Dei lurer oss!




Det minst interessante talet her er det som står med størst skrift. Trur du det er tilfeldig?

I det følgjande må vi huske på ein ting: Den aukande fedma i befolkninga er det aller, aller største helseproblemet  i den vestlege verda i dag. Det betyr, for å seie det på ein anna måte, at det er ingen ting som fører til så mykje tidleg død, lidelse, bortkasta livskvalitet, sjukmeldingar, uførhet og bruk av statlege midlar som kunne vore brukt til fornuftige ting,  som det at folk får i seg for mange kaloriar. Dette er eit onde som ein dermed må bekjempe med alle tenkelege midlar. Om det kostar enkeltmenneske pengar, kan i utgangspunktet ikkje bety nokon ting. Veit ein om eit middel som kan bekjempe denne pesten, så må det brukast, og det fort og brutalt.


Ein gong i tida var det ei klok sjel som kom på eit slikt middel. Han sa: » Hei, vi burde kanskje pålegge produsentar av mat å skrive på produkta sine kor mange kaloriar dei inneheld, slik at folk får vite kva dei får i seg!» Og slik vart det. Ein vart fort einige om at det var lurt å oppgi desse næringsverdiane per hundre gram av matvara, slik at det gjekk an å samanlikne matvarer, slik at sjølv dei dummaste kunne forstå at «denne maten er det greit å ete, men denne maten blir eg feit av.»


Men dette vart veldig flaut for produsentane av ein del matvarer. For det såg  jo litt dumt ut når kven som helst kan lese seg til at for eksempel ein sjokolade inneheld 555 kaloriar per hundre gram, som faktisk er tre fjerdeler av det reint smør inneheld. Tenk om nokon oppdaga at det å ete ei heil plate sjokolade er det same som å stappe i seg ein stor kopp smør?  


«Dette går ikkje», var det nok ein eller anna matprodusent som sa. «Vi må sjå å få tukla med denne ordninga slik at det ser litt bedre ut.»


«Ja, men, kva om vi får myndighetene med på at vi oppgir kor mange kaloriar det er per porsjon, då? Og så finn vi på pittesmå porsjonar, slik at det talet blir veldig lavt, og så trykker vi det, med mykje større bokstavar enn det ekle, store talet, sånn at forbrukarane trur at maten vår er mykje sunnare enn han eigentleg er?  Vi skriv for eksempel at ein porsjon er 25 gram, så kan vi jo dele talet vårt på fire. «


«Ja, men, det er jo reint lureri?  Det er då vel ingen som kjøper ei 200 grams sjokoladeplate, hvis dei berre har tenkt å ete 25 gram?»


Men slik vart det. Det er berre å sjå på pakkane du finn i butikken, så ser du det.  Men, og no kjem det verkeleg sjokkerande i dette: Dette fins det eit menneske, eller kanskje til og med ein heil komite, statlege tilsette som har fått forslag om, tenkt gjennom, og til slutt gitt dei lov til. (!!!!!)


Korleis i all verden er det mulig? Eg bryr meg no vel katten om kor mange kaloriar det er i 25 gram sjokolade? Eg går no vel ikkje rundt med ei kjøkkenvekt? Om eg kjøper ein pose chips, eller ein pakke karbonader, eller ein sjokolade, så er det jo berre ein einaste ting som interesserer meg, og det er kor mange kaloriar det er i heile pakken? For det veit vi: Det som er i handleposen din når du går ut av butikken, det havnar i magen din til slutt. Så enkelt er det.


Men korleis er det mulig? Korleis i all verden kan noko som helst oppegåande menneske innbille seg at det fins personar som anser 25 gram sjokolade som ein passeleg porsjon? Og viss dei fins, kor interessant er det å fortelle dei noko om kaloriar? Det er jo ikkje dei som treng vite det? Det er jo oss andre, det, som stapper i oss heile pakken? Korleis kunne dei komme noko som helst fornuftig argument som gjekk ut på at det er bra for folkehelsa å la produsentane halde på slik? Korleis i all verden kunne folk som er tilsett med det formål å passe på folkehelsa, la noko slikt passere? 


Eg kjem berre på to måtar dette kan ha skjedd på: Enten er dei som har tilsyn med desse sakene så staurande uintelligente at dei ikkje burde få lov å ferdast ute på eiga hand, eller så fins det ei anna forklaring på dette, og den begynner med «K» og fortset med «orrupsjon».


Det kan bli bråk av dette. Det burde egentlig bli det. Men det trur eg ikkje det blir. For er dei verkeleg så dumme, så vil dei nok helst at folk ikkje skal vite om det, og så held dei kjeft. Og er dei korrupte, så er det i alle fall best å ligge langt, langt under horisonten. Så dette kjem nok til å passere i stillhet.

Kommentarer