Ifølgje dei høgaste anslag bur det fleire enn 250.000 katolikkar her til lands. Og fleire kan det bli, med auka innvandring frå det katolske Sør-Europa.

OVERFYLT: St. Paul kyrkje i Bergen har ikkje alltid plass til alle som vil inn. Biletet er frå desember 2007. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON
For nokre årsidan kom merkverdige fotografi i media: Kristne som låg på kne på asfalten utanfor overfylte kyrkjer. Polske arbeidsinnvandrarar hadde innteke landet i store flokkar, og dei var ikkje det minste flaue over offentleg framsyning av religiøse riter. Dei gjekk muslimane ein høg gang.
På 1960-talet utgjorde katolikkane berre eit par promille av folket. Til gjengjeld var Den katolske kyrkja i ferd med å bli norsk, på det viset at norskfødde medlemer utgjorde fleirtalet. Då hadde det gått 120 år sidan den katolske kyrkja var gjenoppretta i Noreg, med innvandrarar som grunnstamma. Etter kvart gjorde desse tidlege innvandrarane og etterkomarane deira nordmenn av seg, og talet på norskfødde konvertittar auka. Men denne katolske norskdomen skulle ikkje vara lenge. No er kyrkjebakken på St. Paul ei av dei mest fleirkulturelle møtestadene du kan finna i Bergen.
Alt på syttitalet var det kome så mange katolske flyktningar og innvandrarar at dei norskfødde medlemene igjen kom i mindretal. Og dei siste åra har den innvandra kyrkjeveksten vore eksplosiv. 70.000 polske gjestearbeidarar fekk tildelt norsk skattekort i 2011, dei aller fleste katolikkar, mange sterkt truande. Men dei slepp som regel å knela på asfalten. Med fleire polskspråklege messer, blir det betre plass inne i kyrkjene for polakkane.
Medan det er overskot av kyrkjer i dei fleste katolske land i Europa, er det kritisk kyrkjemangel her til lands. Om lag 85.000 personar er registrerte som medlemer i Den katolske kyrkja i Noreg, men svært mange fleire brukar dei kyrkjelege tenestene. Det kan vera fordi dei ikkje kjenner til skikken med å la seg registrera, fordi dei ikkje vil oppgje medlemskap i kyrkja i dei landa dei kjem ifrå, eller eit utal andre grunnar.
Kor mange katolikkar som bur her i landet, er det ikkje råd å finna ut av ved hjelp av vanlege statistiske opplysningar. Den nærastliggjande metoden er å gjera som for anslag av muslimar; å bruka landbakgrunn og fordeling av religiøs tilknyting i desse landa. Med slike reknemåtar, og med kyrkjeleg erfaring, må medlemstalet i kyrkjesamfunnet minst fordoblast.
St. Paul kyrkje i Bergen må romma like mange som to-tre kyrkjelydar, og dei næraste nabokyrkjene ligg i Ålesund og Haugesund. Sjølv om det er gudstenester i lånte og leigde lokale innimellom, reiser mange katolikkar timevis kvar veg for å koma til messe.
Gjennom messene har katolikkane eit religiøst fellesskap som er det same over heile verda. Alle kjenner seg att i messene, om dei enn blir framførde på eit utal språk etter at vatikankonsilet på 1960-talet gav latinen på båten. Dette fellesskapet kan gje inngang til og innpass i Noreg for innvandrarar frå alle land der den katolske kyrkja er etablert.
Ikkje berre kyrkjene, men så å seia alle katolske institusjonar er sprengde. Dagens katolikkar må vera takksame for at forgjengarane satsa så stort, den gongen dei utgjorde ein eksotisk, liten minoritet i det norske samfunnet, den gongen Noreg var for eit misjonsland å rekna blant somme katolikkar. Dei etablerte katolske skular alle stader der det var katolsk kyrkje, dei etablerte kloster og bygde helseinstitusjonar og sjukehus, oftast basert på gåver frå rikare trusfeller i utlandet.
Den sterke veksten har vore medverkande til at kyrkja i rike Noreg, 170 år etter gjenopprettinga, framleis må be om bidrag frå utlandet, helst frå Tyskland. Dei er ikkje nett så rike, mange av nykomarane, somme er hjelpetrengande utan tilgang til det norske velferdssystemet, som nokre av dei nye arbeidsinnvandrarane frå Sør-Europa. Dei tradisjonelle, utanlandske gjevarane til trusfeller i Noreg blir likevel stadig meir påhaldne, ikkje berre fordi den katolske kyrkja taper terreng i Europa, men også fordi kyrkjene i dei tidlegare kommunistlanda blir rekna som meir verdige trengande.
Behovet for nye kyrkjer er grunnen til at katolikkane enno ikkje har sett seg råd til å oppretta vidaregåande skule her til lands. Til hausten blir den første starta i Bergen, og det kan berre skje fordi St. Franciskus-søstrene i si tid bygde sjukehus på Florida og har stilt denne bygningen gratis til disposisjon. Dei akademiske ambisjonane er det likevel ingen ting i vegen med. Katolske skular har godt ord på seg verda over, og Gjermund Høgh, skuleråd for Oslo katolske bispedøme, tidlegare rektor ved St. Paul skole, planlegg ein vidaregåande skule etter klassisk gymnasmønster, jamvel med latin som fag.
Satsinga på skular og helseomsorg, ofte i regi av nonner, har vore ein inngang til aksept og respekt for den katolske kyrkja i Noreg. Etter reformasjonen var katolikkar knapt tolte her til lands. Ikkje ein gong den liberale og framsynte grunnlova frå 1814 tillet religionsfridom; Noreg skulle haldast så reint statskyrkjeleg luthersk som råd var. «Jesuitter og Munkeordener maa ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget», slo Grunnlova fast.
Dei få katolske innvandrarane som fanst før gjenetableringa av den katolske kyrkja i 1842-43, fekk berre halda gudstenester som var stengde for utanforståande, det vil seia for dei norske lutheranarane.
Det er ikkje mange tiåra sidan katolikkar risikerte å bli møtte med både skepsis og det som verre var. Gjermund Høgh meiner eigne røynsler med langvarig minoritetsstatus har gjort sitt til at innvandrarar gjerne søkjer katolske kyrkjer her i landet, at også mange ikkje-katolikkar samlast på kyrkjebakken. – Det har sine fordelar å ikkje sitja for nær makta, seier han.