Ein totalkvote for årlege utslepp globalt, som reduserast år for år etter naudsynte klimamål, kan redde jorda for etterkommarane våre. Totalkvoten kan så auksjonerast ut til selskap som vinn ut fossilt drivstoff. Men då må landa i verda bli einige.

UTSLEPPA AUKAR: Utan ein global revolusjon for eit samfunn utan bruk av fossilt drivstoff, vil store delar av kloden bli ueigna som bustad for menneske. Biletet er frå oljesandindustri i Alberta, Canada. ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANSEN
Kjende økonomar har i fleire år peika på at det let seg gjera å stabilisera klimaendringane med ein aukande skatt på fossilt drivstoff for å betala for klima- og miljøskadar. Med tilstrekkeleg høg pris på karbon vil marknadskreftene løysa krisa utan å skada verdsøkonomien.
Tida renn ut
Klimavitskapen har lenge åtvara om at tida er meir enn knapp for å få ned utsleppa. FNs klimapanel IPCC skreiv i 2007 at for å nå togradarsmålet, må auken i utsleppa flatast ut ved 2015, og 50 til 80 prosent av utsleppa kuttast ut før 2050. Seinare har forskarar funne at desse krava må strammast inn.
Til dømes finn den verdsleiande forskaren James Hansen at togradarsmålet er ei oppskrift på katastrofe og at stabilisering av klimaendringane krev ein reduksjon på seks prosent i året i utsleppa av CO2 frå neste år av. I tillegg kjem ei rekkje andre tiltak som å venda avskoginga i verda til aukande binding av karbon i skog.
Vi grip ikkje sjansen
Dei mest alarmerande utsegnene kom no i november frå sjølvaste IEA, Det internasjonale energibyrået. For å nå togradarsmålet har verda eit totalbudsjett til rådvelde for akkumulerte utslepp. IEA finn at om trenden i utsleppa aukar som no, vil verda ha brukt opp budsjettet i 2017.
IEA hevdar at dei fleste kraftverk og størstedelen av industrien i verda vil vera basert på fossile drivstoff i fleire tiår framover. Alt tyder på at det også blir bygd så mange nye liknande anlegg og så mange køyretøy basert på fossilt drivstoff dei neste fem åra at det vert umogeleg å halda den globale oppvarminga innan akseptable grenser. Siste sjanse for å nedkjempa farlege klimaendringar vil då bli borte for alltid.
Ved til bålet
I fleire år har IEA ropa på ein grøn energirevolusjon og skriv i år: Det er få teikn til at den naudsynte radikale endringa i bruken av energi er på veg. Sjølv om oppgangen i verdsøkonomien sidan 2009 har vore ujamn og utsiktene i økonomien er usikre, auka energibruken i verda med heile fem prosent i 2010, noko som gav rekordhøge utslepp av CO2. Subsidiar for å oppmuntra til bruk av fossile drivstoff auka til over 400 milliardar dollar. Subsidiar til fornybar energi var til samanlikning berre 55 milliardar, og IEA ser berre for seg ein auke til 180 milliardar innan 2035.
Tragisk nok let verda scenarioet business-as-usual gjelda
IEA kjem fram til ein auke i global overflatetemperatur på 3,5 grader om dagsens planar for klimatiltak i verda blir gjennomførde. Ein slik temperaturauke vil gje oss mange millionar klimaflyktningar og over tid føra til stor smelting av innlandsis. Om planane ikkje blir gjennomførde, blir auken estimert til seks grader. Dette vil føra til at store delar av kloden ikkje lenger er eigna som bustad for menneske. Vi vil leggja til at forskarar som James Hansen meiner at ei så stor oppvarming gir risiko for ein galopperande oppvarming som kan leggja jorda aude.
Å utsetja er falsk økonomi
Byrået understrekar den kritiske rolla regjeringane har i å definera mål og gjennomføra naudsynt politikk for å forma energiframtida vår. Mange regjeringar skuldar på stagnerande økonomi og finanskrise. Men IEA skriv at å utsetja tiltak er falsk økonomi. For kvar krone ein let vera å investera før 2020, må det investerast fire kroner etter 2020 for å kompensera for auka utslepp.
Tragisk nok let verda scenarioet business-as-usual gjelda, no er det ukonvensjonelle karbonkjelder som oljesand som skal utvinnast. Klimasituasjonen kan liknast med eit hus i brann. Regjeringar syter for at bøtter blir helt på flammen, bøtter med petroleum (fritt etter Damian Carrington, Guardian).
Eit hangande snøre
Det ser ikkje ut som dei internasjonale tingingane kan redda oss. Dei er prega av fleire kompliserte, korrupsjonsutsette mekanismar i tillegg til nasjonale tiltak. Etter tingingar i nesten 20 år er Kyotoavtalen det einaste resultatet. Men etter at avtalen blei underteikna, har utsleppa auka meir enn tidlegare. I så måte er Noreg eit typisk land. Medan vi lova at utsleppa berre skulle auka med ein prosent sidan 1990, har dei auka med åtte prosent.
Det finst truleg berre ein metode som kan føra til raske klimakutt. Metoden går under namnet Kyoto 2 og har som utgangspunkt at det blir sett eit tak for årlege utslepp globalt, eller ein totalkvote. Taket må reduserast år for år etter naudsynte klimamål. Totalkvoten kan så auksjonerast ut til selskap som vinn ut fossilt drivstoff. Det finst ikkje fleire store produsentar enn at det let seg gjera å kontrollera eit slikt system.
Utsleppa i 2010 var 30,6 Gigatonn ekvivalentar av CO2. Med ein kvote på 25 Gigatonn og ein pris på 100 dollar pr. tonn CO2-ekvivalentar, noko som svarer til mindre enn tre kroner pr. liter bensin eller diesel, vil ein auksjon av 25 Gigatonn gje oss 2500 milliardar dollar. Denne summen kunne brukast til klimatiltak og berekraftig utvikling i fattige land. Denne summen vil gjera ein stor skilnad for fattige land og mona mykje meir enn dei 100 milliardar Jens Stoltenberg prøver å skaffa frå rike land for klimasatsing i u-land.
Men tingingane er enno ikkje i nærleiken av slike løysingar. Vona ligg i at u-land ikkje let seg freista av framlegg frå rike land til løysingar utan tilstrekkeleg verknad. U-landa har gode kort på handa. Deira akkumulerte klimautslepp er som ein til fleire hundre i høve til land som USA og Storbritannia. Det er då svært urettvist at det er fattige land som først og sterkast vil lida under klimaskadane som rike land er skuld i.
Ein siste utveg?
Mange synest å tru at ny teknologi kan redda oss. Metodar som å sleppa partiklar opp i stratosfæren for å dimma for sollyset, kan ikkje brukast, fordi vi ikkje vil ha tilstrekkeleg kunnskap om verknaden, og fordi utslepp av CO2 forsurar havet. Det er teknisk mogleg å fanga CO2 direkte frå lufta, komprimera og pumpa den ned i jorda, men det krev mykje energi. Skal ein til dømes nøytralisera norske utslepp på omtrent 12 tonn CO2 i året pr. person, krev dette 18 kilowattimar (kWh) pr. dag pr. person. Den store energibruken illustrerer at det er svært lite truleg at satsing på slike metodar vil gje resultat som monar.
Ta den moralske utfordringa
For å kunna stogga den globale oppvarming før det er for seint, treng vi ein global revolusjon for eit samfunn utan bruk av fossilt drivstoff ved å satsa på energieffektivisering og fornybar energi. Det kan framleis vera mogeleg å redda jorda for etterkommarane våre.
Men oppgåva er formidabel og utgjer ei moralsk utfordring meir krevjande og omfattande enn det var å oppheva slaveriet på 1800-talet og nedkjempa nazismen i førre hundreåret. Det gjeld å mobilisera alle gode krefter for å skapa levelege vilkår for born som lever i dag og for nye generasjonar.
fakta
internasjonalt klima
Etter tingingar i nesten 20 år er Kyotoavtalen frå 1997 einaste resultat.
I-landa skulle redusere utsleppa sine med 5,2 % innan 2012, men utsleppa har auka.
Noreg skulle få auka utsleppa med ein prosent etter 1990, men dei har dei auka med åtte prosent
28. november til 9. desember holder FN sin store klimakonferanse i Durban i Sør-Afrika