Juleflesket nesten borte

Eg lærte to ting i jula: 1: At kvar kvar einaste unødvendig kalori som fer forbi klistrar seg til kroppen min, og 2: At fysisk aktivitet begrensar skaden.

harde tak. Med vondt skal vondt fordrivast. Og då blir det så godt... (Foto: Marita Aarekol)

Jula vart ei berg-og dalbane av følelsar og ikkje minst endringar i innstilling til kosthold. Eg kunne våkne om morgonen og tenke «NEI! Og den kveldsmaten eg spiste i går! Ojojoj. Kalde middagsrestar og poteter og saus og hjelpe meg, eg la sikkert på meg eit halvt kilo berre i natt. Å nei! KVA ER DETTE? Er eg blitt litt tjukkare i overarmen? Nei, NO er det firkorn og salat resten av jula!

Og så, ti minutt seinare, i stova, med grålysning ute, fyr i ovnen, stearinlys i alle vinduskarmar og tre døtre som spelar Nintendo på storskjerm og klukkar og ler: Skal eg gå ut og trave åleine i ruskeveret, når eg kan sitte her med eldstedotter mi, som er heime frå Oslo berre no i jula, og drikke fem koppar kaffi på rad og ete sjokoladekake til frokost? Nei, la oss sjå litt på desse julekakene.

Så, tre timar seinare, i skiløypa: Burde eg ta med ein neve dadlar, i tilfelle eg går tom etter ti kilometer, så eg greier dei siste åtte? Eller har eg kanskje rikelig med energi etter kakekøyret i dag morges? Ja. Okei, ut på to timars skitur utan ein matsmule i sekken. Og så svelt eg meg gjennom dei siste ti kilometrane. Kjem heim heilt nedkjørt og skjelven.  

Så, middag: Skal eg sitje her og sjå på at dei andre et rypeposteien som eg sjølv har laga? Nei. Og er no rypepostei noko godt, hvis ikkje ein får fløytesaus til? Nei. Og send meg forresten potetene.

Om kvelden: Juleøl, seier du? Javel? Og dette har du brygga sjølv? Ja, eg er no ikkje så uhøfleg at eg ikkje smakar på det, kan du skjøne. Sjå, her er forresten ei baconpølse som eg fekk av bror min til jul. Best å få ho unna, så ho ikkje ligg her til langt ut i januar, hahaha. Ja, du veit, det er ikkje det ein et mellom jul og nyttår ein blir feit av, det er…. Ja, du kjenner fortsettelsen.

Neste morgon: Å NEI!! Og DEN kveldsmaten eg spiste i går!

Og slik gjekk dagane. Eg gjekk ikkje på vekta. Tenkte på det rundt nyttårsafta, men gjorde det ikkje. Det passte seg ikkje slik. Natt til andre januar hadde eg ein draum. Ein fæl draum. Den gjekk ut på at eg gjekk på vekta, og så viste den 120,3 kilo. Noko gale med den, antakeleg. Så gjekk eg på ein gong til. 119,9. Omatt og omatt, men stadig vekk rundt 120 kilo. Så seier eg til ungane: Eg trur det er noko gale med vekta. Den viser at eg er 120 kilo. Og så ser ungane på kvarandre. Og så på kona mi. Og så på meg. Og så blir alle litt raude i fjeset, og så blir det veldig stille i rommet.  

Eg fekk ikkje sove meir. Klokka fem sto eg opp, gjekk ned, heilt åleine, kliss naken, og stilte meg på vekta. 93,8 kilo. Hm. 5 kilo opp på fjorten dagar. Det lavaste vekta viste før jul var 88,7, og det var etter ei knallhard treningsøkt.  Minst to av dei fem kiloa kan nok tilskrivast tarminnhald (ekkelt ord) og vatn i kroppen, men at eg har lagt på meg mellom to og tre kilo, det er nok heilt sikkert. Sånn går det.

– Jaja, sa eg til eg meg sjølv, det har vore ei fin jul, eg har ete mykje god mat, og eg har i alle fall hatt ei hard mosjonsøkt kvar einaste dag, så formen er i alle fall intakt. Dei tre kiloa blir nok vekke ganske fort, så snart eg er tilbake til to-økter-for-dag-og-sunn-mat-regimet igjen.

 Og når eg no tør å fortelje om dette, så er det sjølvsagt fordi at det er akkurat slik det har gått. Rett etter ein kanontur i går er eg no komen under 90 kilo (89,9, for å være heilt nøyaktig), og to av dei tre kiloa er definitivt vekke. Eg begynner til og med å lure på om det siste kiloet er blitt til musklar. All skøytinga i jula har i alle fall gjort noko heilt påtakelig med skuldrane mine, dei stikk ut av alle trøyer eg går med, og til og med i det blasse speglbildet i kjøkkenvinduet kan eg sjå at det er ein mann som står der og ser på meg.

Eit anna, verkeleg tankevekkande aspekt ved det å ta seg eit fjorten dagars kvileskjær, det er at kroppen (og ikkje minst sinnet) begynner å boble av overskudd og energi. Kva det held på å gjere med livet mitt, skal vi komme tilbake til på fredag.

Kommentarer