Nordiskprofessor Gunnstein Akselberg gir rettleiing: Korleis helse på nasjonaldagen?
Helsingsritualet på nasjonaldagen er oftast «Gratulerer med dagen!», «God 17. mai!» eller berre «God 17.!». Denne dagen helsar dei fleste av oss på mange fleire av dei vi møter på vår veg, enn det vi vanlegvis gjer ein ordinær dag. 17.-mai-helsinga minner i så måte ikkje så lite om den sosiale helsingspraksisen vi har til fjells. Kjem vi over tregrensa, helsar dei fleste av oss på mest alle vi treffer: «God dag!» eller «Hei!», seier vi til dei vi møter i fjellet.
Nedanfor tregrensa helsar vi derimot stort sett berre på dei vi kjenner eller kjenner godt. Slik er kvardagshelsinga ofte ei slags «under-tregrensa-helsing», medan 17.-mai-helsinga i praksis er ei slags «over-tregrensa-helsing.
Gratulerer med dagen!
17. mai-helsingane er av ulike slag. Helsingsformularet «Gratulerer med dagen!» på 17. mai er ei slags bursdagshelsing. 17. mai er då nasjonen Noreg sin bursdag. Når vi ønskjer kvarandre god 17. mai ved å seia «Gratulerer med dagen!», ønskjer vi kvarandre eigentleg til lukke med ein felles bursdag. Og i tillegg til at vi vanlegvis er meir formelt høflege og danna denne dagen ved å praktisera eit felles gratulasjonsritual, er vi er vel også oftast meir venlege og smilande, enn når vi praktiserer kvardagshelsingane våre.
God 17.-mai!
I tillegg til bursdagshelsinga «Gratulerer med dagen!», har vi variantar av helsingsformularet «God 17. mai!». Helsinga «God 17. mai!» er formelt sett ikkje i same grad ei bursdagshelsing som helsinga «Gratulerer med dagen!», men ho er meir ei «dag»- eller «dato»-helsing. Med denne helsinga minner vi kvarandre om kva for dag det er. Så vi kan seia at helsinga «God 17. mai!» heller er ei indirekte bursdagshelsing. Men det mest interessante med helsinga ”God 17. mai!”, er at ho ofte har ei regional eller lokal form.
Talordet 17
Talordet 17 har ei grunntalsform og ei rekkjetalsform. Det er uttalen av rekkjetalet (ordenstalet) 17. som gjer helsinga «God 17. mai!» til ei geolektisk – altså ei dialektgeografisk – identifiserbar helsing. Rekkjetal er adjektiviske tal som syner plassen i ei rekkjefølgd (t.d. 17.), medan grunntal er heilt vanlege tal for mengd (t.d. 17). Det er rekkjetalsforma som gjer helsinga «God 17. mai!» geolektisk interessant.
Rekkjetalet 17.
Rekkjetalsforma syttande er laga til grunntalsforma sytten ved at det er lagt til ei ending (eit suffiks) ande. I dei norske dialektane finst det ulike uttaleformer av rekkjetalet syttande. I Hordaland elles er formene syttande/syttane og søttende/søttene nokså vanlege i dag. Ser vi på dei tradisjonelle hordalandsformene finn vi m.a. saukjande (Voss), saukjånde (Nordhordland), sjauttande, syttjende og syttjånde (Sunnhordland), søkjande (Hardanger), og elles finst former som sykkjan (d) e og sytten (d) e. Her i Bergen er ein vanleg uttale søtten (d) e.
I Noreg elles finst dialektale former av rekkjetalet 17. som t.d. sjaukjande (Setesdal), saukja(n)de (Sogn, Valdres), syttande (Valdres, Arendal, Setesdal), sjauttande, søykjande og søyttjande (Valdres), søttande (Telemark), søttene (Bærum), for å nemna nokre få eksempel.
God syttendes skaal!
God søtten(d)es
I Bergen finst den karakteristiske 17. mai-helsinga «God søtten(d)es!». Det særlege med denne bergenshelsinga er s-en til slutt i nemninga søtten (d) es. Denne s-en kan ha bakgrunn i ein tidlegare fuge-s eller ein genitivs-s, som vi t.d. finn i eldre ordformer som «syttendemajens skaal» (Wergeland) og «syttendemaisbekjennelse». Slike ordformer kan ha blitt forenkla i ei helsing som t.d. «God syttendesmajens skaal!» til ”God syttendes skaal!» og så til berre «God sytten(d)es!».
I bergensdialekten finst både «søtten(d)e» og «søtten(d)es» som substantiv, altså både «en søtten(d)e» og «en søtten(d)es».
Såleis er begge helsingane «God søtten(d)e!» og «God søtten(d)es!» logiske.
Dei to substantiva «søtten(d)e» og «søtten(d)es» kan begge tolkast å ha opphav i ufullstendige setningar (ellipsar) der det opphavlege adjektiviske «søtten(d)e» og «søtten(d)es» har stått til eit opphavleg substantiv som t.d. feiring, fest, dag osb., som t.d. «God søtten(d)e mai!» eller «God søtten(d)es feiring!».
Dinest er det opphavlege substantivet (t.d. mai, fest eller feiring) falle bort, og så er det adjektiviske «søtten(d)e» og «søtten(d)es» blitt substantivet i bergensdialekten.
Norrøn styring
Grunnen til alle desse ulike uttaleformene av rekkjetalet syttande i dialektane våre, er det norrøne språket som vi snakka i Noreg m.a. på 11- og 1200-talet.
I norrønt hadde rekkjetalet syttande forma sjaut(j)ándi. Den norrøne rekkjetalsforma sjaut(j)ándi er sett saman av grunntalet sjaut(j)án, altså ’sytten’, og endinga (an) di som markerer rekkjeplasseringa. Grunntalet ’sytten’ i norrønt hadde forma sjaut(j)án av di denne forma er sett saman av hovudlekken sjau, ’sju’, og endinga (suffikset) t (j) án som tyder ’ti’. Norrønt sjaut (j) án tyder altså ’sju’ + ’ti’, som altså blir ’sytten’. Endinga t(j) án, ’ti’, fanst t.d. i gammalengelsk i nesten den same forma, som tien, ei form som i moderne engelsk er blitt til endinga teen, t.d. i seventeen (jfr. talordet ten).
Den norrøne forma sjaut(j)ándi har endra seg opp gjennom historia slik at vi har fått nyare former med ulik geografisk fordeling som sjauttan(d)e, saukjan(d)e, sykjan () de, syttan(d)e, sytten(d)e og søtten(d)e.
Difor kan vi i dag seia: God saukjan (d) e, god sytten (d) e, god søtten (d) e og god søtten (d) es!