Nei til slankeoperasjon

Stotring, stamming og fårete glis: Maratonmannen slår til igjen. Bra eg hadde pussa tenna, i alle fall.

I går vart eg intervjua på Vestlandsrevyen i forbindelse med eit innslag om fedmeoperasjonar. Det var ganske pinleg. Du finn det her: Det begynte med at programleiaren introduserte meg som «Ole Johannes Øvretveit». berre det. Ikkje noko om kvifor eg vart intervjua, at eg hadde gått ned femti kilo på naturleg vis, eller at eg i eit år har skrive ein blogg om slanking og kom-i-form-tema, ingen ting. Berre «Ole Johannes Øvretveit». Omtrent som Kongen eller Jens. Kanskje tenkte dei at eg er så kjent at nærare introduksjon var unødvendig. Eg trur ikkje det. Vel har eg eit oppblåst sjølvbilde, men eg er jo ikkje gal. Studerer du innslaget, kan du tenke over at alt dette tenkte eg mens eg svara på det første spørsmålet. Godt eg hadde øvd på det.  Så kjem det andre spørsmålet, og det hadde eg avtalt med programleiaren på førehand: – Ja, kva er medisinen, då? Korleis vil du løyse problemet med overvekt? Men så spør han ikkje om det. Han spør: – Kvifor er du så opprørt?

Opprørt? Eg har då vel ikkje sagt eit ord om at eg er opprørt? Eg er no vel ikkje opprørt over at invalide menneske som held på å døy av overvekt, får hjelp? No skal du hugse på at dette gjekk på direkte TV. No er det at eg begynner å stotre og stamme. Dei neste tretti sekundane hugsar eg svært lite av, men så dukka det ein tanke opp i hovudet mitt: Gi blanke i kva han spør om, neste gong han spør deg om noko, så svarar du heilt god dag mann, økseskaft, og så hamrar du inn bodskapen din. Og det gjorde eg. 45-sekundsversjonen, rett nok.

Heile historia får du her:

For tre år sidan fekk eg plass på venteliste til slankeoperasjon ved sentralsjukehuset i Førde. Eg fortalde det til ein venn eg har som er lege. Hanvart heilt rysta:

– Det må du ikkje finne på å gjere, Ole Johannes! Gjer du det, vil du ha mista ein vesentlig del av din livskvalitet for alltid! Du vil aldri meir kunne setje deg til å ete ein stor, god julemiddag, du vil aldri meir kunne komme fram til ei hytte på Hardangervidda ein sommarettermiddag, tørke sveitten, velte av deg sekken og setje deg i solveggen og skylle ned ein halvliter iskaldt øl, i alt du gjer resten av livet vil du måtte ta hensyn til at skal du kunne fungere, så må du heile tida passe på å ete pittesmå måltid, jamnt og trutt, heile dagen. Er du klar over kor mange som angrar bittert på at dei tek slike operasjonar? Er du klar over kor mange som får djupe depresjonar etterpå, kor mange som faktisk tek livet av seg? Du er jo ein fyr som likar deg ute i skog og mark, du veit kva som skal til for å komme ut av dette, alt du treng er å gjere det? Og du veit jo at det er kjekt å gjere det? Du skal jo faktisk berre prioritere det? Ta deg saman, mann, og løys problemet ditt på eiga hand. Du veit at frå den dagen du gjer det, så vil livet ditt bli bedre og bedre. Og ein ting til, Ole Johannes: At du har stilt deg på liste for slankeoperasjon, det er bra. For det fortel meg at du har innsett at du har eit problem. At du får plass på venteliste betyr at legane er einige om at du har eit problem. Men no må du innsjå, at enten tek du deg saman og gjer noko med det sjølv, eller så får du berre gjere det, då: la ein lege lemleste magesekken din, og gå svolten resten av livet. Det trur eg ikkje du har lyst til.

Dette var ein av fleire ting som gjorde at eg til slutt manna meg opp. At eg fekk urinsyregikt var ein anna faktor, det trur eg kanskje eg har beskrive ein gong før her på bloggen, at eg vart utfordra av Kurt Asle Arvesen til å sykle Gaularfjellsrittet var vel det som til slutt avgjorde saka.

Og det vil eg seie, og det seier eg til alle som interessert i å høyre på (og sikkert ein del fleire enn det og): At kvar einaste dag, sidan eg begynte på dette prosjektet, kvar einaste dag har vore bedre enn dei aller fleste av dei eg hadde før det. Eg hugsar godt den dagen eg kom heim etter den første turen etter at eg hadde sett i gang, komme heim, sige ned i ein stol og tenke: Så lett var faktisk det, Ole Johannes. Alt du treng, er å gjere dette kvar dag, så endar du opp som ein slank, sprek og frisk mann.  Blogginnlegget eg skreiv den kvelden finn du her:

Og her sit eg i dag. 88 kilo, kan ta armhevingar med klapp, og skøyte tolv kilometer på trått føre. Og eg kan ete ein julemiddag, og skylle den ned med ein liter øl. Det er viktig, det og.

Kunne eg i det heile tatt ha gjort dei tunga eg synes er kjekt, om eg hadde latt meg slankeoperere? Eg trur ikkje det. Det kjekkaste eg veit, er å gå på rypejakt, eller lange skiturar i fjellet. Eg slik dag står eg opp, drikk to koppar kaffi, og så et eg ein så stor porsjon med firkorn, melk, frukt og yoghurt som eg berre greier å stappe i meg. 6 dl i alt.  Så, annakvar time i løpet av turen, tar eg pause og et ei diger, dobbel grovbrødskive med brunost og syltetøy, skyller i meg ein halv liter vatn, pluss ein eller to koppar kaffi. Pluss kanskje eit eple eller ein banan. Og når dagen er slutt, skjelv eg av blodsukkermangel likevel. Korleis i all verden skulle eg ha klart det, viss eg var slankeoperert og fekk vondt i magen, diare og oppkast av porsjonar på meir enn 2 desiliter (dei får nemlig det)?

Nei, takk, min kjære legevenn, tusen takk. Eg trur trygt vi kan seie at du redda livet mitt. Den kjekke delen av det, i alle fall.

Og la det være sagt: Manglar du eit bein, eller på annan måte er avskoren frå å løyse problema dine med mosjon, så er eg glad for at det finst slankseoperasjonar. Det er supert, det. Men kom ikkje her med vondt i foten (ergometersykkel og video) eller fortell meg at du har øydelagt forbrenninga di med slankekurar. Viss du går ein times tur, så må jo kroppen din fyre med noko, vel? Forbrenn du luft, kanskje?

Kommentarer