Det må være moro

Skal du komme i form og ned i vekt, må det skje på ein måte som du syns er moro. Veit du kvifor? For ellers blir det ikkje noko av. Eg veit ein ting om deg. Du likar å ha det fint.  Og viss du syns det er fint å jogge etter vegen, eller trampe på ei tredemølle på eit treningsstudio, så kan du hoppe av her. Dette gjeld ikkje deg.

Denne teksten er retta som slike som han der.

For det første: Eg trur høgt og hellig at mosjon MÅ være ein del av pakka, skal du ned i vekt. Å berre svelte seg ned i vekt, det trur eg kan være farlig. Eit regime der ein sit time etter time framfor kjøleskapet og ventar på at klokka skal bli så mykje at ein får neste porsjon med 100 gram knekkebrød og ein halv grapefrukt, og så setje seg til å svelte igjen, det trur eg ein kan få alvorlige spiseforstyrrelsar av. Og så går kroppen i sparebluss, fordi den får for lite mat, og så må ein svelte seg endå verre? Snakk om livsstil som uvegerlig MÅ føre til at ein etter kvart ikkje tenker på anna enn mat?

Så mosjon MÅ til. Då, nemlig, skjønar du, kan du ete (nesten) så mykje du vil, berre du et rett mat. Då kan du gafle i deg ein kjempeporsjon til frokost, og legge deg stapp mett. Og ein ting har vi tilfelles, alle vi tjukkkasar: Vi likar å gafle i oss kjempeporsjonar til frokost, og legge oss stapp mette. Vi blir ulykkelige hvis vi ikkje får det. Til slutt (hvilket vil seie omtrent klokka elleve om kvelden) blir vi så triste at vi stiller spørsmålstegn ved sjølve vitsen ved vår eksistens. Og så tenker vi: Til helvete med dietten! Heller tjukk og blid, enn tynn og trist! Og det er sant. Men det aller beste er å være tynn OG glad. Og resepten er enkel: Mosjon.

Eg prøvde mange, mange gangar, eg, før eg fann ein måte å gå ned i vekt på. Eg hugsar godt den gongen eg skulle begynne å jogge. Bror min hadde holdt eit langt foredrag om kor viktig det var å halde seg på ein intensitet (slite/svette-nivå) som var slik at ein kunne føre ein samtale undervegs. Okei, så tok vi på oss joggesko, og gjekk ut av huset eg budde i på Ekeberg (i Oslo). Og så gjekk vi ned til hovedveien. Følte det vart litt påfallande å drive og jogge i mitt eige nabolag, liksom. Så begynte vi å gå bortover hovudveien. Følte det var litt mykje folk på fortauet til å drive og jogge. Så begynte bror min å le.  – Kva er det du ler av? spurte eg. – Jau, før eller seinare kjem vi jo til eit punkt der du faktisk må slå om takten. Eg berre lurar på om det i det heile tatt kjem til å skje, hahahaha! sa han. Eg slo om takten. Og så sprang vi tvers over Ekebergsletta, og så sprang eg heim, og så sprang eg ikkje oftare. Faen så kjedelig.  Støl vart eg og. Noko godt drit, den der jogginga..

Men tenk om vi berre hadde fortsett å gå? Tenk om vi hadde gått til enden av Ekebergsletta, og kanskje  nedover i den parken der dei no skal setje opp statuer av nakne damer? Kanskje hadde vi sett norke levande, nakne damer? Og vi kunne gått frampå kanten og sett ned på containerhavna og kranane og truckane og alt som skjer der, og kanskje vidare ned til vikingfunna nedi området der? Og kanskje rusla opp til Ryen, og småveiane gjenom villastrøkene bort til Ekeberg Camping, sett inn stoveglasa til dei rike, og ledd av kopar-hjortane i hagane deira? Eg blir nesten litt trist når eg tenker på det, for med det eg veit i dag, så veit eg at dersom vi hadde gjort det, så ville vi gjort det igjen. Og igjen og igjen og igjen. Og då var det kanskje mykje som ville sett annleis ut i livet mitt.  

Høyr kva eg seier til deg: Det må då finnast ein eller anna måte å komme deg i bevegelse på, som du syns er kjekk? Stikkord: Ein aktivitet som er slik at mosjon blir ein bivirkning, ikkje målet med aktviteten.

Eksempel: Jogging:? Nei. Gå på fjellet, opp til den utsiktsposten du veit, og drikke ein kaffikopp der? Ja. Ergometersykkel? NEINEINEI! Sykle opp i Viksdalen til den der tropedrinkbaren og ta seg ein «Viksdalen Hawaii?» JAJAJA!

Sjølv kan eg seie at eg trur det kjekkaste eg veit er å gå på ski. Farten i unnabakkane er kjekt, det skiftande landskapet er kjekt, temperaturen er langt meir bekvem for ein tjukkas enn slik som det er om sommaren. Og du anar ikkje (viss ikkje du då bur i Sunnfjord) i kor mange år eg har subba rundt i løypene på Langeland skisenter, så tjukk og svær at det var berre basketballshortsar som gjekk på meg, i lusetempo, men I BEVEGELSE! Og ein dag begynte eg å sette av tid til å gjere det kvar einaste dag. Og meir skulle det ikkje til.

...og ein dag har du det like kjekt som han der. (Foto: Dagfinn Vasstrand)

For no kjem eit poeng, som du bør tenke gjennom: La oss tenke deg at det finst ein aktivitet som du syns er kjekk å gjere. Dei aller fleste aktivitetar er slik, at dess sterkare motor ein har, dess artigare er det.  Rypejegeren som kan springe på alle haugar han kjem forbi i terrenget, svømmaren som kan svømme til den ytterste øya (eller halve dagen), syklisten som kan sykle dobbelt så fort som før, langrennsløparen som kan køyre ned alle bakkar så fort han vil (fordi no trengst det ikkje kran- og redningsbil om han dett), du skjønar kva eg meinar. Og i begynnelsen vil du føle at du er ein mopedmotor som dreg eit tilhengarlass. Men det er berre i begynnelsen! Det er nemlig så genialt laga, det her, at den største vektnedgangen, og den største form-auken, det kjem først! Etter berre nokre få veker vil du føle at du er ein lett motorsykkel, og at tilhengarlasset er blitt betydelig lettare. Og slik vil det fortsette. Og ein dag kjem du dit eg er no. Eg føler meg som ein tung motorsykkel, der mesteparten av vekta består av ein stor, sterk motor, og dødvekta er nærmast null. Og trur du det er blitt kjekkare å gå på ski? Oh yes.

Til slutt skal du få ei lita liste med mosjons-aktivitetar som eg syns er moro: Squash, Tennis, Vindustitting (gå rundt i bustadfelt og kike inn stoveglasa til folk. Det er litt frekt, men det er litt gøy og.), byvandring (det blir eg aldri lei av), fjellturar, rypejakt (har redda mang ein mann i førtiåra frå forfallet), sykling, langrenn, hagearbeid (tungt, altså. Anleggsarbeid med spade og trillebår).

Kommentarer