Det myldrar med sel

Koselege omgivelsar, eller kva? Uansett, no kuttar eg ut tredemølla ei stund. Sykkel og trappeløp får halde.

VESTERISEN/ MS NORDSYSSEL: Då har vi funne sel. I går ettermiddag kom forskarane tilbake frå ettermiddags-helikopterturen og kunne fortelle at dei hadde funne grønlandssel som kasta, det vil seie fekk ungar. Førti- femti dyr hadde dei sett, i ei ansamling seks nautiske mil frå båten. Eg fekk være med helikopteret ut for å sette opp ein radio-sendar, så vi skulle finne att kastet (som ei ansamling fødande sel vert kalla), og mens vi fauk, hadde eg kjensla av at det krabba sel opp frå alle råker og la seg til på isen. No var talet komt opp i fleire hundre.

– Ja, no myldrar det med sel her, sa eg då vi kom tilbake.

– Næhæii, det her e jo berre eit pittelite kast, mein de e no et greitt øvingsobjekt tel tellinga, sa ekspedisjonsleiaren.

– Det gjenstår no fremdeles å finne det store kastet. Æ huske jo godt i 2002, da fainn vi først et kast på fem tusen dyr, åsså, nån daga seinar, da fainn vi et kast på femogåtti.

– Femogåtti dyr? sa eg.

– Nei. Ikke femogåtti dyr. Femogåtti tusen. Femogåtti tusen unga, førr å vær heilt præsis. Så kjæm det jo like mange mødre i tellegg, må main anta.

Og like mange hainna, som legg klar i sjøen å veinte på tur.(Selen gjer nemlig unna alt som har med reproduksjon i ein sleng. Først føde, så die, så vippe ungen i sjøen med god fisketur og lykke på reisa, og så ei veke med god og grundig parring, og så stikk dei til sjøs igjen. Selhannar sin livssyklus består av ei veke med intensiv parring, og resten av året rek dei rundt på fisketur. Ein bortimot ideell tilværelse.) Herre jemini, tenker eg. Åttifem tusen ungar. Nesten tre hundre tusen, alt i alt. Du hendelse. I dag vakna eg, såg ut lugarvinduet, og der, tredve meter frå meg, låg det ei grønlandsselhoe på eit flak. Flaket var skikkelig tilgrisa av blod, og der låg det forsyne meg ein nyfødd, gul selunge, våt fremdeles. Selmora kjefta og kvinka mot skutesida, omtrent som ein hund.

Eg gjekk opp på brua, og der låg det tre stykker på eit flak framfor oss, alle med ungar. To til på babord skuteside, to på andre sida. På alle baugar og kantar, bokstaveleg talt. Kastet utvikla seg faktisk rundt oss.

Det skjer på eit område som er ein så liten del av Vestisen at du kan antakeleg samanlikne det med eit frimerke på ei fotballbane. Og midt på det frimerket, der la forskarane båten til rette, akkurat 24 timar før kastet begynte. Det begynner å gå opp for meg at dei vet kva dei held på med, desse karane.

Og treninga?

Vel. Det går ikkje heilt etter planen. Kondisjonsmessig trur eg nok kanskje eg er i rute. Eg oppdagar, idet eg no er begynt å køyre faste intervalløkter, at eg har slept meg litt ned i form i løpet av januar og februar. Skiturar og rypejakt er bra mosjon, men utan pulsklokke og faste intervall blir det nok ikkje til at eg pressar meg så mykje i puls som ved intervalltrening. Det er tungt, rett og slett.

Men erfaring tilseier at formen kjem som ein rakett, og med tre intervalløkter i veka trur eg formen skal være fint på plass til siste helga i april.

Men springe-muskulaturen, den er det verre med. No har eg sprunge to intervalløkter på tredemølle på ei veke, og i dag måtte eg rett og slett finne fram Ibux og Voltaren, fordi ankelen verker.

Og då blir spørsmålet:

A: Kjøre på med tredemølle og satse på at det gir seg – og risikere at det blir så mykje verre at eg ikkje kan springe halvmaratonet, eller

B: Kutte tredemølla no, køyre all trening på sykkel (og trapper), og så satse på at kondisen er god nok til halvmaratonet, og at muskulaturen held til mål, sjølv utan noko særleg springetrening?

Eg satsar på det siste. Då vil eg i alle fall stille til start i toppform kondisjonsmessig, og blir eg for sliten av jogginga halvvegs i løpet, så får eg gå resten. Det viktigaste er no faktisk å gjennomføre.

Vekta har eg og under kontroll. Eg stilte på båten med 96 boksar tunfisk og tjue kilo frosne grønsaker, men kokken her lagar sunn og god og faktisk ganske mager mat, så det har vore lite bruk for spesialdietten. Eg har ikkje badevekt her, men eg kjenner på kleda at hvis vekta har endra seg, så er det snarare nedover enn oppover.

4 x 4 intervall på sykkel i går ettermiddag, fjerde intervalløkt på sju dagar. Syns det begynner å gå lettare no. I dag skal eg gå hundre etasjar, heilt rolig. Halvmaratonet inkluderer 900 høgdemeter, så eg må passe på å halde mot- og unnabakkemuskulaturen i form.

 

Kommentarer