Eg har fått meg hund. Det vil seie, dotter mi har fått seg hund. Men eg får låne han. Og det gav meg ei ny innsikt: Det å samarbeide med ein hund som skjønar kva du seier til han, og som likar å gjere det du likar å gjere, det er noko som gjer deg til eit «heilare» menneske. Det er faktisk ein ting eg er veldig glad eg fekk oppleve. Utan det ville livet mitt mangla noko vesentleg. Såpass er det.

Dette er nok ein av dei tinga eg kjem til å minnast med glede når eg blir gammal: Dotter mi Gjertrud og hunden Miks, klare for eit fykande renn i fjellet.
Det er no snart ti år sidan eg holdt mitt første kåseri på NRK Sogn og Fjordane om at eg ønskte meg hund. Då sa kona mi til meg at NEI VI SKAL IKKJE HA NOKON HUND, FOR EIN HUND RØYTAR HÅR OVER HEILE HUSET OG LUKTAR DRITT OG BJEFFAR OG DRIT I BEDA OG DEN DAGEN DU GJER LIKE MYKJE HUSARBEID SOM MEG KAN DU BEGYNNE Å TENKE PÅ Å BLANDE DEG I DENNE DISKUSJONEN MEN IKKJE FØR.
Eg hugsar det kanskje ikkje heilt nøyaktig, men det gjekk i dei baner. Eitt år seinare spurte eg kona mi:
– Kven vil du seie gjer meste husarbeid i dette huset? Er det meg, eller er det du? (Vi snakkar langsiktig planlegging her). Jau, ho måtte innrømme det, at der hadde eg skjerpa meg kraftig. At eg faktisk leda ganske soleklart.
– Akkurat. Kan du hugse det vi vi sa om ein hund? sa eg då.
Då vart ho veldig betenkt, og så sa ho:
– Okei, no er det nye reglar. Og den nye regelen er: Du må gjerne skaffe deg ein hund, men då flyttar eg. Du får velje mellom meg og hunden.
Det er slikt ein kan tillate seg å seie når ein er i fast jobb.
Dette er no ni år sidan. I mellomtida skjedde det ein del ting. Den viktigaste (i denne sammenheng) er at den yngste dotter vår, Rose, gjennom ein karriere på to rotter, eit marsvin og ein ilder har vist seg å være ei ytterst samvittighetsfull og flink kjæledyr-mamma. Ilderen var rett nok ein helvetes prøvelse. Den vaska seg aldri, lukta som om den var dratt gjennom revepiss og så lufttørka, og den beit knallhardt og villig. Det er dessutan noko spesielt fryktinngytande med ein ilder, som gjer at sjølv voksne menn reagarer som damer reagerer på mus i vitsetegningane. Eg har faktisk stått på ein kjøkkenstol og ropt på Rose, med ilderen glefsande etter tærne mine.
Men, men, sa vi til kvarandre, til hausten flyttar nummer to og nummer tre av døtrene våre vekk på skule, og Rose kjem heim til tomt hus, og då må ho få ha eit kjæledyr.
Så, ein dag, hadde ilderen vore i slagsmål med katten, Rose greip inn, og ilderen lagde kjøttkake av høgre handa hennar. Seks knallharde bit, tvers gjennom puta mellom tommel og peikefinger, og det siste bittet, det heldt han til dotter mi Gjertrud tvinga kjevane hans opp. Hadde eg vore der, trur eg eg ville løyst problemet ved å klippe hovudet av han.
Neste dag fekk eg sms frå fruen: «Eg er klar til å snakke om hund».
Det skulle vise seg at ho hadde tenkt ganske nøye på dette. – Vi skal ha ein slik hund som Eldrid har, sa kona mi. Hunden til Eldrid er ein liten, gneldrete hårball som lyder det ynkelige navnet Trulte, og kler det. Det er like stor sjans for at du ser meg med ein slik hund, som at du ser meg på homseklubb i rosa nattkjole. Ikkje at eg tek avstand frå små hundar og homseklubbar, det er berre ikkje mi greie.
– Nei, det skal vi ikkje, sa eg. Eg stilte tre betingelsar: Ein omplasseringshund er heilt fullstendig uaktuelt, vi skal ha ein fuglehund, og vi skal i alle fall ikkje ha ein husky. Det vart ein omplassert blandingshund, kvart husky, som er heilt ubrukelig til fuglejakt. Og eg er strålande fornøgd.
– Ei venninne på syklubben kjenner ein som har ein blandingshund som han vil omplassere, ringte kona mi og sa.
– Fint, sa eg, be ho sette ei annonse i avisa. Eg skal i alle fall ikkje ha han.
Så fekk eg ein MMS med eit bilde av verdens skjønnaste hund. – OK, sa eg, vi kan reise og sjå på han. – Hurra, vi skal få hund, ropte Rose og Gjertrud.
Det er ein diger brande. Hannhund, kvart husky, kvart flatcoated retriever og halvt border collie. Sterk som ein bjørn og såpass smart at han kan forskjell på høgre og venstre. Veldressert og. Men rastlaus og energisk. Drikk eg meir enn ein kopp kaffi om morgonen, så begynner ei knistring og piping som ikkje gjev seg før vi er komne ut på tur. Ein førti minutts tur om morgonen, og så må han køyrast skikkeleg ut om ettermiddagen, ellers er han ikkje til å være i hus med. Omtrent som meg. Det mest effektive i så måte er snørekjøring på ski: Dotter mi koblar han i eit fleksisnøre med eit magebelte om livet, og så susar vi avgarde. Ho hyler av fryd, for dette går unna. Plutseleg har eg fått to treningskameratar, ikkje berre ein.
Folk skaffar seg gjerne hund for å få ein forpliktelse så dei kjem seg ut, men eg har allereie skjønt at med denne karen har eg nærast inngått ei pakt med djevelen: For får han ikkje to timar hardt slit kvar dag, så hoppar han rundt på golvet. Og når ein 45 kilos gosse begynner å fyke rundt i stovene på jakt etter sin eigen hale, då skal du holde godt på porselenet.
Men moro? I går tok eg hunden sjølv, og på innspurten til Langeland skistadion skøyta eg forbi to av dei sprekaste du ser der oppe. Dette skal eg kunne venne meg til.