Skogplanting – på nasjonal grunn – kan bli eit særs effektivt klimatiltak. Men det må skje med forstand.
Lenge var det regnskogen i land langt borte som – via norsk kapital – skulle berga klimaet. Dei som etterlyste verdien av norsk skog, vart knapt høyrde. I den ferske klimameldinga er tonen ein ganske annan. No er også norsk skog oppgradert til viktig og vel så det i klimasamanheng. God skogskjøtsel kan auka CO2-opptaket monaleg.
Senterpartiet vil gå lenger. Dei tenkjer seg ei storstilt skogplanting på nivå med det vi hadde på 1950-talet, då den store plantedugnaden – medrekna norske skuleelevar – sette 120 millionar grantre i jorda kvart år.
Då protesterer World Wildlife Fund (WWF), som fryktar at den pågåande attgroinga av det norske kulturlandskapet kan skyta ytterlegare fart. Det er ei åtvaring som bør lyttast til. Men ein ny plantedugnad må skje i lys av at vi har fått eit attgroingsproblem, og ved at nye plantefelt blir lokalisert til stader der attgroinga ikkje får nemnande konsekvensar.
Skogen er ein mektig alliert i kampen om å berga klimaet
Det er fotosyntesen – meir velprøvd enn månelandinga på Mongstad – som utan større fakter tek seg av halvparten av dei norske klimagassutsleppa, som for tida er på rundt 50 millionar tonn årleg. Det er ein CO2-fangst all verdas Mongstad-anlegg aldri kan måla seg med. Og kapasiteten kan altså utvidast.
Det er det Senterpartiet har fått skrive inn i klimameldinga. Navarsete & Co tenkjer seg skogplanting i eit omfang tilsvarande fem millionar dekar, eller 1,25 milliardar tre. Med ei årleg skogplanting på 1950-talsnivå vil målet vera nådd i løpet av ti år. Det vil gje eit ekstra CO2-opptak på rundt 12 millionar tonn årleg – like mykje som den norske bilparken slepper ut. Det kan vera usemje om dei eksakte tala, men ingen dreg i tvil at skogen er – og blir – ein mektig alliert i kampen for å berga klimaet.
Det var Bjørnstjerne Bjørnson som kom på tanken om å kle fjellet. Tanken vart etter kvart røyndom, og kvar vår på 1950- og 1960-talet var det plantefest rundt om det meste av landet. Seinare har ein del av denne granplantinga vore omstridd, og ikkje alt var like godt gjennomtenkt. Somme meiner til dømes at grana var og er eit framandelement på Vestlandet.
Ein framtidig plantedugnad må skje etter ein nøye utarbeidd plan, som i størst mogeleg grad skjer klar konfliktar med attgroing, naturmangfald og Konvensjonen om biologisk mangfald. Det må vera mogeleg i eit land som har såpass store uplanta areal. Fem millionar dekar er rett nok eit heilt fylke på Austlandet. Men det er ikkje meir enn ein kommune i Finnmark.