp i puls 177.

Og i går, etter 14 dagars systematisk presse-maksgrense-trening var eg altså oppe i puls 183.

Det er mulig at makspulsen er genetisk determinert og ikkje kan påvirkast, men det som er heilt sikkert, er at ein person si evne til å presse seg opp mot makspuls, det vil seie å tåle den smerte og det ubehag som dette medfører, den kan i betydelig grad trenast opp. Ein tankevekkar er det jo og at å yte på puls 170, som for halvanna år sidan var = døden, kostar meg no veldig lite.

Det dette og får konsekvensar for, er pulsgrensene eg heretter må trene etter. Før har eg operert med ei nedre grense for  intervalløktene, som skal ligge på 80-90 % av makspuls, på 140.  No må dei ligge på 146. Det vil igjen medføre at eg får større utbytte av treninga. Kor skal dette stoppe? Det går eg faktisk og tenker litt på om dagen.

Kommentarer