Kontrastar


Matrosane på Nordsyssel kosar seg over denne tullingen dei har fått ombord, som stadig vekk masar og spør om det er noko tungt og jævlig han kan få lov til å gjere.

Først når du vaknar i ei seng som ligg stille, eller i det minste berre duvar behagelig, når du skottar ut i det gråkvite morgonlyset og ser sjøen fosse forbi, først når det går opp for deg at sist du var vaken er meir enn åtte timar sidan, først når det går opp for deg at du faktisk ligg og har lyst til å gjere noko som helst, først då skjønar du kor lamma du har vore av den tunge sjøgangen dei siste par dagane.

– Kykeliky, for ein dag! sa eg til meg sjølv då eg gjekk ned i byssa og kunne hente med meg ein kaffikopp opp på brua.

– Ja, nu ska træningsspretten få mosjon! sa skipperen då eg stakk nasa inn på brua.

– I dag ska han bainke is.

For når eit skip pløyar gjennom brottsjøar så drevet fyk over heile skuta, og skroget held ti kuldegrader, då frys kvar einaste vesle

vassdrope fast, og og nokså snart er heile skipe glasert i sjøis. Det blir fort mange centimeter tjukt, mange dropar små blir fort til mange, mange tonn. Eitt problem er at skuta blir stadig tyngre, det store problemet er at alt dette legg seg på den øvre halvdelen av skipet, og i ekstreme tilfelle kan det faktisk bli så mykje at skipet blir tyngre over havflata enn under, og så tippar rundt. Det er ikkje mer enn ti år sidan det skjedde med ein båt i Kvitsjøen.

Etter hundre etasjar og 4 x 4 intervall  på tredemølla dagen før hadde eg egentlig tenkt å tilbringe halvannan time rolig på ergometersykkelen, men kvifor ikkje? Eg kunne no alltids banke litt is først.

Eg fekk ei sju kilos gummiklubbe i handa, og så var det berre å sette i gang. Først slå eit hol i isdekket, og så slå laus bitar ut frå det holet, og så samle dei opp i ein stor spade og få dei over rekka.

Du skjønar fort at når du først svingar klubba, så er det like godt å delje til med alt du har, og at når du først svingar spaden, så kan du like godt fylle han heilt opp. Det vart rikeleg med mosjon, det kan eg avsløre.

Ein time seinare gjekk eg til lunsj, og då skalv eg over heile kroppen, og var så sliten i nevane at eg hadde problem med å halde bestikket. Så måtte eg rett og slett legge meg nedpå litt, skulle sove i 40 minutt, men vakna først ein time og ti minutt seinare. Då hadde vekkarklokka  ringt i ein halv time.

Så, ny økt. Ein og ein halv time isbanking, litt roligare denne gongen, så ein liten middagslur til (!), og så begynte dei første drivisflaka å dukke opp – og så sigla vi inn i pannekakeis. No begynner det å bli synd at eg ikkje kan sende bilder her oppe frå. Vi kommuniserer utelukkande gjennom ein såkalla iridium-telefon, ein satelittforbindelse som kuttar med jamne mellomrom, så eg kan ikkje sende vedlegg større enn 20 kilobyte, dvs. rein tekst. Eg kan avsløre at bilda eg illustrerer innlegga med dei neste tre vekene, alle saman er tatt  – og sendt – ved kai i Tromsø. Men det skal bli eit fint billedgalleri på facebook-sida mi når eg kjem heim, det er i alle fall sikkert.

For pannekakeisen, det er eit fantastisk syn. Å sigle over ei havflate som er dekka av millionar av små, nyfrosne isflak, som mest av alt minner om pizza-botnar med litt tjukk skorpe, det er ei fascinerande oppleving.

– Hadde kvalfangeran på 1600-talet vesst ka ein pizza va, så hadd dæm vel kailla det pizza-is, sa kapteinen.

– Aha, tenkte eg, då kan eg sette meg på ergometersykkelen ved vinduet ein times tid og sjå på drivisen, få opp pulsen litt. Men det gjekk rett og slett ikkje. Etter ein halv time på puls 125 fann eg ut at eg skulle køyre

4 x 4 intervall, men etter det første måtte eg rett og slett gi meg. Der var ikkje meir, gitt.

I dag vakna eg i ei verd som var kvit av drivis, no har dei montert helikopteret, og no skal forskarane ut og leite etter sel. Og eg? Eg fekk ein time rolig mosjon med å måke helikopterdekket før lunsj, og så skal eg ta meg ein rolig time ved vinduet på ergometersykkelen. Eg har sett spor etter isbjørn. Kanskje får eg sjå bamsen og…

Kommentarer