Egypt på nye vegar

Same kva utfallet av sundagens presidentval blir, er Egypt varig endra etter den arabiske våren.

Militærrådet kan ta siste stikk etter valet i Egypt. Valdeltakinga var ikkje overtydande stor, og veljarane er splitta i to om lag like store blokker. Fleire signal tyder på at det styrande militærrådet kan koma til å bryta lovnaden om å gje frå seg makta, nasjonalforsamlinga er alt oppløyst. Men ikkje ein gong ein slik arabisk haust vil gje sigerherrane like same høve til å spela på frykt som regimet til tidlegare Hosni Mubarak kunne.
Dersom islamistane vinn maktspelet, vil dei ha kontroll både med presidentembetet og nasjonalforsamlinga. Valoppslutninga om den nye presidenten er likevel mykje mindre enn den overveldande sigeren Muslimbrørne og salafistane til saman vann ved valet til nasjonalforsamling tidlegare i år. Den utbreidde heimesitjinga og at nesten halvparten av veljarane røysta på ein kandidat frå det gamle regimet, viser at islamistane er politisk svekka.

Smaken mange egyptarar fekk for demokrati og menneskerettar let seg ikkje lett fjerna

Full siger til islamistane kunne blitt eit interessant regimeskifte, sett utanfrå. Muslimbrørne vert rekna som relativt moderate. Egypt har ei heilt spesiell rolle i den muslimske verda, men har også den største, kristne minoriteten i Midtausten. Dei egyptiske muslimbrørnes form for maktutøving kunne blitt eit føredøme for islamistar i andre land. Men det kunne også blitt ei dyr, demokratisk lekse for sekularistar og religiøse minoritetar, ikkje minst muslimske minoritetar.
Dei noverande islamismeførebileta er få og ikkje særleg lovande. Endå til i det sekulære Tyrkia set det mildt islamistiske regjeringspartiet minoritetar og meiningsmotstandarar under stadig sterkare press. Den truleg sigrande Mohamed Morsy lovar å bli ein president for alle egyptarar. Men dei egyptiske muslimbrørnes politiske overmakt er enno uprøvd, og i nasjonalforsamlinga har dei ei stor gruppe meir fundamentalistiske salafistar å konkurrera med.

Valet mellom Morsy og det gamle regimets mann, Ahmed Safik, har for mange egyptiske veljarar framstått som eit val mellom pest og kolera. Især har dei som stod i brodden for oppreisten mot Mubarak-regimet, som stort sett representerer den velutdanna bybuarar, følt det slik. Men for svært mange egyptarar er tryggleik for liv, helse og eigedom blitt meir viktig enn resultatet av oppreisten. Med regimets fall, forsvann også mykje av den kontrollen med lov og orden som politiet representerte.
Det endelege utfallet av valprosessen i Egypt kan få stor innverknad på utviklinga i andre arabiske land, og i heile regionen. Forventningane frå den arabiske våren vil ikkje bli oppfylte, men den smaken mange egyptarar fekk for demokrati og menneskerettar let seg ikkje fjerna.

Tags: , , , ,

Kommentarer