På tide å rokke ved den heilage veksten?

Tidlegare tenkte ein at økonomisk vekst skulle tene til at fleire skulle kunne kjøpe ting dei trong. No har auka forbruk vorte middelet for vidare vekst, og dette trugar miljøet på jorda.

MOT OVERFORBRUK: Décroissance-rørsla i Frankrike (biletet) tek eit oppgjer med den blinde trua på at økonomisk vekst er målestokk for eit godt samfunn. foto: yann, wikimedia commons

 

Lønnsveksten skal verte høgare dei neste åra ifølgje Statistisk sentralbyrå sine prognosar (BT 08.06.). Det er åra fram til 2015 dei tek føre seg, og spådomen seier at i løpet av denne perioden vil det private forbruket pr. innbyggjar auke med rundt 12 prosent. BT-artikkelen fortel om ein ubekymra student, og det heile vert presentert som ei gladsak.
I desse dagar kan ein òg lese den femte Global Environment Outlook frå FN sitt miljøprogram UNEP. Denne rapporten åtvarar om at dersom menneskja ikkje beinveges endrar si åtferd, vil ei rekkje kritiske tersklar verte passerte, og raske og irreversible endringar råke økosystem på ein måte som vil verte kritisk for menneskja sin tilgang på mat. Dette har me høyrt før, og det verkar ikkje lengre så skremmande på oss. (Rapporten kan lesast i sin heilskap på www.unep.org/geo.)
Sjølv om klimadebatten var heite saker for berre nokre få år sidan, har dei fleste no slått seg til ro med at det ikkje er så mykje me får gjort med det. Men er det ikkje på tide med ein debatt kring samanhengen mellom (forbruks)vekst og miljø?

Utfordre ideen om vekst
Det er ei underdriving å seie at vekst sjeldan vert problematisert i dei norske media. At det går bra med Noreg, vil seie at me forbrukar meir enn nokon gong, og at sannsynet for at denne utviklinga vil hald fram er høg.
Ikkje eingong den norske miljørørsla verkar til å vere viljuge til å ytre motstand mot denne sanninga. Men i Frankrike har ei rørsle fått noko politisk gjennomslag ved å freiste å ta eit oppgjer med det rådande paradigmet. I det minste har ho makta å reise debatt der.
«Décroissance»-rørsla
«Décroissance» tyder «motvekst» eller «antivekst», og har slektskap til det norske omgrepet «nullvekst», som fekk noko merksemd på midten av 90-talet. På Wiktionary vert omgrepet omsett som «degrowth», og definert som eit politisk, økonomisk og sosialt omgrep som er kritisk til den dominerande ideen om at økonomisk vekst på lang sikt er eit gode for menneskja.
Det ideologiske grunnlaget kan kort oppsummerast med mottoet til det politiske partiet le Parti Pour La Décroissance: «Ein uavgrensa vekst i ei avgrensa verd er absurd». Og hovudbodskapen er at dersom vi tek økologi på alvor, må vi bryte med den rådande økonomiske ordenen.

Vil vi økonomisk nedgang?
Dette er spørsmålet den tidlegare journalisten, Dei Grøne-politikaren og no teologen Stéphane Lavignotte stiller i pamfletten La décroissance est-elle souhaitable? I denne samanhengen er Lavignotte påpasseleg med å nyansere.
Når ein snakkar om økonomisk vekst, syner ein som regel til ein auke i brutto nasjonalprodukt. Innvendinga vert at ein auke eller nedgang i BNP ikkje er den beste indikatoren på om ein går i riktig retning, ettersom BNP rommar alle former for verdiskaping, både dei som øydelegg verda, og dei som er med på å rette opp att balansen dei første er med på å gjere ringare.

Overforbruket
Eit oppgjer med den blinde trua på at økonomisk vekst er målestokk for eit godt samfunn, vert såleis ei hovudsak for rørsla. I forlenginga av ønsket om å avkolonisere tankane våre frå det økonomiske jarngrepet, står motstanden mot forbrukarsamfunnet.
 Overforbruket vert sett på som å vere eit av dei største samfunnsproblema og miljøtrugsmåla me står overfor, eit overforbruk prega av sløseri, framandgjering og samlemani, som på ingen måte kan sameinast med eit økologisk berekraftig samfunn.

Motførestellingar
Lavignotte kommenterer òg nokre av dei vanlegaste innvendingane mot «décroissance»-rørsla. Til dømes er ikkje rørsla avvisande til all form for økonomisk vekst. I Sør skal det opnast for vekst, særskild innan område som vil vere med på å jamne ut forskjellar, som tilgang på vatn, jord, energi og utdanning.
Ei anna innvending ein ofte høyrer er at ein økonomisk nedgang på verdsbasis inneber ein eksplosjon av fattigdom, arbeidsløyse og ulikskap. Underforstått: Me lyt halde veksten oppe i solidaritet med dei fattige i verda. Svaret Lavignotte gir på dette, er systemendring. Økonomisk nedgang under kapitalismen leier til finanskrise, medan ein planlagt og regulert nedgang kan opne for ei betre fordeling av ressursane og dermed ein ny økonomisk orden. (For ein god gjennomgong av Lavignotte si bok på norsk, sjå Kjerstin Aukrust sin presentasjon i Vagant 3/2010.)

Framtidsvisjonar
Vanskane med å sjå føre oss eit alternativ til dagens rådande system får meg til å tenkje på ein forvitneleg kronikk eg las i Bergens Tidende for snart eit år sidan. Kronikken var skriven av Frode Helmich Pedersen, og tok mellom anna føre seg auken i handsaming av katastrofar og postapokalyptiske visjonar innan populærkulturen.
Populærkulturen vart sett på som ein inngang til vårt kollektive umedvite, og eit av hovudpoenga vart såleis at det er enklare for oss å sjå føre oss katastrofar og undergang, enn eit alternativ til dagens system. (Kronikken kan lesast i sin heilskap her: www.bt.no/meninger/kronikk/Apokalypse-n-2563334.html#. T9cUAc0trE0.)

Middel og mål
Dersom ein ser på det politiske landskapet i Noreg i dag, er det vanskeleg å sjå føre seg at ein skal kunne finne leiarar som har mot til å velje ein alternativ veg slik at klimaendringane kan avgrensast og økosystem reddast. Under den første bølgja av finanskrisa var oppmodinga frå finansministeren (frå Sosialistisk Venstreparti) at me ikkje måtte kutte ned på forbruket.

På tide at miljøet får forrang framfor økonomisk vekst

Tidlegare var der ein tanke om at økonomisk vekst skulle leie til at fleire skulle kunne kjøpe ting dei trong. No har auka forbruk sjølv vorte middelet for vidare vekst. Ein økonomisk nedgang vil ikkje vere eit mål i seg sjølv, men eit middel for å få til ei naudsynt endring. Det verkar til at økonomisk vekst er meir heilagt enn miljøet. Kanskje er det på tide at miljøet får forrang framfor økonomisk vekst.  

Vi resirkulerer papp
Dei fleste ønskjer at miljøet skal kunne reddast ved at ein resirkulerer papp og er påpasseleg med å ta mobilladaren ut av støpselet når han ikkje er i bruk. Nokon vil òg kunne hevde at me er avhengige av vekst for å verte meir miljøvennlege.
Men ein må vere meir enn naivt optimistisk for å trur at fleire enn særs få vil nytte dei ekstra pengane dei neste åra til å verte meir miljøvennlege.

fakta
Décroissance
Kan omsetjast som «motvekst» eller «antivekst» (på engelsk «degrowth»).
Syner til eit sett av idear frå grupper innan anti-forbrukarar, antikapitalistar og miljøforkjemparar.
Vil ha lågare produksjon og forbruk, ser overforbruk som ei kjelde til miljøproblem og sosial ulikskap.
Ser på berekraftig utvikling som ei sjølvmotseiing.
Kan sporast tilbake til industrialiseringskritiske røyster på 1800-talet, som John Ruskin, William Morris, Henry David Thoreau og Leo Tolstoy.
Fekk si noverande form på 70-talet gjennom den globale tenkjetanken Club of Rome og intellektuelle som Nicholas Georgescu-Roegen, Jean Baudrillard, André Gorz, Edward Goldsmith og Ivan Illich.
Kjelde: Wikipedia

Tags:

Kommentarer