Grøne legender

Det verserer mange legender rundt livet i Nordishavet. To av dei er grøne.

Den eine handlar om noko som er raudt, men blir grønt, den andre om noko som er grønt, men blir blankt – og så brunt.

Den grøne blitzen er det mange som snakkar om, men ikkje så mange som har sett. Legenda fortel at på ein strålande klar dag, idet sola går i havet, akkurat idet den aller siste bit av solskiva sekk i havet, idet dagens aller siste solstråle vert broten gjennom den krystallklare lifta her oppe i arktis, då vert den broten til eit neongrønt glimt, som lyser som ein grøn blitz over heile landskapet. Det var eit halvt sekund, så er det over. Det er difor ingen har tatt bilde av det, fordi den varer så kort at reaksjonstida frå du ser det til du rekk å trykke på knappen på fotoapparatet blir for lang. Idet speilet i kameraet smell opp, er augneblenken over.

I går var det nettopp ein slik solnedgang. Eg sto på bruvinga med kameraet klart, og tok no forresten dei vakraste solnedgangsbilder eg har tatt i mitt liv. Idet solskiva nærma seg å forsvinne totalt, skrudde eg telelinsa til 300 millimeter, og begynte å fyre av bilder i eitt bankande sett. Og der, akkurat eit sekund før alt var borte, trur eg kanskje eg såg eit irrgrønt lys, akkurat der sola heldt på å forsvinne. Stor var spenninga då eg kom ned i salongen og lasta bilda over på pc’en. Men det grøne lyset var ikkje der. Anten fyrte eg tilfeldigvis av kameraet akkurat før og etter glimtet, eller så – som det vart antyda rundt bordet her – skjedde det berre inne i hovudet mitt. Vel,vel. Vi får no sjå. Det skal prøvast igjen.

Den andre grøne legenda handlar om breis. Frå tid til anna ser vi irrgrøne isknoltar drive forbi.

– Det der, sa ein av matrosane til meg, det er breis. Dein ska du hør kor han spelle i whiskyglaset, kor han smell og pip, de e nokka heilt spesielt.

– Ja, seier fotografen som er med, han kjente no ein som hadde opplevd at breisen rett og slett eksploderte i glaset, og ei isflis fauk i taket.

Dette hende tilfeldigvis same dag som eg hadde lese ut boka «Arktiske døgn», av A. E. Maxwell og Odd Ivar Ruud, om sistnevntes år som fangstmann, åleine i ei fangstbu i Hornsund på Svalbard. På side 104 i denne boka står det å lese følgjande:

«Mens Naika (hunden hans) slikket den uryddige pelsen sin (skjønar no at det var unødvendig å presisere at det var hunden og ikkje kona), laget Ivar seg en drink av skotsk whisky, dypbrun og fyldig, avkjølt med biter av breis, som var tusen år gammel og presset hard som stål under vekten av tid og tonnevis kompakt snø. Den ubønnhørlige glasiologiske prosessen hadde fanget noen små luftblærer inne i isen, og etter hvert som isen smeltet i whiskyen eksploderte boblene med ørfine pling og fløytelyder, årtuseners ismusikk i et spinkelt kontrapunkt til den sprakende ovnsilden.

Et øyeblikk var hans verden fullstendig her inne i hytta, med varme og lys og mat og Naikas selskap. Likevel visste han at bare noen få fot fra ham stod natten stinn av vind og kulde og spøkelsesaktig tomhet.» Jah. Tygg litt på det, du. La det synke inn.

Trur du eg har sett med lengselsfulle blikk etter breis-knoltane som har drive forbi? Eg som er konstant plaga av netter stinne av vind og kulde og spøkelsesaktig tomhet? Her om dagen gjekk eg 25 gonger opp til monkey- toppen (eg fekk streng beskjed av kapteinen om å slutte å kalle det

toppdekket) og såg på ein breis-knolt som låg hundre meter frå oss, men den seig lenger og lenger bort for kvar gong eg kom opp. Og eg har trygla og bedt, lokka og lygd, lirka og lurt, men kapteinen ville ikkje sleppe meg utpå isflakene for å hente inn den grøne magien.

Men i dag let han meg få lov. Litt fordi det dukka opp ei grøn blokk berre 30 meter (fem isflak) frå skutesida, men kanskje aller mest av ein heilt anna grunn:

– Mein berre om hain der blir med deg!, sa han og peikte på Eirik, fotografen. Eirik har nemlig vist seg å være ein av dei karane du tiltrur å fikse kva som helst. Det har eg oppdaga, og det har tydelegvis skipperen og sett.

Eg ut, med stige, øks og hakapik til å støtte seg på over isflaka, ei dramatisk ferd (som vi skal komme tilbake til), hogg som ein gal, fylte ei bøtte med grove bitar av tusen år gammal is, og no står den på fryserommet. I kveld skal vi ha rollespel her.

Eg trur fotografen må være Ivar, så kan eg være Naika som ligg og slikkar den rufsete pelsen sin, og så kan dei andre være natta, stinn av vind og kulde og spøkelsesaktig tomhet. Og så skal vi lytte til ørfine ping og fløytelydar. Jau, dette lovar godt.

Og treninga? Etter seks intervalløkter på sju dagar møtte eg veggen i går.

Prøvde 4 x 4 intervall på sykkel i går ettermiddag, men det gjorde så vondt i låra, og kosta så mykje blodsmak, at eg måtte rett og slett gi meg to minutt ut i første intervall. Fullførte til 45 minutt med snittpuls 128, men i dag tar eg heilt fullstendig fri. Trur eg treng det no.

 

Kommentarer