Arkiv | Motivasjon RSS-strøm for denne seksjonen

Heisar handduken

«Kaster inn håndkledet», sto det på bt.no her om dagen, rett ved sida av eit bilete av meg. Eg fann ikkje ut kven som hadde kasta inn handduken, men det var i alle fall ikkje meg. Eg har ikkje kasta handduken min verken inn eller ut, eller bak eller fram, eg har derimot heist han […]

Les mer

Mental trening

Eg trur at skal ein greie eit maraton, må ein trene på å ikkje gi seg. Av og til må ein gje seg ut på turar ein ikkje anar omfanget av. Det greidde eg veldig fint i helga…

Les mer

Oppturane

– Merkar du at ting blir lettare? var det ein som spurte meg. – Det ville blitt ei lang liste, sa eg. Og her kjem ho:

Les mer

– Et egg med hode

I dag passerte eg 30 kilo vektnedgang. Morgonvekt i dag: 109,5 kilo. Eg kom over ein video av meg frå då eg var 140, og då kona mi såg det, glapp det ut av ho: – Du ser ut som et egg med hode på!

Les mer

Ti kilo mindre

Den 29. mars, klokka 0745 viste badevekta mi 115,8 kilo. Det betyr at eg har gått ned ti kilo sidan eg begynte denne bloggen 4. februar.  Det er ti kilo på sju veker, eller ca. 1,4 kilo i veka.

Les mer

Krisepsykiatri

Den siste veka har vore tung. Til tross for ingen dag med mindre enn halvannan time på ergometersykkelen, og fire dagar med styrkeøvelsar, er det liten framgang å spore. Eg har vore fryktelig matt nokre ettermiddagar, eg har frose mykje, og humøret har svinga veldig.

Les mer

Å klare det umulige

– Korleis i heitaste greier du å tilbringe tre stive timar på ein ergometersykkel på ein dag? spurte ein kamerat meg. Og eg forstår at han spør om det. Heilt til for ein månad sidan såg eg på ergometersykkelen som det verst tenkelege som kunne skje meg.

Les mer

Finn feiten

I dag blir det litt alvor her: Kor lenge har du att å leve, trur du? Då eg bestemte meg for å ta tak i livet mitt, vog eg 140 kilo. På den tid var eg begynt å leike ein liten selskapsleik med meg sjølv: Studer ei menneskemengde, kor som helst, og sjå om du […]

Les mer

Har du nokon gong angra

…på at du kom deg ut? Det lurar eg ofte på. Har det nokon gong hendt at du – etter å ha kasta vekk mykje tid med gruing og luring – har komt deg ut døra, og komt deg på gå/ski/sykkel/fjelltur, og så, etter ti minutt, så tenkte du: – Nei, dette var ein idiotisk […]

Les mer

Drittsekkane

Ein ting må ein passe seg for, når ein er i gang med sitt livs prosjekt, og susar langs livets landeveg på ein føhnvind av glede og suksess: Drittsekkane.

Les mer