Distriktspolitisk forsking

Strengare krav til utbyte av forsking ville ramma både små og store høgskular; universiteta ville heller ikkje bli sparde.

Forsking må ikkje bli kamuflert distriktspolitikk, lyder åtvaringa som blir servert av biologiprofessor Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo i siste nummer av Forskerforum. Hans innspel er eit forsøk på å fornya ein gammal debatt om korleis ein knapp tilgang på dyktige forskarar og forskingsmidlar skal brukast her i landet. Men om forsking skal bli meir elitistisk, må også universitets- og høgskulemiljø i sentrale strok av landet setjast under lupa.
Dag O. Hessen gjer rett i å stilla seg kritisk til å spreie forskinga til små miljø utover landet. Og han har rett i at det kan gå ut over undervisingsdelen når høgskular strevar etter å etablera seg som forskingsinstitusjonar; at det korkje kan vera noka plikt eller rett til å driva forsking.

Forskingsressursane må styrast betre om utbytet skal stå i høve til innsatsen, især om det berre er eit teoretisk maksimalutbyte som skal vera avgjerande. I så fall står også fleire små fagmiljø ved universiteta, særleg innanfor humaniora, lagleg til for hogg. Kor mange teatervitskaplege institutt bør det vera her i landet? Kor mange små språkfag er det plass til på budsjetta? Kvifor kan ikkje ei eventuell sanering like gjerne skje i Oslo som i Bergen? Denne hogsten er alt i gang.
Dei største høgskulane, i sentrale deler av landet, ville også blitt ramma av ein meir kynisk kostnad-nytte- analyse av forskingsaktivitetane. At høgskular i dei store byane har ambisjonar om å omdanna seg til universitet, og får gjera det, kan innebera ei minst like problematisk og kostnadskrevjande spreiing av ressursane som forsking «styrt av distriktspolitiske omsyn». 

Dei menneskelege ressursane er avgjerande

Dag O. Hessen passar på å understreka at det går føre seg mykje bra forsking på mindre høgskular rundt om i landet. – Forskingskvalitet er ikkje avhengig av storleik eller geografisk plassering, seier han til Klassekampen. Nettopp. Dei menneskeleg ressursane er avgjerande, og dei finst på dei merkelegaste stader, der dei også kan fungera som viktige ressurspersonar i tverrfaglege miljø. Små høgskular kan jamvel visa seg som korrektiv til meir etablerte miljø.
– Forsking skal vera elitistisk, seier biologiprofessoren. Javisst, forsking må også vera elitistisk, om Noreg skal hevda seg i konkurransen om dei glupaste hjernane og dei driftigaste pådrivarane for eit betre samfunn. Det bør stillast strengare krav til ressursbruken for at det skal bli betre rom for slik forsking. Det kan gå utover mange av dagens forskingsmiljø, men det er ikkje opplagt at dei mindre høgskulane i distrikta bør svi mest.

Kommentarer