Mediestyret rundt IQ-en min

Eg skriv dette slik at andre kan forstå kvifor eg framleis synest læraryrket er det beste yrkesvalet for meg, sjølv om ein vert stempla med lav IQ, lav løn og lav status.

 

ALDRI GODE NOK: Korleis definerte dei omgrepet intelligens, og kor relevant er det å nytte den same testen, utvikla for eit militært formål, til å seie noko om nokon sin kompetanse med 30 års mellomrom? spør Bjørn H. Grinde. ILLUSTRASJON: LEONARDO DA VINCIS SKISSE

 

Som relativt ung, mann og utdanna lærar, er eg ikkje framifrå nøgd med måten eg har blitt omtala i media, som følgje av NHH-studien av mannlege lærarar sin IQ. Difor tenkte eg at 23. november 2011 skulle bli eit oppløft i høve til korleis eg kunne tenkje om meg sjølv, og mitt eige utdanningsval.
Oppløftet kom, men ikkje på den måten eg hadde forventa.

Dagen var komen
På konferansen Profesjonsutviklande forsking innan høgskolens utdanningsområde, skulle eg endeleg få høyre professor Kjell Salvanes frå NHH, greie ut om studien som førte til medieoppstyret rundt IQ-en min. Korleis hadde dei definert omgrepet intelligens, og kor relevant er det å nytte den same testen, utvikla for eit militært formål, til å seie noko om nokon sin kompetanse med 30 års mellomrom?
Har ikkje samfunnet sitt behov for kunnskap og kompetanse endra seg over dette tidsrommet? Dette var spørsmål eg undra meg over og som eg gleda meg til å få svar på. Dei svara eg sjølv hadde tenkt ut på førehand fekk meg til å forvente at Salvanes ville kome til å tone ned dei kritiske påstandane sine. Han ville kanskje hevde at bodskapen vart blåst opp og spissa i media. Det som skulle vise seg å hende, var det motsette.

Kvinnene òg
Med flotte diagram og formuleringar presenterte Salvanes ei utviding av påstandane til å gjelde kvinnelege lærarar òg. Her er resonnementet: Psykologiske studiar viser at det er ein korrelasjon på 50 prosent mellom sysken sin IQ.
Dermed kan ein ved hjelp av brørne sine testresultat frå sesjonen, slå fast at kvinnelege lærarar har lågare IQ no enn tidlegare. Salvanes vel her å dra søstera mi ned i den same sumpen, og attpåtil gje meg skulda for det. Eg trur ikkje at ho angrar på at ho valde å ta si utdanning på BI nett no. Ho slepp kanskje unna sidan ho ikkje er lærar?

Minefelt
Salvanes rota seg med dette inn i eit vitskapsteoretisk og etisk minefelt i høve til kva som kan haldast for sanning, og korleis denne kan inspirere og gjere nytte i samfunnet. Han har kanskje utretta mykje i sitt liv, som båe har vore inspirerande og nyttig for mange.
Men denne studien bar preg av ei litt for kreativ hausting av teoriar og datamateriale, som deretter har blitt kopla saman på finurlege måtar for å stadfeste ei hypotese. Studien frå NHH er omfattande, retorisk overtydande og matematikken er sikkert korrekt. Det er berre det at 50 %, det er ikkje meir enn fifty-fifty, og dette multiplisert med fleire usikre ledd fører konklusjonen lenger og lenger vekk frå røyndomen.

Kvifor oss?
I skulen er kvinner i overtal. Slik sett skjønar eg at sensasjonen i NHH-studien vert større om ein òg kan inkludere kvinnelege lærarar. Årsaka til å frykte for kven som tar ansvar for borna våre blir då mykje større. Ein kan ikkje lenger tenkje at det alltid er ei kvinne til stades i skulen, som kan trå til og redde dagen der karane ikkje strekkjer til. Tal kan brukast til så mangt. I dette tilfellet var det oss lærarar som vart kvantifisert.

Salvanes vel her å dra søstera mi ned i den same sumpen

Eg undrar meg over kvifor det vart oss. Ville det vore mindre sensasjonelt om konklusjonen kunne famne om heile det norske folk? Utan å vite om denne synkande IQ-en er ein generell trend eller ikkje, spørst det om der er rett å trekkje ut lærarane som spesielle i denne samanhengen.
Det er ikkje dette eg finn mest urovekkjande. Eg har no eit klarare bilete på kva forsvaret sit med av datamateriale om meg. Det er tydelegvis nok til at dei kan grave fram sensitive opplysingar om søstera mi. Det mest urovekkjande er at dei har dela denne informasjonen med utanforståande.

Kva var poenget?
I etterkant sat eg igjen med fleire spørsmål enn det eg hadde fått svar på. Trur Salvanes at desse påstandane vil betre rekrutteringa til lærarutdanninga? Eksisterer det ein skjult agenda i bodskapen?
Kvar er heilskapen, det store biletet, meininga i dette? Det kan godt hende at Petter Northug luktar fælt under tevling, men det spørst om det er så viktig å få sagt det til han, i det han passerer finnen på opplaupet.

Slik tenkjer vi
For meg og dei eg har rundt meg gjev ikkje resultata frå NHH-studien meining. Det spelar ikkje noko rolle for oss å vite kva IQ-en vår er, ei heller at andre har hatt høgare IQ tidlegare. Det endrar ikkje det faktum at det er vi som er lærarar no. I utdanninga vår har vi lært at vi aldri er gode nok, og at vi difor må arbeide kontinuerleg for å bli betre uansett kor smarte vi er.
Vi skal ikkje naudsynleg bli betre i oss sjølve, men betre for elevane våre, og for moglegheitene deira til å oppleve framtida som meiningsfull. Vi er trena i å observere og til å hente inn informasjon av høg kvalitet, om korleis elevane tenkjer i møte med reelle utfordringar.
Vidare kan vi justere undervisinga og tilbakemeldingane våre, slik at elevane får høyre nett det dei treng for å tenkje litt meir avansert og konstruktivt neste gong dei møter liknande utfordringar i livet sitt. Vi er skodd til å sjå ulike delar som ein del av ein større heilskap. Kvar del vi vel å trekkje inn i undervisninga vår skal grunngjevast pedagogisk og didaktisk, i retning av sluttmålet for opplæringa. Vi skal halde fram med å gjere det vi kan, og vi skal gjere det betre og betre.

Oppløftet
Professor Marit Johnsen-Høines er ei kvinne som ser på matematikk som ein del av språket vi tar i bruk for meistring, for å forstå og for å gjere felles. Slik kan vi og elevane våre oppleve gleda ein får av å fungere saman, tenkje saman og å byggje kvarandre opp.
Ho veit korleis ho kan nytte språket slik at tal gjev meining. Alle tyder noko når det kjem til Marit. Ho ser heile deg. Det formidlar ho kvar dag i sitt daglege virke. Marit er ein av fleire tilsette på Høgskolen i Bergen som har gjeve meg sterke opplevingar og viktige nøklar til korleis eg kan tenkje om opplæring, oppseding og sosialisering. Gong på gong opnar dei auga mine for noko nytt eg før ikkje trudde var mogleg.

Vil gje elevane opplevingar
Å vere lærar eller lærarutdannar handlar om å gjere dette for andre. Det er ei ufatteleg vanskeleg oppgåve, som ein ikkje alltid lukkast med. Eg vil arbeide hardt for å meistre å gje mine elevar slike opplevingar.
Marit Johnsen-Høines fekk tildela Forskings- og utviklingsprisen den 23. november 2011. Ho nytta merksemda til å fortelje oss om det ho tykkjer er meiningsfullt. Det gjorde at dagen bør reknast som stor for oss elevar, studentar, lærarar og lærarutdannarar.

fakta
FoU-prisen
Forskings– og utviklingsprisen.
Høgskolen i Bergen deler kvart år ut FoU-prisen til ein person eller eit miljø som har gjort ein ekstraordinær innsats innan FoU-arbeid, nasjonalt eller internasjonalt.
På konferansen «Profesjonsutviklande forsking innan høgskolens utdanningsområde» 23. november 2011 var professor Kjell Salvanes, NHH, mellom innleiarane. Han tok for seg lærarrolla.
Marit Johnsen-Høines fekk Forskings- og utviklingsprisen 2011. Ho er professor i matematikkdidaktikk. Ho fekk prisen m.a. for si praksisnære tilnærming.
KILDE: HØGSKOLEN I BERGEN

 

 

Kommentarer