Pain in the ass

No har eg oppdaga skilnaden (ein av dei) på meg og ein toppidrettsmann, og det er vår tilnærming til hemorrhoider. Kort fortalt, for dei 66 % av befolkninga som er så heldige at dei går rundt og ikkje har erfart kva ein hemorrhoide er: Av og til kan ei blodåre i endetarmsopningen gå litt tett. Overtrykket gjer at blodåra begynner å bule ut, og det i utgangspunktet kanskje var tynnare enn blyet på ein blyant, blir plutselig strekt til noko på storleik med ein bordtennisball. Kor vondt det i utgangspunket er, kan du no berre tenke deg, legg så til at denne tingen veldig lett kjem i veien når ein begynner å bevege seg, og så blir veldig sår. Då snakkar vi pain in the ass. Faen til plage, rett og slett.

Og: Det er noko som gjerne rammar folk som trenar mykj, eller i forbindelse med kraftanstrengelsar.

Av estetiske hensyn illustrerer vi denne artikkelen med noko heilt anna enn det den handlar om.

Etter ein temmeleg tung rypejakttur for fjorten dagar sidan oppdaga eg at eg var blitt offer for nettopp dette fenomenet. Eg visste at det fanst to løysingar på dette problemet. Den ein inneber at det er løyst på fem minutt, den andre inneber at du må gå (og ikkje minst sitte) veldig forsiktig i minst ei veke, mens du ventar på at det (forhåpentligvis) skal bli bedre. De er berre det, at femminuttsløysinga inneber meg sjølv i ein ytterst nedverdigande positur på ein benk, med ein lege (og sikkert ei ung dame under utdanning) bak meg, bevæpna med knivar kvasse som barberblad som dei har til hensikt å køyre inn i det ømmaste punktet på heile kroppen min så blodet sprutar (det er faktisk heile hensikten). Og no kjem vi til ein av skilnadane på meg og ein toppidrettsutøvar: For ikkje å misse ei veke med trening, vil eg tru at for eksmpel Petter Northug utan å nøle ville valgt den første løysinga. Eg, for min del, valgte å gå for den andre. Det vart lite bevegelse på meg den veka, for å seie det slik. Eg gjekk på butikken og kjøpte med største selvfølgelighet (dette hadde eg øvd ein del på) ei tube med ein salve som har eit navn som inneheld ordet «anal». Altså, kan det være nødvendig? Kunne ikkje dei kalt han noko med blomster, eller atlet eller noko slikt?

Men det hjalp. Sakt, men sikkert. Eg vart litt bekymra for formen, ettersom det no gjekk ti dagar utan høg puls, men, men. Mot slutten av førre veke hadde eg avtalt tre dagar på rypejakt i Jotunheimen, og då skulle eg no alltids få køyrt meg. Men så kom det ein meter nysnø, fjellet vart uframkommelig, og rypejakta med onklane mine vart til ein fisketur i Solund i staden. Dermed var det mandag gått fjorten dagar utan rørsle.

Det er akkurat litt for lenge. Eg la ut på 12 kilometersturen eg brukar å gå på ski, og formen var ikkje heilt på topp. Ikkje så veldig langt under, men den siste spruten som gjev meg lyst til å jogge opp dei lengste bakkane, den var ikkje der.

No er det åtte veker til eg skal springe halvmaraton i Frankrike. No begynner langspurten. Denne veka begynner eg mjukt, med ein 40-minutts rolig tur kvar morgon, og så ein middels hard 1-1,5 timers skitur  kvar dag, og så, frå mandag av, skal eg tilbake i Siri Marte Hollekim sitt treningsprogram, med tre intervalløkter i veka, pluss langturar dei andre dagane. Med det utgangspunktet eg no har, gledar eg meg til å sjå kva virkning det får på formen. Eg trur det blir veldig bra.

SISTE: Ungane mine kjeftar på meg for emnevalg. – Dette er nummer to på lista over ting du ikkje gjer, seier ei av dei. -Forresten, nummer tre, korrigerte ho litt etterpå. – Kva er det nye nummer to? spør ei anna. -Veit ikkje, men det må no finnast to ting som er verre enn dette, sa ho. Eg likar innstillinga.

Kommentarer