Bortkasta bistandsforsking

Norsk bistandspolitikk er ramma av kunnskapsvegring.

Ikkje ein gong for bistandsbyråkratar er det sjølvsagt at dei les evalueringsrapportane om korleis norsk bistand fungerer eller ikkje fungerer. Når interessa for kva dei kan læra av tidlegare røynsler er så lita, aukar faren for at dei gjer gamle feil om att. Slik kunnskapsvegring skal ikkje tolererast. Dertil er bistandsbudsjetta for store og kunnskapane for små om kva konsekvensar norsk-finansierte tiltak har for mottakarlanda.

Det er ein forsningsrapport om forskningsrapportane som har avslørt kor meiningslaus bistandsforsking kan vera. Eit internasjonalt konsulentlag står bak forskinga om forskinga, og konkluderer med at korkje fri forsking eller oppdrags-
forsking på vegne av Norad i særleg grad blir nytta som grunnlag for avgjerder om 
bistand.

Bistandsforskinga framstår som sysselsetjingstiltak og logring for oppdragsgjevaren som sit på pengesekken.

Eit samla bistandsbudsjett på tett oppunder tretti milliardar
kroner i året tilseier eit stort behov for kunnskap om kva effekt pengebruken har. Den kunnskapen bistandsbyråkrat-ane har i så måte er ikkje stort å briska seg med, ifølgje professor Anne Welle-Strand: Vi har liten empirisk viten om korvidt norsk bistandsstrategi faktisk fremjar sosial og økonomisk utvikling i mottakarlandet, seier ho. Anne Welle-Strand meiner det er eit gjennomgåande trekk ved norsk bistand at ingen blir stilte til ansvar for dårlege resultat.

Utviklingsminister Erik 
Solheim (SV) seier på si side at forskingsrapportane blir både lesne og aktivt brukte til å 
utvikla ny politikk. Ifølgje statsråden har det ført til at Noreg har stoppa eller endra bistanden. Eirik Solheim burde kanskje tinga sin eigen rapport om rapporten om rapportane?

Effekten av alt mellomstatleg bistandsarbeid er omstridd, det er ikkje berre norsk bistand som ikkje i tilstrekkeleg grad er basert på kunnskap og 
vitskap. Noreg har internasjonalt anerkjende forskingsmiljø, ikkje minst i Bergen, som i høgare grad burde vore nytta til fri forsking på dette feltet. Ikkje berre for statsrådens og Norads del, men også for at landets veljarar skal kunne få auka kunnskap om den pengemessig store, norske innsatsen.

Klargjering av ansvar, som Anne Welle-Strand etterlyser, ville blitt enklare dersom norsk bistand vart konsentrert om færre land og færre prioriterte oppgåver. Dagens vidspreidde innsats gjer det ekstra vanskeleg både å trekkja lærdom av
tidlegare røynsler og å føreta kursendringar.

Det er ikkje berre byråkratane som kan gøyma seg bak mylderet av engasjement. Det kan politikarane også gjera. Dei som treng bistand fortener betre.

Kommentarer