Rundar av med halvmaraton

Standard turutrrustning for tida. Legg merke til hodelykta på hatten. Eg er ikkje mørkredd. Det er EG som er faren som lurar i mørkret.

I min ungdom vart det tidvis annonsert i diverse kulørte magasiner for ein type finare selskapstøy som hadde ein avansert detalj dei kalla «fransk opning». Dette var ein finesse som såg ut til å ha den praktiske anvendelse at ein kunne gå på toalettet utan å ta av seg trusa.  Ein skulle tru at dette var annonser ein fann spesielt i tidsskrift som retta seg mot den villmarks- og langdistanseløp-interesserte del av befolkninga. Merkeleg nok fann ein dei oftare i magasin av typen som påberopte seg å rapportere frå aktuelle hendingar, men som i så fall definerte dette ut frå eit nokså snevert perspektiv, der fokus syntes å være at slekt skal følgje slekters gang. Tilnærminga til emnet låg nok meir på det praktiske enn det filosofiske plan. I tillegg var det nokså detaljerte bilete av kvinner som ein ville tenke seg mange menn kunne betrakte som spesielt veleigna til å føre slekter vidare. Til øvingsformål, i det minste.Du skjønar nok at dette var tankevekkande litteratur for ein fjorten år gamal gut. Eg føler det naudsynt å opplyse at eg aldri faktisk har vore i nærleiken av ein fransk opning. Ikkje som eg veit om, i alle fall. Og i så fall var nok det kanskje like godt.

Og kor vil eg med dette? Jau, for no ser det ut som om Maratonmannen-prosjektet går mot, om ikkje ei fransk opning, så i alle fall ei fransk avslutning.  Det blir nemlig ikkje maraton på meg.

Dei som las papir-BT nyttårsafta har kanskje alt fått det med seg:  Trenaren min, Siri Marte Hollekim, seier at eit maraton kan eg berre gløyme. Då eg var på kondis-test på NTNU i Trondheim før jul, snakka vi om å sette ein dato for eit maraton i vår, og først vart Siri Marte veldig tankefull, og så kom det:

– Ole Johannes, det der må eg desverre seie til deg, at det kan du berre gløyme. Då du sprang åtte kilometer i sommar og ikkje kunne gå på hælen neste dag, sa eg til deg at dette måtte du være veldig forsiktig med, for ellers kunne dette bli nokodu ikke blir kvitt og noe som set deg heilt ut av spel. No har eg tenkt på det, og dette fekk du i Berlin i sommar og, etter ein dag vandring på asfalt, og du fekk det i jakta, og eg kjem på at du har fortalt at dette har du hatt av og til i fleire år. Og det går opp for meg at dette er ikkje noko som kan bli kronisk, det er nok berre å innsjå at det allereie er blitt noko vi kan sjå på som kronisk. Dette vil kunne øydelegge kontinuiteten i treninga di  og rett og slett øydelegge hele opplegget. Og opplegget er at du skal være up and going resten av livet. Og at du skal komme deg gjennom ei oppkøyring til eit maraton på asfalt utan at hælen din set deg heilt ut av spel underveis, det har eg rett og slett ikkje noko tru på.

– Men eg tenkte at no når eg er komt under nitti kilo, så kunne eg i alle fall prøve ein månad på tredemølle og sjå korleis det går? sa eg.

– Nei, det er totalt bortkasta. Og faktisk verre enn det: Du kjem til å få ein akutt betennelse i hælen igjen, og så er du sett ut av spel i kanskje vekevis, og så er du faktisk sett tilbake i forhold til i dag. Du må innsjå at der har du fått deg ein kompis som du kanskje kjem til å ha livet ut. Og det kan gå fint, det, så lenge du ikkje overbelastar han, så er det jo greit, ikkje sant?

Og det er jo det.

– Men terreng, ser du, unge mann, det er noko heilt anna. Der har vi sett at du kan gå 25 km med sekk og hagle på ein dag utan problem, og det er fordi underlaget er mjukare og meir variert. Det gjer det fysisk meir utfordrande per kilometer, men det er skademessig langt gunstigare. Så eg seier til deg, som eg har lyst til å seie til mange mosjonistar: Gå ikkje for eit maraton på asfalt, som kan påføre deg skadar som er så alvorlige at dei øydelegg heile prosjektet ditt. Finn deg eit halvmaraton terrengløp. Det er fysisk sett nesten like utfordrande, og frå eit helsemessig synspunkt langt, langt sunnare.

Eg skal innrømme at eg vart litt letta. For, som Aasmund Olavsson Vinje ein gong sa det: «Eg er som vel du veit ein fjellets mannn, og fer til fjells so tidt eg kan». Der er der eg kjenner at eg lever, det er der eg får lyst til å flyge over viddene som eit dyr på sprang. Og innerst inne har eg kanskje og kjent på meg, at alle dei mil på asfalt som opptrening til eit maraton krev, det ville føtene mine aldri greie. Eg er blitt godt kjent med føtene mine dette året, og eg veit etter kvart kva dei tålar og kva dei ikkje tålar.

Så no er planen å runde av dette prosjektet med eit halvmaraton i terreng i mars/april ein gong. På den tid trur eg ikkje eg finn noko løp i Norge, ettersom teleløysing og snø vel er ei problemstilling dei fleste stader. Eg har leita litt på nettet, og det eg så langt har funne er eit løp i California (langt og dyrt), og eg har funne nokre i England som ser ut til å være ein slags gjørmebrytingsfestivalar, deriblant «Cornwall Fire & Rescue Service Half Marathon» , som ser ut til å ha tre deltakarar. Men så får eg melding frå min gamle studiekamerat Henning, som bur i Frankrike: Han har funne eit 20 km løp med 940 høgdemeter som går langs den gamle romerveien i Ardeche i Rhône-Alpes i Frankrike. 20 kilometer i pittoresk, syd-fransk terreng, langs ein veg som vart bygda av romarane for 2500 år sidan. Det er veldig fristande akkurat no. Eg lokkar på kona mi, og nokre vennepar, og det ser ut som det går mot ei fransk avslutning.

Okei, så vart det ikkje maraton på meg, men når dette løpet er gjennomført, vil eg på litt over eitt år ha gått frå å være ein svak, dissande, prustande fettklump, til ein stram, veltrent mann som er i stand til å springe opp eit 900 meter høgt fjell og 20 kilometer vidare på under fire timar (reknar med det). For dei aller fleste praktiske formål vil eg tru det er meir enn godt nok.

Skulle nokon ha eit bedre forslag, så kom med det i kommentarfeltet.

 

Kommentarer