Nasjonens tårer

Noreg er landet som blir rørt av seg sjølv – på TV, skriv kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik.

BETTAN SYNG: Mest minte forestillinga under Gullruten om stemningane vi blei bedne om å setjast i under Lillehammer-OL, anno 1994: Store, svulmande og patriotiske, meiner Hilde Sandvik. FOTO: KNUT JENSEN, STELLA PICTURES

”Vi er et lite land, med et stort hjerte”.
Høyrte eg rett? Var det verkeleg det Dorthe Skappel sa?

Grieghallen laurdag: Årets TV-prisar skal delast ut. Den raude løparen er rulla fram, og Edvard Griegs plass er så tett av kjendisar at Dagbladets utsendte ekspertjournalist forvekslar TV2s nyhenderedaktør Jan Ove Årsæther med realitystjerne Petter Pilgaard. Årsæthers kone, programleiar Siren Henschien, blir tatt for å vere kjærasten.
Dagbladet er ikkje åleine om å forveksle reality og nyhende. I løpet av kvelden skal det bli tydeleg at TV for alvor har fått problem med å skilje mellom realitet og reality, mellom nyhender, føleri og underhaldning.

Prisen for beste underhaldning og reality er delt ut. Skappel, som leia Gullruten for siste gong, har slått fast at TV var drive av kjærleik, respekt og samhold i lite land med stort hjarte.
Så kjem det: ”Det var et utfordrende år for lille Norge”.
Alle skjønar at det er 22. juli ho snakkar om. TV skal feire seg sjølv – og ein kjem ikkje unna. Ingen kan snakke om 2011 utan å stoppe opp midtsommars. Då dei skrivne media feira seg sjølv same veka, løyste ein det med å lage eigne 22. juli-kategoriar. Så ikkje på TV:
For der kjem Elisabeth ”Bettan” Andreassen inn på scenen. Ho byrjar å syngje. Ho står ved sidan av ein sjeselong – ein slik psykiatrar har på kontoret sitt i filmar. I løpet av kort tid blir det klart kvifor den trengst. Korleis ville ein psykiatrirapport etter det som no skjer ha sett ut?

På veggen bak Andreassen flimrar bilete frå reality-seriar som har skaka Noreg: 71 grader nord og sjampanje, Ingen grenser med Lars Monsen, tårene trillar, neste klipp, Hurtigruten, fjell og fjordar, menneske på små plassar som jublar. ”I alt så ser eg deg” med eit vaiande flagg i raudt, kvitt og blått. Så neste bilete: TV-panorama zoomar inn på Utøya, vi får sjå rosetog, Mette Marit, Gro Harlem Brundtland og statsministeren. Noreg. Dette er bilete av ”lille Norge”. Er det?

Gullruten gjer 22. juli om til noko som til forveksling liknar nasjonalistisk kitsch

Medan rettssaka i tingretten i sal 250 mel vidare ned i dei ufattelege såra til etterlatne familiar, gjer Gullruten 22. juli om til noko som til forveksling liknar nasjonalistisk kitsch. Den millionen som såg siste episode av «Ingen grenser», rapporterte visst om store kjensler og tårer, men her, i Grieghallen, er ingen overgang mellom sjokkerande røyndom, umenneskeleg tap og regissert reality.
Mest minner forestillinga om stemningane vi blei bedne om å setjast i under Lillehammer-OL, anno 1994: Store, svulmande og patriotiske.

Etter Andreassen og utdeling av pris for årets dokumentar skal prisen for årets TV-event – årets TV-hending – delast ut. Og den går til minneseremonien etter 22. juli: På spissen: Anders Behring Breivik blir årets TV-hending, nett slik han bad om i manifestet. Terroristen får ein augneblink grufullt rett. Når prisen blir delt ut, er det endåtil med ei innpakking av verdiar og kvalitetar han ville ha nikka til: Flagget, korset, fjella, naturen.
Spreidd rundt i salen sit nye og gamle realitystjerner og glitrar om kapp med sjampanjespruten på veggen bak – og ei linse mot seg:

Skal ein ta eit underhaldningsprogram så alvorleg? Ja – når underhaldninga krev å bli tatt alvorleg, var det umogleg å la vere. TV er kjensler, TV har alltid vore kjensler, og etter 22. juli har fjernsynet tatt på seg å vere landets nasjonale sørgjearena. Kvar dag toppar nye vonde historier nyhendesendingane. Men i Dorthe Skappels lilla kjolesilke vart vi alle realitystjerner denne kvelden: Eit naturelskande folk (som tek geiter inn på scenen og let dei snakke for seg sjølv), eit folk fullt av nestekjærleik. Eit folk av Lars Monsen-ar utan grenser. Eit folk som blir så rørt av seg sjølv at ein ikkje greier å la vere å felle ei tåre.
Og i morgon er det nasjonaldag.

Tags: , , ,

Kommentarer