Storforlangande pasientar

Norske legar har dårleg trening i å kommunisera med pasientane sine. Somme toler heller ikkje kritikk for manglande evner i så måte.

ELENDIGE SKUSSMÅL: Heile elleve prosent av dei spurde, norske pasientane meiner at legen eller helsepersonellet sjeldan eller aldri kjenner til sjukehistorien deira. ILLUSTRASJON: COLORBOX

DET MINSTE EG hadde venta var å bli møtt med ein smule respekt, stønna eg etter mitt første møte med fastlegen.

– Heilt samd, sa ei av dei uskuldige eg møtte i resepsjonen etter overhøvlinga.

– Så gå inn og sei frå til han, då, sa eg.

Det er eg ganske sikker på at ho ikkje gjorde. Å kritisera ein kollega i eit laugsvesen krev stort mot – eg er overtydd om at legar og sjukepleiarar er minst like feige som andre yrkesgrupper. Det er kanskje ein av grunnane til at norske legar får elendige skussmål for evne til kommunikasjon i ei internasjonal gransking.

Heile elleve prosent av dei spurde, norske pasientane meiner at legen eller helsepersonellet sjeldan eller aldri kjenner til sjukehistorien deira, går det fram av granskinga, den tredje i sitt slag, i regi av Commonwealth Fund. Ti europeiske land, pluss USA, deltok. Berre svenskane var meir misnøgde enn nordmenn når det gjaldt kunnskap om noko så grunnleggjande som sjukdomshistorien til pasientane. Eg ville ha slutta meg til dei elleve prosentane etter opplevinga på eit legesenter i Bergen.

NORSKE PASIENTAR er ikkje så redde for å fortelja kva dei meiner, ifølgje Bård Fossli Jensen. Han er utdanna barnelege og har i tillegg doktorgrad i kommunikasjon mellom legar og pasientar. Mannen med denne sjeldne fagbakgrunnen meiner mangelen på frykt for legen er ein del av forklaringa på kvifor norske pasientar er så misnøgde med kommunikasjonen med legane, og kvifor dei er så negative i synet på helsevesenet generelt.

Den andre delen av forklaringa er at Noreg «har veldig langt igjen når det gjelder å tilby leger trening i samtaleferdigheter», slik kommunikasjonseksperten uttrykkjer seg til Aftenposten. Han hevdar at dei fleste norske pasientar er lite kravstore, høflege, forståingsfulle og takknemlege. Dersom dei varslar om tilhøve som burde vore betre, er det høgst sannsynleg rett. Klagen bør takast på alvor, ikkje som eit uttrykk for at pasientane er spesielt krevjande, seier Bård Fossli Jensen.

Den mannen burde teke både den tidlegare fastlegen min, legesenteret hans og ei rekkje andre representantar for den norske legestanden i skule.

Det høyrest nokså forhistorisk ut at pasientar skulle vera redde for å seia kva dei meiner til legen sin, slik Bård Fossli Jensen indirekte antyder at pasientar i andre land kan ha det. Det må ha vore vikingarven som gjorde at eg ikkje kjende den minste frykt den eine gongen for mange år sidan då eg måtte oppsøkja lege i Frankrike. Det eg kjende mest på, var vantru over kor raskt eg kom til, kor smakfullt venterommet var innreidd, kor høvisk og hjelpsam legen var, kor god tid han gav seg. Den einaste legefrykten fransk-norske kjenningar den gongen gav uttrykk for, var risikoen for å måtta oppsøkja lege i Noreg, den uendeleg lange ventetida, byråkratiet, dei tarvelege venteromma, legar som skulle ha dei ut av kontora så raskt som mogleg, elendige apotek.

DET FINST KNAPT noko land i verda som har så mange legar i høve til innbyggjartalet som Noreg, talet på legestudentar er så høgt at det synest utruleg at det skulle vera jobbar til alle. Ein kommisjon som har granska årsakene til sjukefråveret, kom i 2006 til at den liberale sjukmeldingspraksisen kanskje delvis kunne tilskrivast risiko for å mista pasientar. Men den risikoen har enno ikkje gjeve seg utslag i lett tilgang til pasientlistene, eller kort ventetid hos etterspurde fastlegar. Ikkje berre synest behovet for legetenester utan grenser, kommunikasjonsvanskar aukar nok heller ikkje produktiviteten.

– Storforlangande pasientar! sa eks-fastlegen min.

– Eg har det travelt, eg har ikkje tid, sa han, då eg tok opp noko eg meinte var eit uskuldig spørsmål. Han gjekk så langt han kunne i å seia meg opp som pasient.

– Pasientane mine er hysteriske kvinnfolk som eg ikkje kan gjera noko for, klaga ein kjenning av meg til sjefen sin på legesenteret, ein gong for lenge sidan. Kjenningen min var ung og nyutdanna og ein smule rebelsk av seg, ikkje heilt ferdigknadd i Legeforeningens kakeform.

– Det er dei hysteriske kvinnfolka du lever av, svara sjefen hans.

Hysteriske kvinnfolk og storforlangande gamlingar gjer det nok ikkje alltid like lett å driva legepraksis. I verste fall kan det bli klage til fylkeslegen, kanskje til og med offentleg reprimande som resultat. Eks-fastlegen min er sjølv ein eldre herre, og kanskje ikkje van med at pasientar snakkar til han i forventning om at han ikkje prøver seg på hersketeknikkar, eller at legesenteret hans ignorerer pasientklager.

EG YNSKJER IKKJE nokon lege som snakkar meg etter munnen, korkje for å få betre omdøme eller fordi vedkomande treng dei inntektene eg representerer. Hysteriske kvinnfolk og storforlangande, gamle menn har også behov for korreksjonar, sjølv om vi er «lite kravstore, høflege, forståingsfulle og takknemlege», som Bård Fossli Jensen gjev oss attest for å vera..

Ein slik attest burde kanskje også legar prøva å gjera seg fortente til?

Kommentarer