Ein dag i lavkarbo-helvete

Med seks dagar igjen til halvmaraton fann eg ut at no må alle knep takast i bruk. Eg las i ei bok av Dag Otto Lauritzen ein gong at karbo-loading var så effektivt at han trudde det måtte nærme seg doping. Eg gjorde som jomfru Maria: Eg tok desse orda og gøymde dei i hjarta mitt.

På Skredfjellet står Maratonmannen med dotter si og tenker på karbohydrat. Gløymer til og med å halde inne magen. (Foto: Einar)

Oppskrifta hans var at ein skulle begynne seks dagar før konkurransen. Dei første tre dagane skulle ein kutte heilt ut alt som heiter karbohydrat, og i tillegg gå aktivt inn for å tømme kroppen sine karbohydratlager ved å drive lang, rolig trening.  På denne måten skulle kroppen skrike etter karbohydrat, og så, den fjerde, femte og sjette dagen, skulle han få overdosar. Slik skal ein kunne fylle glykogenlagra i muskulaturen smekk fulle, og i tillegg binde masse væske i kroppen, noko som kan komme godt med når ein skal springe ein to mils, 900 høgdemeters fjelltur.

Søndag begynte eg. Kutta min vanlege frokost, som består av firkorn, skummamelk, valnøtter, ei halv frukt og ein boks dobbelnull vaniljeyoghurt. Spiste to hardkokte egg til frokost, og to til lunsj. Egg er godt. Men karbohydrat er bedre.

Så skulle vi på topptur. Ein lett og fin 400 høgdemeters randonneskitur, som eg skulle bruke til å forbrenne litt glykogen frå lagra eg har i låra mine. Eg skulle gå saman med to kameratar og dotter mi, Rose.  I bilen på veg til start høyrte eg det knitra i papir bak meg. Det var nokon som fann fram ei nisteskive frå sekken. Ei sånn som er laga av korn. Den lukta akkurat som når du opnar ein steikeovn full av nysteikte rundstykker. Eg fekk veldig lyst på.

Så begynte vi å gå. Omtrent halvveis var min ven Einar litt kjørt, og han annonserte at no måtte han ha ein liten rast. Vi sette oss på ein lyngrabbe, og eg fann fram eit hardkokt egg. Egg er godt.

– Nei, no må eg ha meg ei skive, sa Einar. Det var ei ca halvannan centimeter tjukk skive av eit slags mellomgrovt brød Den lukta som når døra til brødbilen opnar seg, ein kald vinterdag, og du kan sjå dampen stig ut av bakluka. Eg må ha sote og sett på han omtrent som ein litt uoppdragen hund ved middagsbordet, for plutseleg sa han: – Har du lyst på litt?

– Nei takk, sa eg, og så sugde eg litt hardare på egget mitt. Dei siste 200 høgdemetrane opp til toppen gjekk tankekverna mi så det sikkert rauk ut av øyrene mine. Eg tenkte tankar som: «Det kan no ikkje være sunt, den der svelteforinga? Og kva skal no eg karboloade for? Eg spring no ikkje for å vinne? Eg spring for å gjennomføre, og det skal eg no greie utan det her?» Slike tankar. Ikkje nett posititve tankar.

På toppen sette vi oss i sola på ein lyngrabbe, og så fann alle fram brødskivene sine. Det minna meg om ein gong eg vakna på nattoget til Sør-Frankrike og ikkje fekk sove, og vart ståande i døra med ope vindu, og vi passerte ein lavendel-åker som sto og anga i morgongryet. Så intenst var det. Lufta var mett av brød-ange, og så fann Einar fram ein sjokolade.

Eg er eigentleg ikkje så glad i sjokolade. Eg et det, det er ikkje det, og til ein kaffikopp syns eg ein liten bit passar godt. Men denne sjokoladen! Det var Walters mandler, god, mjuk, glinsande søt sjokolade, med knasande sprø bitar av brente mandlar. Han hadde ei sånn 200 grams plate, og han delte ut i digre striper. No sikla eg. Bokstaveleg talt. Det rann faktisk litt ned på skjortebrystet mitt. Eg trur ikkje nokon såg det. Det var i alle fall ingen som sa «Hei, Ole Johannes, no må du lukke att munnen din, for no renn det spytt ut av han og utover kleda dine!». På den annen side, det skal no noko til at folk seier sånt.

Eg skrelte meg eit hardkokt egg. Eg kom til å tenke på noko daggammal, vassen makaroni eg hadde sett i kjøleskapet dagen før. At det er mulig å bli so sinnssjuk av karbo-trang? Dette var heilt på høgde med dei første dagane då eg slutta å røyke. På nedturen trur eg faktisk ikkje det gjekk fem sekund sammenhengande, utan at eg tenkte på brød og potetstappe og banan og firkorn med yoghurt. Eg heldt på å bli galen.

– Okei, tenkte eg då eg kom heim, no må vi ta eit oppgjer med oss sjølv. Eg har tålt mykje. Eg har tålt intervalløkter i haglstorm. Eg har tålt to mils turar på roten snø og klabbeski. Eg har tålt å ligge i senga mi og fryse av energimangel, eg har tålt å bære 43 kilo opp 900 høgdemeter og vore så sliten at eg heldt på å legge meg til å sove ute, i badebukse, sju grader og regn. Slike ting har eg tålt, dag etter dag i snart to år. Og det har vore verdt det. Men ein plass går grensa, og den går faktisk akkurat her. Det tenkte eg.

Og så gav eg ein jamn og god, og beint fram inderlig faen i heile karbo-kuttet. Og så smurte eg meg ei brødskive. Og ei til. Og så ei til.

I dag fekk eg ein artikkel frå Siri Marte Hollekim, trenaren min, om karbo-loading, der det sto å lese følgjande, og eg siterer: «Nyere studier viser imidlertid at det ikke er nødvendig med tømmingsfasen, som anses for å være tøff å gjennomføre. »  A-HA! Det er altså berre å vente til tre dagar før løpet, og så GÅ RETT PÅ KARBO-FRÅTSINGA!»  Jammen godt eg gav meg i tide i går. Ellers trur eg rett og slett eg hadde blitt galen. Trur ikkje eg hadde holdt lenge på ein lavkarbo-diett, gitt.

Utover det? Føler at eg er i mål, faktisk. Med prosjektet mitt, sånn sett. Sendte ein sms til Siri Marte fredag med bilde av meg på topptur, og skreiv «Hei! Sjette topptur på 12 dagar» Og då skreiv ho tilbake: «Fantastisk! Da er du der du drømte om å komme da vi møttes første gang!» Og det kom eg på då, at det er faktisk sant. At det var det råaste målet eg hadde den gangen.  Å bli ein av dei som er i så sinnssjuk form, at dei utan å nøle spenner på seg blytunge fjellski og legg i vei på topptur, går opp fjellsidene utan at det kostar dei nokon ting, og feiar nedatt i ein sprut av snø og glede. Og der er eg no.

Det vart faktisk to turar til i helga. Er opp i åtte toppar på fjorten dagar no.

Det er faktisk komt dit hen, at eg gledar meg til løpet på lørdag.

Tenk å kunne gjere slikt annakvar ettermiddag? Der er eg faktisk no. Og det er HERRR-LIGGG!! (Foto: Einar)

Kommentarer