Polar-eventyret ventar

Når det er seks veker til du skal springe halvmaraton i Frankrike, og du er midt i den aller viktigste opptreningsfasen, kor lurt er det då å bestemme seg for å tilbringe dei neste fire vekene på eit 73 meter langt skip, der det lengste du kan springe i ett sett (og det er viss veret er godt) er ca. 50 meter? Ikkje så veldig lurt, antakelig. Men eg greidde ikkje la være.

Eg skal nemlig til Vestisen for å telje grønlandssel.

Dette er skuta: MS Nordsyssel. Obs helikopter bak. Vi snakkar James Bond her. Veret ser jo riktig bra ut og...

Eg har ein kjenning som heiter Gunnar, som jobbar i Airlift, eit helikopterselskap som held til i heimkommunen min. Ein dag fortel Gunnar at «Jaja, om ti dagar reiser eg til Vestisen for å telje grønlandssel. Skal være vekke i ein måned.»

Kort fortalt: Havforskningsinstituttet har til oppgåve å halde oppsikt med bestandane av alle artar som norske aktørar driv fangst på. Alt frå kolmule og sild og torsk til pelssel som altså grønlandssel og klappmyss. Rundt begynnelsen av april samlast grønlandsselen på eitt område på isen mellom Grønland og Svalbard for å yngle.  Dersom ein så greier å finne dei, og så tek flyfoto av flokken, kan ein setje seg til heime og telje prikkar på bilda, og så får ein eit ganske godt bilde av kor stor bestanden er.

Men Vestisen er eit stort område, dette foregår ikkje så veldig lenge, og derfor avsøker ein heile området med helikopter, til ein finn yngleplassen.

– Der er det utrulig mykje rart å sjå, Ole Johannes, eg har ofte tenkt at det der ville vore eit eldorado for ein journalist. Du skal ikkje ringe og spørre om du får være med, då? sa Gunnar.

– Være med? Trur det går an?

– Du kan no alltids ringe, sa Gunnar.

Den første eg snakka med var sjølvsagt kona mi.  Kanskje er det det at ho veit at eg alltid har vore opptatt av polarekspedisjonar, kanskje er det difor ho alltid gjev meg «Norsk polarhistorie» og slike bøker til jul, kanskje er det det at ho skjønar at dette kan eg selje reportasjestoff i hytt og pine om, kanskje er det det at det blir ryddigare i huset når eg ikkje er heime, eller kanskje er det rett og slett det at ho er glad i meg, i alle fall sa ho at det syntes ho var ein kjempeide.

Neste dag ringte eg ekspedisjonsleiaren, og han sa at «Ja no hadde du flaks, for vi har akkurat ein lugar igjen, så den kan du få. Det kostar 200 kroner dagen i kost, ellers ingen ting.» No begynte eg å skjelve. Kva med trening? Halvmaratonet?

Skuta MS Nordsyssel, der eg skal bu den neste månaden, har «nokre vekter, ein spinningsykkel og ei enkel tredemølle», ifølge kapteinen. Eg ser ikkje vekk frå at desse befinn seg i eit halvmørkt kott innerst på eit vedlikeholdsdekk, mellom ein stabel med øvre forre mersseilstag og ein haug med røylråer, i ein eim av solar og Ren-o-fin. Dette er ord eg ikkje veit kva betyr, men som eg finn i bøker eg les og som høyrest ganske sjømannsaktige ut.

Om kosthaldet veit eg ikkje anna enn at sjøfolk i gamle dagar lærte å setje pris på marken i skipskjeksa, ettersom dette var levande, proteinrik og vitaminrik føde. Men eg har høyrt at det no til dags blir servert varm mat til alle måltid, at maten antakeleg held Nordsjø-standard, og at folk som begynner i Nordsjøen gjerne legg på seg ti kilo første månaden. Jau, dette lovar godt.

Lastene antar betenkelige dimensjonar når ein stablar opp ein månads forbruk. For ikkje å snakke om når ein betalar for tretti boksar snus på ein gong. Hm.

Men okei: Kan eg fyke i helikopter over Grønlandsisen og sjå 100 000 grønlandssel og isbjørn og spekkhoggar og det som verre er på nært hald, så skal eg tole to timar dagleg på ei tredemølle. Eg har tross alt PC’en min, med tre sesongar med Dexter, fem sesongar med How I met your mother, og 5 sesongar med Prison Break. Og sølvteip har dei nok på skipet.

Og maten? Eg har snakka med kokken, og han har kjøpt inn 96 boksar tunfisk i vatn, 30 boksar mager kesam og 20 kilo frosne grønsaker.  Krydder tek eg med 🙂

Kommentarer