Fingrane av Munch, Oslo

Bystyret i Oslo, med Ap og SV i spissen, skuslar bort nytt Munch-museum i ein provinsiell farse.

 

Edvard Munch er ikkje berre Noregs aller største kunstnar gjennom tidene, han er ein av kunsthistorias viktigaste. Dessverre blei arva etter han – over 25.000 verk – gitt til Oslo kommune i 1940, som har vist seg notorisk ute av stand til å ta vare på det dei fekk. Sidan har det vore 70 år med misleghald av arva etter Munch.

SKRIK: Dessverre blei arva etter Edvard Munch – over 25.000 verk – gitt til Oslo kommune i 1940, som har vist seg notorisk ute av stand til å ta vare på det dei fekk. Sidan har det vore 70 år med misleghald av arva etter Munch, skriv BTs kulturredaktør, Hilde Sandvik.

No sørgjer ein politisk farse for at illgjerninga kan kome til å halde fram i uføreseieleg framtid: Nytt Munch-museum, Lambda, manglar to stemmer i Oslo bystyre etter at Frp har skeina inn og ut av hestehandlar etter kor dei har oppfatta dei populistiske vindane har flagra. I praksis er vi i den situasjonen at Frp sin eldregeneral, Carl I. Hagen – mannen som meiner at ein bør selje eit par måleri for å skaffe inntekter til museet – førebels har siste ordet i korleis ein skal forvalte verdsarva.

Det einaste det er semje om er at nytt Munch-museum må til. Tre forslag ligg i dag på bordet, men ingen av dei har fleirtal: Munch-museet i Nasjonalgalleriet (Frp), Munch på Tøyen (SV og Ap) eller Munch i Bjørvika (Høgre, Venstre og KrF). Denne veka lanserte så kulturredaktør i Aftenposten eit fjerde forslag; å hente opp att andreprisvinnaren. Som om ikkje saka var komplisert nok.
 I sentrum for striden ligg kva som skjer med sjøfronten i Oslo, som er – og bør – vere heilag i byutviklingsperspektiv. Verken Oslo eller Bergen har greidd å ta vare på kyststripa. Sjøfronten i Oslo kjem i løpet av få år til å endra heilt karakter. Byen veks, ein stad må folk bu, og i Oslo er det to alternativ til byutvikling: I høgda eller i Nordmarka. Oslo er i ferd med å få ein heilt ny skyline, den såkalla Barcode, ei rekkje bygningar som blir oppført fram til 2014. Barcode skal huse opp mot 10.000 arbeidsplassar og knapt 500 bustader. At Oslofolk er uroa kan ein skjøne, men i staden for å ta diskusjon om sjøfronten har kultureliten, med kommentariatet på slep, valgt seg Munch-museet som symbol på motstanden fordi det er ei offentleg investering som av den grunn opnar for debatt.

Det er komplett umogleg å skjøne at bypolitikarar og kommentatorar har fått lov til å herje denne debatten åleine

Sett frå utsida av hovudstaden er det komplett umogleg å skjøne at bypolitikarar og kommentatorar har fått lov til å herje denne debatten åleine. Ein mann som Yngve Kvistad, kommentator i VG, har gong på gong slått fast at no er Lambda-prosjektet dødt. Kvistad har vore klar heile tida: Han vil ikkje ha Lambda. Trur han det går troll i ord om han tek livet av prosjektet mange nok gonger i landets største avis?
Den politiske røyndommen er at enn så lenge er Lambda det alternativet som har størst mindretal – og at det framleis er fleirtal for nytt Munch-museum. Med andre ord, skal ein få eit nytt museum, vil det primære standpunktet måtte vike for eit sekundært. Eller ein kan risikere det som også er sannsynleg no: At det ikkje blir nytt Munch-museum.

LAMBDA: Alt er klart til å starte bygginga av Lambda neste haust. Alle andre alternativ vil skyve arbeidet med nytt Munch-museum ut i uføreseieleg framtid. I mellomtida lir Munchs arv på Tøyen.

For seks år sidan avdekte ein rapport frå Norsk institutt for Kulturminneforskning (NIKU) at heile 1060 av dei 1131 Munch-måleria i samlinga trong omfattande handsaming; maling losna, det var rifter, oppskaling, deformering og misfarging på måleria. I dag blir kunsten forvalta i eit snart 50 år gammalt hus på Tøyen som sprekk opp, som har elendige ventilasjonssystem og slit med sopp og lekkasjar.
Etter at huset blei bygd har også stadig større delar av arealet blitt bandlagt av sikringstiltak.

Eit museum som burde ha vore oppe på høgd med Van Gogh-museet i besøkstal, har opplevd at det stadig er færre som finn vegen dit. Informasjonsarbeidet var det til nyleg kulturetatenved Oslo kommune som tok seg av. Og i augneblinken er altså diskusjonen om Munch redusert til kor lang tid poeten Jan Erik Vold brukar på å gå til Tøyen. Til samanlikning står Van Gogh-museet i Amsterdam fram som eit nasjonalt og internasjonalt museum, der 80 prosent av dei som kjem på museet er vitjande i byen.
Det er gode grunnar til å tru at størsteparten av dei som besøkjer Munch-museet på Tøyen også er tilreisande (dei få som finn fram). Men i Noreg skal altså omsynet til dei resterande tjue prosentane likevel ha det siste ordet for plassering og presentasjon av verdsarva Munch.
Det er skammeleg.

Tags: ,

Kommentarer