Gud fri oss frå eit samfunn der folk let samvitet styra.
Sjå for deg at du skal gifta deg, men sorenskrivaren nektar å signera ekteskapspapira fordi han ikkje trur de giftar dykk av ekte kjærleik. Eller at bankrådgjevaren ikkje vil gje deg lån fordi den store SUV-en du har lyst på vil bidra til å øydeleggja kloden for framtidige generasjonar.
Me menneske er stadig vekk prisgitt konkrete vurderingar gjort av enkeltpersonar. For samfunnet er det ein fordel at desse vurderingane er mest mogeleg samstemte og føreseielege. Ikkje minst gjeld dette offentlege tenester.
I overkant fintfølande
Fastlegane og professorane i allmennmedisin, Edvin Schei og Eivind Meland, tek i Bergens Tidende 06.02 opp legar sin reservasjonsrett. Reservasjonen mot å sjølv delta i inngrep som abort og kunstig befrukting av lesbiske blir sett på som greitt ivareteke i Norge i dag. Ingen tvingar helsepersonell til å utføra slike inngrep, dersom dei ikkje vil. Schei og Meland meiner imidlertid at fastlegar skal kunne reservera seg mot å henvisa til inngrep dei har moralske problem med. Dette er i overkant fintfølande, spesielt med tanke på at portvaktarrolla inn mot spesialisthelsetenesta er ein av fastlegens desidert viktigaste funksjonar.
Som medisinstudent fekk eg undervisning både av Schei og Meland. Ein sentral tanke i deira undervising er at legen, i tillegg til det reint medisinskfaglege, må ta inn over seg pasientane sine «fire F-ar»: følelsar, forventningar, føresetnader og forestillingar. Det er difor med undring eg ser desse to ta til orde for at utvalde deler av legestanden skal få lov til å setja sitt eige kjensleliv over pasientane sine behov og lovfesta rettar.
Inga innpakking
Ei kvinne som kjem til ein «reserverande» fastlege angåande abort vil først få meir eller mindre tydeleg beskjed om at ho gjer noko moralsk og menneskeleg feil. Ein skal vera svært naiv for å tru at denne bodskapen let seg pakka fint inn, same kor empatisk og velkommuniserande legen er.
Deretter må ho gjennom nokre ekstra byråkratiske krumspring, i form av å finna ein annan lege som kan signera for ho. Likevel meiner Norges Kristelege Legeforening (NKLF) at «Reservasjonsmulighet handler ikke om å felle en moralsk dom over pasientene eller å legge hindringer for at pasientene skal få oppfylt sin lovfestede rett til helsehjelp.» (Morgenbladet 01.12.11).
Krev legeshopping
For å hindra at ein endar opp med desperate kvinner på resultatlaus legeshopping i små distriktskommunar, har NKLF følgjande løysing: «Noen ganger er det alt/allereie flere leger i et område som har reservert seg, eller det er lang vei til annen lege. I slike tilfeller kan gode lokale løsninger måtte innebære at man går forbi den best kvalifiserte søkeren til en fastlegehjemmel for at pasientene i området uten urimelig byrde skal få oppfylt sine lovfestede rettigheter.»
Kommunane skal altså byrja å tilsetja folk ut frå religiøs eller personleg overbevising. Rådmannen får berre kryssa fingrane for at ikkje legen plutseleg ser ljoset etter at kontrakten er signert.
Diskriminering av livssyn
Schei og Meland hevdar at reservasjonsretten gjeld så få legar at me kan kosta på oss å vera storsinna. Brukar ein imidlertid deira argument på nær sagt alle andre yrkesgrupper og alle andre personlege overbevisingar, vert det umogelege i standpunktet deira tydeleg.
Kvifor skal ikkje blodraude kommunistlegar få nekta å henvisa til operasjonar på private sjukehus? Vitlaus profittjakt har vitterleg skapt meir liding i verda enn den norske abortlova.
«Men dette er fundamentale moralske spørsmål. Desse sakene er annleis», er omkvedet frå abort- og homomotstandarane. Slike argument byggjer på grov diskriminering av sekulære haldningar til fordel for religiøse, og kan ikkje takast seriøst.
La leva og la døy
Pasientane, legen og samfunnet har ikkje alltid same syn på ting. Forbodet mot dødshjelp kan i yttarste konsekvens medføra at ein held døyande pasientar i live nokre miserable dagar eller veker mot deira ønskje, utan å vera i stand til å fullt ut lindra smertene deira. Enkelte legar vil oppleva dette som djupt traumatisk, men lova er klar, dødshjelp er forboden/forbode/forbodne.
Legar må også respektera Jehovas vitne sine krav om å ikkje få blodoverføring. Dette kan medføra at pasientar det hadde vore trivielt å redda, dør unødig i armane på legen. I slike perspektiv blir det ein tanke sutrete å ikkje ville signera ei tilvising.
Sjølvmartyrisering
Påstandane om «yrkesforbod» for reservasjonslegar, luktar av falsk sjølvmartyrisering. Helsedirektoratet har presisert at det er mogeleg å praktisera allmennmedisin utan å gå inn i den offentleg og juridisk definerte rolla «Fastlege». Litt tungvint er det, ja, men på ingen måte eit uoverkomeleg prosjekt som krev masse omskolering.
Legar er ikkje dei einaste som må ta vanskelege avgjerder og tidvis gå på akkord med seg sjølve i jobben. Ikkje alle politifolk er like nøgde med å dra asylfamiliar ut frå heimane sine og setja dei på flyet sørover. Ikkje alle saksbehandlarar i UDI er urørte av å senda fattige flyktningar ut av verdas rikaste land heim til utrygge tilhøve og uvisse. Ikkje alle dommarar er komfortable med å senda nittenårige småtjuvar på skurke- og narkoskule i fengselet. Dei gjer alle jobben sin ut av respekt for korleis me som eit demokratisk samfunn har organisert oss.
Stor forskjell for pasienten
Me ønskjer alle til tider at verda var annleis, at den var enklare, snillare, betre. Men me lever i den verkelege verda, og må inngå kompromiss med dei realitetar som dukkar opp. Som moralsk bekymra fastlege kan du skriva namnet til ein annan lege på ein papirlapp og be kvinna gå dit i staden for.
Eller du kan skriva namnet ditt på henvisinga og senda den til sjukehuset. Det kan knapt kallast eit stort offer for din del. For pasienten kan det vera ei verd av forskjell.
Førestellingar
Schei og Meland brukar store ord om moralsk einsretting og ein totalitær stat som angrip samvitet til helsepersonell. Dei snur saka på hovudet. Det var kyrkja og lovverket som sørgde for at homofili var ulovleg fram til 70-talet. Det var storsamfunnet som i alle år såg ned på og fordømde lausaktige, skitne kvinner som hadde hamna i ulukka og bar på eit uekte, uønska barn.
Likestillinga i det norske samfunnet er kjempa fram gjennom hardt arbeid over mange tiår. Det er ingen grunn til å fira på standarden no.
Faget og lova forpliktar
Moderne lover og haldningar gjev oss ikkje rett til å trakka på dei som hentar sine moralske prinsipp frå den tida Bibelen framleis var prenta med gotiske skrifttypar. Ingen krever at dei moralsk bekymra fastlegane går gode for alt som skjer innan det norske helsevesenet.
Men spesifikt i rolla som portvaktarar må dei forhalda seg til medisinfaget og Norges lover. Ikkje sine eigne følelsar, forventningar, føresetnader og forestillingar.
Fakta: reservasjonsrett
- Kommunen kan ikkje frita fastlegane, heller ikkje om dei er sjølvstendig næringsdrivande, for oppgåver dei er pålagde ved lov eller forskrift.
- For legar som utfører oppgåver på vegner av kommunen, og som ikkje har listeansvar, kan kommunen velje å avtala at legen ikkje skal utføre bestemte oppgåver.