Utdanningsdirektoratet har ikkje levd opp til ansvaret sitt. Dei leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget.
I det siste er eg blitt invitert som førelesar på kurs for norsklærarar landet rundt, og etter samtale med hundretals norsklærarar ved vidaregåande skular, sit eg att med to klare inntrykk: Lærarane eg møter er interesserte og seriøse, men dei er djupt frustrerte over læreplanane og den fagpolitiske styringa.
Og di meir eg har gått inn på læreplanane og dei fagpolitiske styringsstrukturane, di meir forstår eg lærarane og føler med dei: Det er grunn til frustrasjon.
Formål med faget
«Læreplan i norsk» opnar slik: «Norskfaget er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling.» Vel og bra, som generelle målsetjingar for mange fag, også for historie, samfunnsfag, religion og etikk, og for framandspråk. Men dette er ikkje målsetjingar som er spesifikke for norskfaget. Rett nok blir det framheva det at elevane skal bruke norsk i arbeidet med faget. Men det gjeld vel alle fag (med eit visst unntak for framandspråk)?
Kort sagt, norskfaget blir primært bestemt som eit allment kultur- og kommunikasjonsfag. Det er påfallande lite som er spesifikt for norskfaget og påfallande mange generelle vendingar som like gjerne kan knytast til andre fag. Med andre ord, det spesifikt norskfaglege innslag er påfallande svakt i forhold til dei allmenne kulturfaglege målsetjingane. Spissformulert er hovudinntrykket at det tradisjonelle norskfaget er avskaffa og at det i staden er oppretta eit nytt kulturfag med utgangspunkt i eit utvida tekstomgrep.
Grunnleggjande ferdigheiter
Men det stoppar ikkje her. I neste paragraf kan vi lese: «Å kunne uttrykke seg skriftlig i norsk er også (!) et ansvarsområde i norskfaget». Altså, det å kunne uttrykke seg skriftleg på norsk er ikkje eit spesifikt ansvar for norskfaget, ikkje eit hovudansvar, men «også et ansvarsområde».
Dessutan heiter det vel «på norsk» og ikkje «i norsk». Men det heiter jo «in English», så dette er kanskje uttrykk for den internasjonaliseringa som det blir referert til i formålsparagrafen.
Kompetansemål eller livsverk?
Det er viktig å sjå på kompetansemåla. Dei er styrande for undervisninga. Vi kan t.d. sjå på kompetansemåla for Vg2 studieførebuande (elevar på ca 17 år). Eitt av dei slår fast at målet for opplæringa er at eleven skal kunne «forklare [ikkje beskrive, men forklare] hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge [altså, over alt] har påvirket hverandre de siste århundrene.»
Ikkje lite. Les det ein gong til! Med respekt å melde, dette må i beste fall vere eit livsverk.
Elevane må forklare
Vidare heiter det at eleven skal kunne «drøfte fellesskap og mangfold, kulturmøte og kulturkonflikter med utgangspunkt i et bredt utvalg av norske og utenlandske samtidstekster i ulike sjangere.» Ikkje småtteri det heller. Men det stoppar ikkje der. Eleven skal dessutan kunne «forklare [igjen, forklare ikkje beskrive] hvordan ulike forestillinger om det norske ble skapt i sentrale tekster fra 1800 til 1870.»
Vidare skal eleven kunne «gjøre rede for viktige utviklingslinjer og noen sentrale forfatterskap i norsk og europeisk litteratur fra middelalderen til og med romantikken og denne litteraturens forhold til øvrig europeisk kulturhistorie», og dessutan «drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv», og dessutan «vurdere språklige nyanser ved oversettelser fra andre språk som eleven mestrer».
Vi minner om at dette er kompetansemåla for eitt av hovudområda på dette alderstrinnet. I tillegg finst det tre andre hovudområde, kvart område med ei opplisting av tilsvarande kompetansemål, av same kaliber.
Kva bør gjerast?
Konklusjonen er klar: Læreplanen for norskfaget er altfor omfattande og ganske urealistisk, og dessutan vindskeiv i forhold til det vi med god grunn forstår som eit norskfag. Derfor trengst det ein grunnleggjande revisjon av læreplanen.
Leiinga, og avdelingane for læreplanar og eksamen, må skiftast ut
Og derfor trengst det ein kritisk gjennomgang av dei fagpolitiske institusjonane som er ansvarlege for denne tilstanden, i første rekke Utdanningsdirektoratet, men også administrativ og politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, den instans som har det overordna ansvaret. Her er nokre framlegg om det som bør gjerast.
Vi bør gjenopprette norskfaget som eit norskfag.
Vi må gi læreplanen eit felles kjernestoff.
Opplæringa i skriftleg norsk bør fokusere på greie sjangrar, slik som det å fortelje, beskrive, rapportere, eller forklare.
Lærarutdanninga må kvalitetssikrast med hovudvekt på faglege kvalifikasjonar.
Rettleiing bør så vidt mogleg skiljast frå karaktersetjing.
Det som ikkje er spesifikt for norskfaget, bør anten overførast til andre fag, slik som historie, samfunnsfag, religion med livssyn og etikk, eller engelsk og andre framandspråk, eller samlast i eit nytt kultur- og kommunikasjonsfag.
Læreplanen for norskfaget må skrivast om, slik at læreplanen blir realistisk og fagleg forsvarleg. Høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk må skrellast bort.
Det er behov for ein kritisk gjennomgang av institusjonane som er ansvarlege for dei fagpolitiske føringane. I siste instans gjeld dette Kunnskapsdepartementet, men i første runde er det Utdanningsdirektoratet som står ansvarleg.
Feilgrep frå direktoratet
Her er det tale om to fatale feilgrep som gjensidig forsterkar kvarandre: Det vart oppretta eit relativt frittståande direktorat med vide fullmakter, og denne institusjonen vart i stigande grad folka av personar utan erfaring frå læraryrket og ofte utan utdanning i sentrale skulefag.
Dette er ikkje tilfeldig. Det ligg ein politisk plan bak, ein ideologi om leiarskap som går ut på at ein god leiar ikkje treng å ha kjennskap til det som «skjer på golvet», om det er i ein iskremfabrikk, eit teater eller eit direktorat for skulesaker.
Skift leiing og planar
Det er dette direktoratet som har det faglege ansvaret for at læreplanane er realistiske og at rammene for utdanninga er optimale. Men vi ser i dag at Utdanningsdirektoratet ikkje har levd opp til dette ansvaret.
Konklusjonen gir seg sjølv: Leiinga, og avdelingane for læreplanar og eksamen, må skiftast ut og verksemda må omorganiserast slik at det blir eit fagkompetent forvaltningsorgan ut frå prinsippa om «meir openheit og meir demokrati».
fakta
Utdanningsdirektoratet
Statleg etat for grunnskule og vidaregåande opplæring, oppretta i 2004.
Er underlagt Kunnskapsdepartementet.
Har ansvar for at barn og unge får likeverdig opplæring
Forvaltar opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskolelova med forskrifter.
Har ansvar for læreplanar tilsyn med skuleeigarane i landet: Kommunar, fylkeskommunar og private skuler.
Har òg ansvar for å utarbeide eksamen, nasjonale prøver og kartleggingsprøver for grunnskule og vidaregåande opplæring.
WIKIPEDIA