Arkiv | mars, 2012

Maraton-jumparen

På selfangst fins det ein jobb som er rekna for å være heilt urimeleg knallhard, og det er rolla som jumper. På ei selfangstskute er det gjerne slik at mannskapet går framfor på isen og avlivar og flår sel, og så samlar dei skinna i dungar som blir knytt saman til eit knippe. Så kjem […]

Les mer

Det myldrar med sel

VESTERISEN/ MS NORDSYSSEL: Då har vi funne sel. I går ettermiddag kom forskarane tilbake frå ettermiddags-helikopterturen og kunne fortelle at dei hadde funne grønlandssel som kasta, det vil seie fekk ungar. Førti- femti dyr hadde dei sett, i ei ansamling seks nautiske mil frå båten. Eg fekk være med helikopteret ut for å sette opp […]

Kommentarer er skrudd av for Det myldrar med sel
Les mer

Gud fyk helikopter

GRØNLANDS AUSTKYST/ MS NORDSYSSEL: Når du blir 44 år, er (nesten) siviløkonom, og lever frå hand til munn på det du kan tene som forfattar (ingen ting) tøysekopp og humorist (nokre bedriftsoppdrag her og der) og litt journalistarbeid og blogging (lite, men jamnt), då hender det av og til at du spør deg sjølv om […]

Les mer

Grøne legender

Det verserer mange legender rundt livet i Nordishavet. To av dei er grøne. Den eine handlar om noko som er raudt, men blir grønt, den andre om noko som er grønt, men blir blankt – og så brunt. Den grøne blitzen er det mange som snakkar om, men ikkje så mange som har sett. Legenda […]

Kommentarer er skrudd av for Grøne legender
Les mer

Å ha ein storebror

Eg er den eldste av mine søsken. Eg har aldri hatt nokon storebror. Eg kjenner eitt og anna brødrepar, og ein gong sa eg til ein av dei at «eg kan ikkje skjøne kva som går av A og B når dei er på jakt i lag. Dei fyk jo heilt av skaftet og spring […]

Les mer

Eit hav av perlemor

NORDISHAVET, 72,54 gr nord, 15,20 gr vest: Skjønnheten er oppe i isødet er uendelig. U – endelig. Mange gangar for dag går eg opp på brua, eller aller helst på toppdekket (altså ute) og blir ståande og sjå utover drivisen. Eg kan bli ståande i ein halvtime, ein time. Til kulden går gjennom marg og […]

Les mer

Kontrastar

Først når du vaknar i ei seng som ligg stille, eller i det minste berre duvar behagelig, når du skottar ut i det gråkvite morgonlyset og ser sjøen fosse forbi, først når det går opp for deg at sist du var vaken er meir enn åtte timar sidan, først når det går opp for deg […]

Les mer

Stampar i storm

NORDISHAVET, 72,5 gr nord, 0,5 gr vest: – Eg blir aldri sjøsjuk, sa eg til sjøfolka ombord på MS Nordsyssel. Eg innser no at for dei var det omtrent som å høyre ei jomfru legge ut om at ho kan ikkje bli gravid. For no slit vi litt her. Kort rekapitulasjon: Med seks veker igjen […]

Les mer

Polar-eventyret ventar

Når det er seks veker til du skal springe halvmaraton i Frankrike, og du er midt i den aller viktigste opptreningsfasen, kor lurt er det då å bestemme seg for å tilbringe dei neste fire vekene på eit 73 meter langt skip, der det lengste du kan springe i ett sett (og det er viss […]

Les mer

Noko å oppleve før du døyr

Eg har fått meg hund.  Det vil seie, dotter mi har fått seg hund. Men eg får låne han. Og det gav meg ei ny innsikt: Det å samarbeide med ein hund som skjønar kva du seier til han, og som likar å gjere det du likar å gjere, det er noko som gjer deg […]

Les mer