Jagar mosjonistar

Då er vi i gang med noko eg har gleda meg til lenge: Skisesongen. Og det vart akkurat så kjekt som eg hadde håpt på. Etter kvart, i alle fall…

Han kjem bak deg. Og han kjem for å ta deg.

All framgang dette året har komt så sakte og forsiktig at eg faktisk stort sett har måtta måle meg til det, altså med stoppeklokke eller i distanse. Sjølv om formen kjem fort, så merkar du ikkje så godt frå dag til dag at «sjå her, hja, no spring eg lett og fort som ein gaselle, mens i går trampa eg rundt som eit nashorn».

MEN: Eg har lenge tenkt på at når skisesongen begynner, då veg eg 35 kilo mindre enn sist eg hadde på meg skia, eg har eit O2-opptak som er 50 % høgare, eg er nesten dobbelt så sterk i beina, det må jo bli ein revolusjon, rett og slett.

Eg skal innrømme at første tur (og for så vidt andre og tredje) vart små skuffelsar. For det første måtte endringa inntreffe, ikkje berre i kroppen min, men også i hovudet mitt. Det kan ikkje bli bedring hvis du fortset å labbe rundt i det tempoet du alltid har gjort. Skal det gå fortare, må du faktisk bruke den formen du har, jogge i bakkane, og lange ut på flatene. For det andre hadde eg visse tekniske problem, idet skia mine (Fischer Classic Plus) er berekna på folk som anten er råsterke i beina (Ole Einar Bjørndalen har visst gått på slike), eller veg 120 kilo (meg for eitt år sidan). Det inneber at ein mann på 90 kilo ikkje greier å få festevoksen ned i bakken med mindre han gyngar godt i steget.  Men det betyr igjen at festevoksen aldri tar nedi, anna enn når du med vilje trampar skia i bakken, og dermed blir glien ein heilt anna enn eg har vore vant med. Eg blir altså tvungen til å gå fortare i motbakkane, og på flatene og i unnabakkane går det (pga glien) mykje fortare enn før.

Det tok meg ca fem dagar (sju turar) før eg følte at formen løsna. Men då skal eg seie deg det smalt. I forgårs gjekk eg først 12 kilometer midt på dag, hadde truffe perfekt med smøringa, og jogga opp den første bakken i trekilometeren. Så kjem ei lang, svinga flate, ca 300 m. Der ser eg ein mosjonist lenger framme. Eg stakar på, tek fort innpå, har bedre gli enn han. Så kjem ein slak motbakke, der joggar eg etter, tek fint innpå der og. Så ein liten unnabakke som endar i ein litt vel krapp sving, der kunne eg ha glidd han heilt inn, om ikkje det var for at eg er litt redd den svingen og må ploge litt. Så kjem kanskje hundre meter med litt småkupert terreng, der kjører eg på, og kjem heilt opp på bakskia hans. No slår pulsen hardt.  Så kjem det som er blitt yndlingsplassen min til å rykke forbi folk. No får eg nemlig 70 meter flatt terreng, nok til at eg får att pusten, så glir vi ned i ei dump, og så kjem ein bratt fiskebeinsbakke som er lang nok til at dei færraste greier å spurte opp heile bakken. Men det gjer eg.

På veg ned i dumpa dreg eg pusten djupt tre gangar, og så røskar eg til med seks-sju skøytetak, så eg skyt forbi han, skøytar så langt inn i bakken som eg greier, og så SPRING EG SÅ FORT EG GREIER Å STOKKE SKIA, heilt opp bakken. På toppen har eg sikkert puls 180, men no kjem ei lang flate der han ikkje har sjans å ta meg igjen, og så kjem ein lang glibakke, og der kan han bokstaveleg tala vinke meg farvel.  «Lerka jublar høgt i sky». Det var tanken som slo meg, idet eg glei ned den lange bakken. Fy fader, som eg knuste han. Eg! Kven skulle trudd det? Det er jo eg som alltid har vore han som måtte småtrakke opp den bakken, mens andre kostar forbi. Det er jo eg som alltid har måtta seie til meg sjølv at «Det viktigste er no kor lenge ein skal være ute».  Eg må nesten le av fryd. Men berre nesten. For pusten må sparast. For no kjem ein kilometer slak motbakke, og eg ser ein mosjonist til…

Tolv kilometer heldt eg i dette tempoet, så var eg heilt ferdig. Undervegs passert eg sikkert femti stykker, og berre to gikk forbi meg. (Skøytarane reknar eg ikkje med. Dei er way out of my league.) Sette meg i bilen, køyrte heim, spiste, sette meg i ein stol, var så sleten at det var ikkje nok, måtte rett og slett gå og legge meg ein halvtime. Sto opp att, drakk to koppar kaffi, og vart sitjande og tenke: Det er jo folk der om kvelden og? Kven seier at ikkje eg kan ta ein tur til? For opp att, gjekk  ti kilometer til, men andre gangen eg rykka forbi og sprang opp fiskebeinsbakken (den fjerde på ein dag), kjente eg at dette ville eg ikkje greie ein gong til.

Og dette er så rasandemoro, at eg får berre ikkje nok av det. I går gjekk eg først (på dagtid) ein 21 kilometers tur med dottra mi, i ganske friskt tempo, og så, om kvelden nye ti kilometer mosjonistjakt saman med ein kamerat. Vi storkoste oss. FOR ei jul dette skal bli! Eg trur jammen julematen skal få bein å gå på, eg. Siste veging, forresten: 88,4 kilo.

Nedi skodda der fins det bygder, der det bur folk, som går rundt i gråvær og skodde. Og her er eg med dottra mi. Eg ler av fryd.

 

Kommentarer

  • Anonym

    Ny tur ut på ski om kvelden for å jakte på enda flere mosjonister… festlig!!

    Med den forvandlingen godeste Ole Johannes har gjennomgått på under 1 år, tror jeg han kan ønske seg skøyteski til jul. En mann på 88 kg som har tyngdeoverføring til å trakke ned pinnstive ski beregnet for en megatungvekter på 120, kan ganske sikkert lære seg skøyteteknikken også. «That league is well within your reach!»

    Jusprofessor Gjertsen konverterte til skøytestilen da han var eldre enn OJ er nå, se bare denne artikkelen på bt.no/sprek fra februar i år: http://sprek.bt.no/sprek/1755041Skoyteprofessoren-386.html

  • http://www.facebook.com/roy.sunde Roy Sunde

    kva glede får du av slike kommentarar?

  • Jukseadresse

    Dette er ein test

  • Olafen

    Du e tøff maratonmannen som fortsatt står på og samtidig holder oss oppdatert!! Måtte vel kjørt bil for å holde deg bak meg.. hehehehehe

  • Anonym

    skal folk spørredeg om hva som de skal mene?
    ThM

  • Gunnar

    dette er imponerande, og irriterande. Har alltid likt å lese bloggen din, og rekna meg sjølv som ein veltrent og lettbeint kar med mine 92 kg. Ledd litt bedrevitande av slike overtunge folk utan sjølvdisiplin. men no har du altså gått forbi meg i vekt, og fossar fortsatt framover, både på ski og i vekt.
    Er det ikkje snart på tida at du får et tilbakefall, lat oss seie nå i jula, at du et deg mett og ut av form, og går opp ein 5-6 kg, og slit litt. Det bli bli lettare for oss andre å identifisera oss med deg.
    Om du held fram på dette viset kan du begynne med foredrag på toppidrettsenteret, og reise rundt i lag med Bjørn Dæhli, Ole Einar Bjørndalen, Ivar Ballangrud og alle andre store idrettsheltar.
    For oss mosjonistar morar du ikkje lenger, du berre irriterer

  • Ole Johannes Øvretveit

    Ahh, takk for den, Gunnar, lurte lenge på om eg skulle gå på ski i kveld, eller sy rullepølser. Då blir det rullepølser. Og kanskje ti kilometer mosjonist-jakt. Så kan eg ete litt av rullepølsa og…

  • Fiffige Finn

    Som dei seier i dataspelmiljøet: Hatarane kjem alltid til å hate.

    Det å irritere hatefulle mosjonistar er ei glede i seg sjølv. Det er ikkje noko i vegen med mosjonistar, berre mosjonistar som eigentleg vil vere toppidretssutøvarar, men som ikkje har tælet. Dei misnøgde mosjonistane.

  • oystein

    Haha, det var litt av et bilde ja. Hadde jeg sett en slik mann komme bak meg, tror jeg jeg hadde gitt på det jeg hadde av krefter, og litt til. Du er jo helt vill i blikket :p

    88,4kg og enda en god uke igjen av året. Tror jeg hadde ganske rett da jeg tippet 88kg til 1 januar.

  • http://www.facebook.com/people/Odd-Anders-Vie/531415041 Odd Anders Vie

    Du fortsetter å imponere, vekta du er nede i no kjem eg aldri til å sjå. Ser eg deg i skiløypa skal eg gjere det eg greier for å halde deg bak meg :)

  • http://www.facebook.com/profile.php?id=903745540 Ole B B Karlsen

    Eg gikk glipp av boksigneringen din på Galleriet, men du er ein inspirasjon og bloggen din motiverar meg! Men først og fremst ein knakande god underholdning! Fortsett sånn Johannes! du er ein ekte kvardagshelt

  • Gotep

    Eg e imponert av pågangsmotet ditt og den formen du har fått.
    Det er vel viljen og «noe oppmerksomhet» som holder deg gående, men, for all del, forsett til du løper maraton. Derimot skal du ikke «mobbe» mosjonister. Kanskje det er en person som trener seg opp etter en ulykke, operasjon osv. eller nettopp er begynt å trene og er stolt av seg selv. Uansett, lykke til.

  • Anonym

    Ja, der var du forbi meg også Ole Johannes :) Har alltid vært aktiv selv og har bl.a. 2 år på høgskole med idrett og friluftsliv for noen år tilbake og idealvekten har gått fra 84 til 90. Men du inspirerer virkelig med din blogg. Særlig det at du trener så mye ute og i naturen synes jeg er utrolig fint. Gleder meg til neste innlegg.

    All ære til deg.

  • irene

    Takk for mange kjekke og inspirerande innlegg på bloggen din.
    No må du kosa deg med dine og ha ei riktig god jul!

  • Arvid

    Hvorfor slettet du siste blogginnlegg? Har du ombestemt deg? Å ikke løpe maraton er å feile, syns nå jeg. Kjedelig om du skal gi deg på målstreken og ende med en halvveis løsning som dette terrengløpet er. Lær deg å løpe på tå, så går det minimalt utover hælene. Stå på!