Eg pinar meg

Det er tolv dagar til eg skal springe to mil og 900 høgdemeter i Desaignes i sør-Frankrike. Eg pinar meg no. Eg skal innrømme det.

– Er det ikkje jævlig å halde på sånn? spurte ein fyr eg traff øverst i Tunvallsbrekka, etter fire minutt på puls 160, med slim slengande, svette silande og puls hamrande så eg kjenner det heilt ut i øreflippane.

Bakken eg spring er så bratt at det har sett spor etter seg i litteraturen. Dette skiltet står ved stien.

– Jau, måtte eg berre seie.

– Jævlig.

Eg er oppmerksom på det der med at bruk av banneord utarmar språket ditt, og dette er nok eit eksempel på det. Det eg sjølvsagt skulle sagt, det var at «Jau, det er det. Eg er konstant redd for at eg skal trakke skeivt på denne steinete stien og vrikke foten så eg må droppe halvmaratonet, og det svir i lårmusklane mine, og hunden driv og dyttar meg så eg held på å dette, og eg blir så sint at eg held på å sparke til han, og det brenn i lungene mine og det snører seg i halsen min så det lagar lydar både på inn- og utpust, og det ligg slim så seigt som sirup i heile halsen og kjeften min og for kvart innpust dreg eg det heilt ned i lungene så eg får litt sånn drukne-panikk, og eg blir litt kvalm, og her om dagen fekk eg faktisk litt brekningar,  og pulsen hamrar i hovudet så eg tenker kvart sekund at no gjeld det å ikkje tenke på noko som helst, berre tvinge seg gjennom det og sette føtene rett så eg ikkje vrikkar, og ikkje tenke på noko anna enn det».

Det kunne eg sjølvsagt ha sagt. Viss eg hadde hatt pust til det. Men slik situasjonen var, valgte eg å samanfatte situasjonen i eitt ord: «Jævlig». Og det føler eg er nokså dekkande. Men eg trur at kvart minutt med lidelse eg slit meg gjennom no, det sparer meg for mange minutt med smerte under løpet. Det seier eg til meg sjølv ca 960 gonger i kvar økt (4 drag x 4 minutt x 60 sekund = 960).

Den siste veka har eg kvar einaste dag gått ein halvtimes frisk morgontur, og så enten sprunge 4 x 4 minutt intervall eller gått ein nokså hard tur om ettermiddagen. Intervalltreninga foregår i Tunvallsbrekka, ein skikkelig bratt og tung motbakke (mellom 15 og 20 prosent på nokså grov og steinete skogsveg). Det morsomme er at hunden, som vanlegvis går veldig stort (dvs. kor langt han går frå meg på tur, og det er heilt til neste himmelsyn, sjølv om det kan være 500 m vekke), idet eg begynner å springe, så ligg han klistra til låret mitt. For kvart steg kjenner eg at låret stryk mot hovudet hans. Eg syns det er ganske tøft. Vi jagar i flokk. Ein flokk på to.

Etter tre veker på ergometersykkel er det veldig motiverande å intervall-trene i terrenget. For der ser du faktisk framgangen. Det har blitt omtrent annakvar dag siste veka, og for kvar økt merkar eg framgangen på to måtar: Først, i begynnelsen av draget, at eg har meir kraft i steget, at det går fortare utan at det kostar meir. Så i slutten av draget, at idet eg kjem dit eg brukte fire minutt sist, er det nå gått berre 3,40, og eg kjem femti meter vidare før klokka passerer fire minutt.

Når du då veit, at om mindre enn fjorten dagar skal du springe eit løp som kjem til å kreve absolutt alt du har av krefter og antakelig ein god del til, eit løp som kjem til å vri kroppen din som ei vaskefille og etterlate deg som ein skjelvande klump som kanskje rett og slett ikkje orkar å kreke seg til pastapartyet som eg har betalt åtte euro for å være med på, der folk mest sannsynlig sjanglar omkring, steine på lykkerus, og omfavnar framande og ler seg fillete av vitsar på språk dei ikkje forstår, og drikk seg aldeles tøysete på elendig fransk bordvin som stinkar aceton, når du veit at det er det som står på spel, og du så ser kor utrulig mykje sterkare du blir for kvar einaste intervalløkt, då er det ikkje vanskelig å motivere seg.

...og slik forserer eg den. Føler meg litt tøff no 🙂

Det vil seie, det er jo det. Det blir mykje gruing. Eg kjem på noko eg skreiv under oppkøyringa til Gaularfjellsrittet i fjor: Det er like godt å køyre intervalltreninga tidlig på dag, for dagen fram til den er unnagjort er øydelagt av gruing uansett. Men så må det jobbast og. Den arbeidende klasses forbannelse.

Planen var at no, med tolv dagar igjen til løpet, skulle eg begynne å roe ned litt. Men eg føler at framgangen i den bakken er så stor for kvar økt, at eg har lagt om planen. No blir det intervall og hard langtur annakvar dag fram til lørdag, så veldig rolige langturar søndag, mandag og tirsdag, og så heilt fri onsdag, torsdag og fredag. Og så. And then.

 

Kommentarer