Å ha ein storebror

200 ETASJAR: Om bord på MS Polarsyssel spring Maratonmannen no 200 etasjar for dag.

Eg er den eldste av mine søsken. Eg har aldri hatt nokon storebror. Eg kjenner eitt og anna brødrepar, og ein gong sa eg til ein av dei at «eg kan ikkje skjøne kva som går av A og B når dei er på jakt i lag. Dei fyk jo heilt av skaftet og spring om kapp og konkurrerer på blodig alvor heile tida, eg skjønar ikkje at ikkje vi berre kan ha det kjekt og kose oss?»

– Du skjønar nok ikkje det, du, Ole Johannes, sa kameraten min, korleis det er å ha ein bror som er flinkare enn deg til alt mulig, og som du veit når som helst kan komme til å knuse deg i ein konkurranse som oppstår – og faktisk er begynt – før du veit ordet av det.

Vel. Det skjer ting her no, som gjer at eg begynner å skjøne litt korleis det er.

Det begynte med at fotografen som er med, Eirik Grønningsæter, gjerne ville tilbringe nokre timar på isen for å ta bilder av sel. Og såpass har eg skjønt, at med dei bilda den karen tek, er det ein ting som er om å gjere, og det er at han får være så mykje på isen som det i det heile tatt er mogeleg. Men det er det berre det, at det er ikkje lov til å ferdast på isen utan ei isbjørnvakt. Det kan når som helst dukke opp isbjørn, og derfor må ein mann heile tida stå klar og følgje med, og faktisk være klar til å skyte, om det blir naudsynt.

Og forskarane kan alltids sette oss av på eit isflak når dei likevel skal ut med helikopteret, men å forlange at en av dei skal bruke mange timar på å være isbjørnvakt for oss, det skjønar jo til og med eg at ville være litt mykje forlangt.

– Okei, sa eg, eg har no vore mykje på hjortejakt og kan håndtere ei rifle, så eg kan no alltids passe på, mens Eirik tar bilder. Jau, dette vart avtalt. Dette var før eg fekk høyre historia om bjørnen som foretrekk å slite ryggspekket av selane mens dei er i live, fordi det smakar best – og som same dag var observert ein stad her i området. Dette stilte saka – som du kanskje forstår – i eit litt anna lys. Plutselig var hovudet mitt fullt av bilder: Meg, på eit isflak, ivrig speidande ein veg, mens ein isbjørn skyt opp av råka ett bak meg. Meg, liggande på magen med ein tung isbjørnlabb over nakken, mens isbjørnen flekker rumpa mi og ytrefiletane av kroppen min. Det var ein meget betenkt Maratonmann som gjekk til sengs den kvelden.

Neste formiddag rann følgjande tankerekke minst ti gonger gjennom hovudet mitt:

«Nei, eg tør ikkje ut på den der isen, Kva skal eg no der å gjere? Eg blir her og skriv og trenar, så kan dei andre reise ut. Det er sikkert nokon andre som melder seg til å være isbjørnvakt. Men tenk om det ikkje er nokon som melder seg? Og tenk om ekspedisjonsleiaren då seier at «Ja, då får Eirik bli igjen på båten»? Det blir jo litt dumt å komme og ombestemme seg då? Og så får ikkje Eirik ta bilder. Nei, eg må nok bli med.» Så pussar eg tennene, og så tenker eg: «Nei, eg tør ikkje ut på den der isen. Kva skal eg no der å gjere? Og så vidare.

Til slutt hadde eg ymta så mange gangar om mine bekymringar at Eirik fann det påkrevd å opplyse at han faktisk har ett hundre og femti isbjørnmøter bak seg, korav halvparten til fots. Og at han faktisk vann «BBC Wildlife Photographer of the year» 2010 med eit nærbilde av nettopp ein isbjørn. I samråd med forskarane vart vi einige om følgjande løysing: Eg skulle stå med rifla og sjå etter isbjørn, ettersom eg virka veldig motivert for å følgje ekstra godt med, og dersom det skulle dukke opp noko, skulle eg berre overlate rifla og situasjonen til Eirik, og gøyme meg bak han.

Dette er den type avtalar som eg kunne tenkast å inngå med for eksempel dottra mi på tolv år, og ho på atten. Slik er altså rollene mellom meg og Eirik.

Vel. Det gjekk fint. Isbjørnen var nok opptatt med å rive skinnet av skrikande selar ein heilt annan stad, i alle fall såg eg ikkje snurten av han. Og eg såg godt etter.

Så, i går, då vi skulle ut på isflaka ved båten og hente breis, oppdaga eg, då matrosen hadde sett ut stigen ned til det nærmaste isflaket, at dei isflaka som oppe frå brua hadde sett heilt trygge og fine ut, no plutseleg såg veldig små og vinglete ut. Eg skulle til å ombestemme meg og avlyse heile is-hente-ekspedisjonen, då Eirik kom til syne ved rekka, og plutseleg visste eg korleis dette kom til å gå:

«Nei, no kjem Eirik, og han kjem til å svinge seg ned stigen, og så kjem han til å trave nonchalant over isflaka, og så kjem eg til å bli så redd at eg får lyst til å begynne å grine, men bakkar eg ut då, så kjem jo alle til å le av meg, så dermed blir eg nødt til å hoppe over dei flaka, sjølv om eg veit at eg kjem til å gli av, og under, og ned i det iskalde, svarte vatnet og søkke 1600 meter ned til botnen, viss ikkje eg blir spist av ein spekkhoggar på veien.» Og akkurat slik vart det. Bortsett frå at eg ikkje datt uti, men kjempa meg gjennom det med gråten i halsen. Men eg klarte det, og det hadde aldri skjedd, om ikkje Eirik var med. Og slik fekk eg kanskje sjå ein liten flik av korleis det er å ha ein storebror.

Trening: Ein dags pause gjorde veldig godt. Gjekk 2 x 100 etasjar i går, første økta på 32,40 (opp og ned igjen). Siste økta avslutta eg med 4 x 4 intervall på ergometersykkel. Er komen dithen at eg syns fire minutt på puls 150 er til å leve med. Føtene også smertefrie. Nesten så eg begynner å lure på å prøve meg på tredemølla igjen.

Kommentarer