Strilekommunane vil oppleva sterkare press enn Bergen, dersom prognosane for folketalsutviklinga slår til.

MANGE NYE BUSTADER: I 2002 peika fylkeskommunen ut Straume som eit av fleire regionsenter der det skal leggjast til rette for ei tett, urban utvikling. Eit grått kjøpesenter skal bli til ein grøn by, og ved Sartor Storsenter er byggjearbeida i gang. Her vert det plass til både butikkar, kontor og bustader. FOTO: JAN M. LILLEBØ
Godt over 40.000 askøyværingar i 2040? Godt over 30.000 fjellsokningar? Kommunestyra i strilekommunane vil få det endå travlare enn byrådet i Bergen, om dei skal greia å rydda rom for den sterke folkeauken som er venta, ifølgje prognosane frå Statistisk sentralbyrå.
Askøy, som ligg fremst i løypa, kan få 63 prosent fleire innbyggjarar dei neste tretti åra. Bergen får vesentleg mindre trøkk, meiner prognosemakarane, med 36 prosent auke. Men med 93.000 nye bergensarar, får også byrådsleiar Monica Mæland (H) og etterfølgjarane hennar nok å henga fingrane i.
Det er først og fremst arbeidsinnvandrarar som sørgjer for den sterke folketalsauken i bergensregionen og elles i landet. Hordalendingane greier rett nok å framskaffa ein liten auke ved eiga hjelp, med fleire fødslar enn dødsfall, med etter måten fruktbare kvinner og seigliva innfødde. Men det monnar ikkje stort samanlikna med talet innvandrarar, dei aller fleste frå Europa, især frå Aust-Europa.
Nettoinnvandring står for 70 prosent av den norske folkeauken hittil i år. Polakkar og litauarar har for lengst kjøpt sine eigne oppussingsobjekt med potensial i utkantgrender på Askøy og i Fjell. Somme et kanskje pale til middag også.
Kor mange som blir verande, og kor mange som får familien med seg frå heimlandet, vil gje store utslag i statistikken. Så langt fram som til 2040 er det uråd å ha noka sikker meining om flyttestraumane.
Statistisk sentralbyrå byggjer prognosane sine på framskrivingar av eksisterande trendar, med ein del justeringar. Byrået har då også ei framskriving som viser lågare tal og ei som viser høgare tal enn det mest brukte midtalternativet.
Ekstra usikre blir prognosane for einskildkommunar og regionar. Føresetnaden for storstilt arbeidsinnvandring er at arbeidsløysa vil bli vedvarande høg i utvandringslanda, at det er jobbar å få her til lands, og at det er bustader tilgjengeleg, om marknaden skal fungera.
Førebels er jobbtilbodet her til lands så godt at Noreg er i ferd med å bli eit av Europas fremste innvandringsland, i ein verdsdel i krise. Prognosane tilseier at Noreg kan få fleire innbyggjarar enn både Danmark og Finland den neste generasjonen.
Lokalpolitikarane i Hordaland må i alle høve førebu seg på store endringar i innbyggjartala. Det inneber ein ytterlegare konsentrasjon av hordalendingane i bergensområdet og på det meste av kysten elles.
Berre nokre få, små kommunar er spådd nedgang i folketalet fram til 2040; Fedje, Masfjorden, Jondal og Ulvik. Men i den samla Hardanger-regionen er det så vidt folketalet blir halde oppe. I Voss og i midtre delar av fylket er veksten liten.
Sjølv i små kommunar i stagnasjon eller tilbakegang, kan talet på innvandrarar vera utslagsgjevande for utviklinga. Også slike stader kan det vera jobb å få, det er viktigaste forklaringa på at heile 309 av 430 kommunar har hatt vekst i folketalet hittil i år.
Men dei store byane trekkjer framleis til seg stadig meir av den norske folkesetnaden, især av norskætta ungdommar som søkjer høgare utdanning. Oslo står i særstilling som tilflyttarmagnet, med Bergen på ein meir smålåten andreplass. Felles for dei store byane er at samtidig med veksten skjer det gjerne ei utflytting av barnefamiliar.
Strileframrykkinga har samanheng med tilgangen på einebustader i det området som planleggjarane reknar som ein felles arbeids- og bustadmarknad.
I omegnskommunane til Bergen er einebustader den dominerande buforma, noko som er tillokkande for mange barnefamiliar. I Fjell kommune er no meir enn halvparten av innbyggjarane innflyttarar, og for ein del år sidan hadde Fjell norsk rekord i barnetal i høve til andre aldersgrupper.
Liknande utviklingstrekk går att i dei andre store tilflyttingskommunane i bergensregionen, som Askøy, Os, Meland og Sund. Det er desse kommunane som står for den mest storstilte folkeveksten i Hordaland, og som gjer at det samla talet på innbyggjarar i alle strilekommunane vil auka frå om lag 130. 000 i år til om lag 190.000 i 2040, ifølgje prognosane.
Fortetting av bustadområdaer Bergens program for å finna plass til den venta folkeauken. Meir bymessig utbygging er også aktuell politikk i omegns-kommunane.
lasskrevjande einebustader, med fordyrande offentlege tenester og infrastruktur og med ineffektiv kollektivtransport, får truleg redusert del av bustadmarknaden, også på strilelandet.
Meir einsretting av både bu- og leveformer grip om seg i store delar av landet. I vekstområda, by som land, vil lokalpolitikarane møta mange av dei same utfordringane for å skaffa rom til innvandrarar og andre innflyttarar.
Hovudoppgåva blir å skaffa nok bustader og den nye infrastrukturen som trengst. Ikkje berre mange nok bustader, men også til prisar som er oppnåelege for nykomarar på den norske marknaden.
Einsrettinga gjer sitt til at strileekspansjonen blir like mykje ein byekspansjon. Det fordums bedehusbeltet på vestlandskysten er blitt oljeglatt.