Middagsbyen Bergen

Det er mange som tener på at Bergen er provinsiell. Det blir mindre kamp om middagsinvitasjonane og posisjonane då.

SKÅL, BERGEN: Etter den tradisjonsrike middagen i Bergen Næringsråd, har det kome stadig fleire middagar, konferansar og seminar der ein ikkje sjeldan møter dei ein møtte på førre middag og konferanse. FOTO: TOR HØVIK

Denne veka arrangerer Universitetet i Bergen Christiekonferansen – med utdeling av Christieprisen til eit menneske som har «bidratt til god samhandling mellom forskning, utdanning og omverdenen.» Det er tredje gongen denne prisen blir delt ut.

Sist onsdag blei den aller første Johan Nordahl Brun-prisen delt ut av Bjørgvin bispedømme. Den skal delast ut årleg til ”ein brubyggjar mellom kyrkje og samfunn”.

Fredag fekk årets kvinnelege gründer i Bergen Fredrikke Quam-prisen, den åttande prismottakaren i sitt slag. Alle prisane grundig feira med fest for utvalde.

Snart er det Festspill, middag og lunsjar i Håkonshallen, Holbergprisen for framragande vitskapeleg arbeid og Nils Klim-prisen for yngre forskar. Så kjem hausten, Lehmkuhlforelesning på NHH med påfølgjande fest og Bergen næringsråds tradisjonelle middag 17. november.

I januar kastar Bergens Tidende seg på galeien med BT-pris for annonsørar, popstjerner og drinkar i høge glas. For ikkje å gløyme Business Region Bergens innovasjonskonferanse Grow.

Er ein i posisjon til det, kan ein gå tørrskodd frå middag til middag, frå fest til fest, frå buffet til buffet gjennom heile året i Bergen. Ein kan feire folk ein kjenner, eller folk ein aldeles ikkje kjenner (Holbergprisvinnaren, til dømes). 

Av og til, (heller ikkje så sjeldan), kan ein finne seg sjølv spankulerande rundt med kongelege og andre notabilitetar. Ein kan kome på nikkeavstand, og tenkje at dronning Sonja kanskje kjenner ein att frå fjorårets liknande tilstelling. I det minste er ein på nikk med bergenske større eller mindre halvkongar, og ein kan tenkje at no er ein på veg inn, heilt opp. Og er ein først komen dit, er det ein herleg stad å vere. For i posisjon oppdagar ein raskt at det løner seg å halde på status quo.

Dette sat eg og tenkte på då eg nyleg var på Troldhaugen for å høyre avdelingsdirektør for Edvard Grieg-museet, Ingrid Røynesdal, diskutere Bergen med operasjef Tom Remlov under den pirrande tittelen ”Bergen – kunstnerisk arnested eller kvelende provinsialisme?”

På dei tjue åra eg har budd i byen, har denne debatten ikkje rikka seg nemneverdig. Det som har skjedd i mellomtida, er at ein har fått fleire prisar, fleire arenaer, fleire interessante seminar. Skeivfordelinga av makt og pengar er likevel nøyaktig den same, hjernefluktdebatten den same. Diskusjonen om bruk av kjelder i media utanfor Ring 3 i Oslo har ikkje rikka seg. Og: Gang etter gang er det dokumentert at pengane går austover, og med dei følgjer kompetanse.

Kvar gong dei nedslåande tala kjem på bordet, kjem det vitnesbyrd om kor vakkert det er her, kor mange som likar seg i Bergen og kor spesielle vestlendingar er. «Jeg blir slått av estetikken», sukka rektor ved Markedshøyskolen – og utflytta bergensar – Trond Blindheim i påskeavisa. Same stad avfeier artisten John Olav Nilsen Oslo som one night-stand.

Og så sit ein på debattar som den mellom Røynesdal og Remlov, og høyrer Remlov snakke vakkert om byen han i si tid budde 14 år i.

”Oslo trenger Bergen”, seier han.

Ja vel? Til kva då? Det er ikkje alltid så lett å skjøne.

NRK som riksmedium speglar kor liten plass Bergen har i nasjonal samanheng. Denne veka skulle eg ha halde foredrag for Kringkastingsrådet om riksmedienes manglande blikk for at landet er større enn hovudstaden. Det er fem år sidan sist. Den gongen heitte foredraget «NRK – eit bittelite stykke Noreg».
«Så står eg her igjen», hadde eg tenkt å starte med. Så ville eg ha vist til større saker NRK valde å neglisjere: Artikkelserien til BT om klimakvotekjøpa, til dømes, eller sakene om Global Shield og Janne Kristiansen, saker BT vann SKUP-diplom for pris for undersøkjande journalistikk med. Og eg ville ha snakka om kor viktig det er at TV 2 blir i Bergen.

Så ville eg ha vist til diskusjonane om skeivfordeling av midlar – til veg og sjukehus, til kulturhus og kulturproduksjon og stilt spørsmålet: Er det ei nasjonal utfordring at ressursane er så skeivt fordelt? Eller er utfordringa berre regional?

I konklusjonen ville eg sagt at så lenge det blir sett på som eit lokalt, ikkje nasjonalt problem at så mykje går til Oslo av det som skulle ha vore felles, så vil debattane vi prøver å løfte aldri bli anna enn kuriosa.

No er denne delen av møtet i Kringkastingsrådet i første omgang utsett til hausten. Kanskje blir eg invitert igjen – om ikkje kringkastingssjefen synest tematikken er old news.

I mellomtida, medan både Stavanger og Trondheim rykkar frå på omdømmebarometeret, kan Bergen alltids oppnemne nok ein pris, arrangere nok ein middag – om ikkje anna så for høvet til å be ein minister og to på vitjing. Og kanskje kjem kongen. For det er enklare å arrangere middag og seminar og snakke om kva som skal gjerast enn å faktisk gjere det.

Eller ein kan gjere som Ingrid Røynesdal foreslo på Troldhaugen: Utnytte at det er så tette forhold i byen, oversjå Oslo, vende blikket utover, brette opp ermane og jobbe.

Kommentarer