
KVOTEHANDEL: Når me fraktar laks tur/retur frå Måløy til Kina for filetering, så pyntar dette på tala i vår norske klimarekneskap, skriv Trygve Refsdal. FOTO: Tor Høvik
Eg synest BT sin artikkelserie om kvotehandel burde handla om Kyoto-føringane i norsk klimapolitikk, ikkje minst når det gjeld forskinga. Dei har vore til skade og ført til forvirring.
Bergens Tidende har starta ein artikkelserie om handelen med klimakvotar. Målet er å starta en bred og opplyst debatt før Regjeringa legg fram si klimamelding.
Debatten kring norsk klimapolitikk har vore full av utspel frå særinteresser og lobbyistar, til dels i hytt og ver. Dei må virka forvirrande på folk flest. Difor bør me vel ynskja BT sitt initiativ velkomen?
Eg er skeptisk. Målet for serien i BT er nok å visa kor problematiske våre norske kjøp av klimakvotar er. Og sjølvsagt er dei det. Men alternativet er truleg endå verre. Det er å auka måla for våre klimakutt innanlands. Eg trur det vil oppfordra til endå meir klimasvindel, med utflagging av våre utslepp.
Me får ikkje ein brei og opplyst debatt før me ser på sjølve grunnmuren for vår klimapolitikk, – Kyotoavtalen. Avtalen er irrasjonell, og bidreg kanskje til å auka dei globale utsleppa av klimagassar. Etter at avtalen vart underskriven har våre globale utslepp auka i rekordfart.
Når universitet og høgskular skipar til kurs og seminar på Bali eller i Brasil, i staden for på Os eller Voss, så hjelper det på våre norske klimamål. Det same skjer når svenskehandelen aukar. Når me fraktar granitt tur/retur frå Iddefjorden til India for hogging, og laks tur/retur frå Måløy til Kina for filetering, så pyntar dette på tala i vår norske klimarekneskap. Elektrifisering av oljeinstallasjonar på norsk sokkel pyntar også på våre tal, men aukar truleg dei globale utsleppa. Utsleppsflytt kjem i staden for reelle utsleppskutt.
Eg synest BT sin artikkelserie burde handla om Kyoto-føringane i norsk klimapolitikk, ikkje minst når det gjeld forskinga. Dei har vore til skade og ført til forvirring. Då arbeidet starta, med Lavutslippsutvalget si innstilling, var her inga kritisk drøfting av sjølve grunnlaget for vår politikk. Det har heller ikkje skjedd seinare. Eg synest det er sløvt å freista å byggja hus utan å tenkja på grunnmuren. Fleire gonger har eg prøvd å ta opp desse grunnleggjande spørsmåla, men er blitt refusert. I Aftenposten, i Dagens Næringsliv og også i BT.
«Journalistikk som dette er tidkrevende og kostbar», skriv Gard Steiro. Eg forstår ikkje det. Det kostar ikkje all verda å orientera seg. Alt 7. februar 2007 hadde Financial Times ein god og kompetent gjennomgang av handelen med kvotar. Dei skreiv då at nokre få kinesiske fabrikkar stod for ein stor del av salet av CDM-kvotar, med enorm profitt. Dei slepte ut ein sterk klimagass, HFC-23, som er verdsett 11.700 gonger høgare enn CO2, og selde kvotar verdt 5,9 milliardar dollar etter installering av enkle reinseanlegg til 0,1 milliardar! – Mykje det same som står i BT 15. mars 2012.
Regjeringa har no problem med å koma i land med si klimamelding. Me har starta i feil ende. Ein forskar skriv dette til meg: «Vi skulle gjerne ha forska på andre spørsmål enn de det blir løyvde penger til. Tenk for eksempel på hvor mye penger som bevilges til forskning på produksjon av fornybar energi, og hvor lite som går til å forske på hvordan vi kan redusere energiforbruket. Men så lenge det er mainstream å tro at vi kan produsere oss ut av klimaproblemene, så er det der pengene er».