Vil gå på hundre hytter

Eit stort, vanvittig, hårete mål har hjelpt mang ein stakkar. No veit eg kor vegen går vidare, etter halvmaraton: På hundre hytter.

Eg har lurt litt på kva som skulle halde meg gåande (bokstavelig talt) etter halvmaraton (jada, det er berre 20 km, men eg skal no gå litt rundt omkring den dagen og? Eg kallar det halvmaraton. Når dagen er omme vil eg ha flytta meg over 21 kilometer.) Men altså, vegen vidare. Maten skal ikkje være noko problem. Eg syns eg et godt, eg, og eg greier fint å unnvære franske ostar og feite pølser. Sånn stort sett, i alle fall. Og det er godt nok, det. Men mosjonen? Kva skal dra meg ut i mørket og regnet dei kveldane dørstokken ligg der som aller høgast? Jau, no veit eg det:

Eg fekk ideen mens eg sat på toalettet. Det er heilt sant. Der, på golvet framfor meg, låg bladet «Turtid Vinter 2012», eit slags medlemsblad for DNT Oslo og omegn som eg fekk saman med eit nummer av Fjell og Vidde. Dette bladet har eg kika i no og då, og då gjerne i tenksomme stunder heilt for meg sjølv. 

Bladet mitt. Tenk at denne sida har eg bladd forbi mange gangar. Skal tru om nøkkelen er av ekte gull?

Og onsdag kveld fall blikket mitt på ei side eg har sett mange gonger, men ikkje gidda å lese. No ser eg kva som står der: Bli hyttesamler – få Gullnøkkel!

Det er bilde av gullnøkkelen og. Han glinser og ser veldig fin ut. Det står ein aura rundt gullnøkkelen. For å få ein slik gullnøkkel må du ha vore på hundre hytter. Eg tippar dei meinar DNT-hytter.

Tenk då, for eit sus det skal gå gjennom turfølget, ein dag eg kjem fram til Gjegnabu eller Langt-inni-kaldaste-bu med ein gjeng, og vi spar oss fram til trammen, og der heng DNT-hengelåsen, og alle står tvilrådige og ser på kvarandre, og så seier eg: «Slapp av, dette fiksar eg!». Og så, frå ei lita lomme inst i den store jakka mi, fiskar eg fram ein liten nøkkel som eg stikk i låsen som opnar døra til Paradis. Og alle skal veksle forte blikk, for dei har alle saman sett det gylne glimtet i handa mi: Han har ein GULLNØKKEL! The Man With The Golden Key, intet mindre. Han er ein gamal fjellfant som har vore på hundre hytter, tenk på det!

Men tenk om dei ikkje la merke til det? Nei, eg trur nok kanskje eg heller skulle hengt han i ei kjede om halsen. Den hadde gjort seg godt mot det kolsvarte brystet på ulltrøya mi, mot ein bakgrunn av barka, solbrun hud og gråkvitt hår. No snakkar vi Morgan Kane.

Viss ikkje eg rett og slett skulle fått tatovert han i panna. Ta det eit skritt lenger enn Ari Behn, rett og slett. Vel fekk han prinsessa, men på denne måten skal eg få halve kongeriket.

For for å gå på hundre hytter, då skal du jammen fare vidt omkring, So langt i mitt liv har eg vore på følgjande hytter:

Massbu, Nipebu og Gjegnabu, alle i Sogn og Fjordane.

Rauhelleren, Hein Seter, Krækkja, Tuva, Hakkesetstølen og Stigstuv, alle på Hardangervidda.

Solrenningen, Åsedalen og Selhamarhytta, alle i Stølsheimen.

Runde fyr på Sunnmøre.

I alt 13. Eg manglar altså 87 hytter. Og alle som har gått til ei turisthytte, veit at kjekkare måte å tilbringe ei helg på, det fins nesten ikkje. Fredag ettermiddag/kveld: Køyre dit turen byrjar, og så traske to-tre-fire timar, på merka sti, og så komme fram til ei hytte ein aldri før har vore på, suge inn nye inntrykk, fyre i ovnen, lage seg mat som smakar bedre enn alt du får i sivilisasjonen (mat på tur gjer jo som regel det), og så, neste dag, vakne etter ei god natts djup søvn (søvn på fjelltur er som regel det), ete ein god, lang frokost, smøre nista, fylle tremosen, pakke sekken og så traske gjennom vakker natur (slike hytter ligg som regel i vakker natur), fram til neste hytte, og så alt saman ein gong til. Så heim att søndag, og i løpet av helga har du fått ti, kanskje tjue timar god mosjon. Nok til å halde alderstillegget på avstand ei veke til.

På ei slik helg kan ein som regel legge opp til å klare to hytter. Til vanleg vil det være vanskeleg å ta ei slik helg annakvar helg, men i feriane kan ein jo fort ta fem hytter på ei veke. Set ein seg eit slikt mål, vil ein altså kunne rekne med å ta gjennomsnittleg ei hytte i veka. 87 hytter er med andre ord realistisk å ta på to år, i alle fall tre.

Og i alle desse tre åra vil eg ha ein hobby som viser meg vakre turar og stader, stader eg heilt sikkert gjerne vil tilbake til. Eg vil møte nye menneske, kanskje få vener eg skal ha resten av livet, vener som kan fortelle meg om fantastiske turar og turgleder (folk på slike hytter kan gjerne det). Og, viktigast av alt: Eg vil ha ein hobby som inspirerer meg til å halde meg i form, og dermed halde vekta nede.

Eg begynner å sjå konturane av kva det er eg held på med: Det handlar ikkje om ein kur. Det handlar om eit heilt nytt liv.

Du ser at det maglar noko her, ikkje sant? Ein Gullnøkkel. Det er fordi at eit kjede kan kven som helst kjøpe seg, men ein Gullnøkkel må ein gjere seg fortent til.

Kommentarer

  • søstra

    Så kjekt med planer om gullnøkkel :-)

  • Anonym

    Du byrjar sjå sjukeleg tunn ut, Maratonmannen.

  • Ghesselberg

    Utrolig god ide. Du kunne til og med invitere leserene til aa bli med paa fest da du rekke 100. Jeg er paa Norway beso’k bare en gang i blant, men en untakk for saan fest langt ut i naturen er mulig. Jeg spanderer venison jerky fra Wisconsin.

  • Kjell Arne Hjelbrekke

    Ole Johannes, eg trur kan glede deg med att du alt har ar våre på ei 14 DNT .
    Meinar de ståt i hytte boba på Lonngevass hytta att de var der 18-19.04 .2011.
    på veg frå Nes i Naustdal til Gjengedal.
    http://www.istur.no/index.php?fo_id=1569

  • Ast Kals

    Du e ein skikkeleg turlag-ambassadør og i dag peisa du jammen forbi meg ved damefallet. Kva vert det neste? Hytteplanen er kjempe og tenk berre gå og gå og sleppe tenkje vedlikehald m.m.og berre vaske opp etter seg. Lukke til og eg vil prøve på gull eg au, før eg e dau!

  • Ninadidriksen

    God ide du har fått! Lykke til og ha mange gode turer!
    Hilsen Nina Didriksen, innehaver av gullnøkkelen

  • Ole Johannes Øvretveit

    Den hadde eg jammen gløymt, gitt. Takk!

  • Ole Johannes Øvretveit

    Fest skal det bli. Har tenkt å spare skulehuset på Sylvarnes til den. Korleis lagar ein jerky? Eg har kjøt, ein kamerat har hickory.

  • Ole Johannes Øvretveit

    Takk for di stadige omsorg, KriKra! Men sjuk er eg ikkje. Ikkje enno.

  • arve e

    du ser frisk og sunn ut ,akkurat som en på din alder bør sjå ut:)

  • Linda H

    Vert turen frå Ortnevik til Sylvarnes så Ole Johannes? Håpar ikkje at du er lettskremd, for det spøker i skulehuset på Sylvarnes ;-)

  • Ghesselberg

    Jerky is just dried meat. You can make jerky from anything, meat, fish, chicken, but I use venison, from a deer. Take a roast or two and cut small strips. Marinate the strips for one day. The key is the marinade. Soy sauce, liquid smoke, pepper, etc. There are recipes everywhere. Place in a dehydrator for up to seven hours. Presto: jerky. I always have some in my pocket for a ski tour. It will last forever and can be eaten just like that or you can cut it up for a stew. (The best jerky I recall tasting came from a moose (elg) and was made, probably in a smoker,by a nice little old lady who sold moose salami from a street cart in downtown Lillehammer in 1993. She was not allowed to sell during the 94 OL. Her story is included in a book: Olympic Moose Salami and Other Lillehammer Tales,» that was published in 1994. It was a collection of my newspaper stories from the OL.) A hickory-fed smoker, in place of a dehydrator, should do the trick.