Digitale barn – kva står på spel?

«Ho skjønte spontant korleis ho skulle bruka nettbrettet. Kjempemoro å observera!» «Det er fascinerande å sjå kor konsentrert eittåringen sit med yndlingsappane sine.» «Han er heilt hekta og blir rasande når vi tar frå han brettet.»

 

EI ANNA OPPLEVING: Barna kan ta i bøker, oppleva ulike format og papirkvalitetar, venda sidene, peika og samtala. Biletet er frå Landås bibliotek. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ

 
Sommarmedia har lært oss at nettbrett og applikasjonar har inntatt småbarnsfamiliane og barnehagane. Gyldendal forventar å selja fleire barnebokappar enn papirbaserte bøker komande år. Særleg blir det lagt merke til at nettbretta ser ut til å fungera så godt for barn under to år. Å forstå brettet er visst like lett som å forstå korleis vi opnar ei dør.
Ein eittåring med nettbrett er ein eittåring tilpassa moderne familieliv. Vi ser mindre TV saman enn vi gjorde før. Familien fordeler seg på NRK Super, Disney Channel, sport og nett-TV. Og beibien har fått Ipad.
Konkurranse av skjermane
Vi forhandlar ikkje lenger om TV-ruta, vi er forsynte med eit spekter av tilgangar. For store grupper er dette no situasjonen og foreldre og barnehagetilsette opplever teknologien som stimulerande for barna. Ein del opplever nok også at vi betaler ein pris for utviklinga, det kan vera vanskeleg å konkurrere med skjermane.
Ein norsklærar i førskolelærarutdanninga må i alle fall ta ein time out. Vi har rett nok ei digital bildebok og ein app på pensumlista, men først og fremst bildebøker, peikebøker, eventyr, rim og reglar. Vi meiner at dette er rett prioritering, men må ta diskusjonen med studentane.
Eg skal ikkje leggja meg opp i familielivet. Men barnehagen er ein pedagogisk institusjon som har som ei av sine aller viktigaste oppgåver å sikra alle barn ei best mogeleg språkutvikling og førebu ein god skulestart for alle. Det gir meg anledning til å peika på viktige ting som bildebokappen ikkje er.
Lesing er ikkje passivt!
NRK intervjua i sommar ein aktiv nettbrettfamilie. Dei var begeistra for det interaktive, ungane er aktive og konsentrerte, mens høgtlesing var «å sitte passivt og lese og se». Men lesing er ikkje passivt!
Generasjonar av småbarn har hatt boka om Larven Aldrimett av Eric Carle kjær. Dei har berørt blanke boksider og latt seg fascinera av det fargesterke uttrykket. Dei har talt; eitt eple og to pærer og tre plommer. Dei har dvelt ved det spektakulære bildet av kaker, is, pølser og frukt og fortapt seg i fantasiar om mat. Dei har putta fingrane inn i hola larven «liksom» har laga i maten. Dei har ikkje minst fulgt ei klassisk historie frå start til slutt, om larvens utvikling til vakker sommarfugl. Er dei heldige har ein vaksen ofte oppmuntra dei til å prøva seg på ord som «appelsin», «salami» og «vannmelon».
Lesing er samvere
Dette er ikkje eit sentimentalt bilde av ei forelda samversform. Høgtlesinga er levande og kjær, i familiar og barnehagar. Og den betyr mykje for barns språklæring. Små barn og vaksne les bildebøker saman i ei dialogisk form. Eittåringen peikar, seier «dæ!» og gir på sitt vis uttrykk for empati, spenning og humor. Den vaksne forklarar der det trengst, om hovudpersonens dilemma og motiv, om konsekvensar av handlingar.
Dei oppmuntrar ungane til å setja ord på det dei opplever som humoristisk eller spennande. Barn og vaksne kan trekkja parallellar mellom boka og det dei opplever i eigne liv, trivielt som eksistensielt. Barnehagebarn gjenfortel, siterer og diskuterer. Den store verdien ligg i at alt skjer språkleg.
Orda kjem med lesinga
Rollemodellar er viktige for barns læring. Språket i ei god barnebok gir barn noko å strekkja seg etter, det gjer også den vaksne sin språkbruk. Ein toåring kallar alle fuglar for pippippar, ein annan skil mellom kråke, linerle og raudstrupe. Ein femåringar plukkar blomar, ein annan har ord for blåklokke, tiriltunge og prestekrage. Variasjonen kan sporast til barns språklege rollemodellar.

Mykje speling går ut over det tolmodet ein treng for å bli ein god lesar

Leseopplæringa startar med høgtlesinga for dei minste. Nye tal tyder på at det 2-3-årsalderen som er gullalderen for høgt-lesing i heimen, så dalar det. Barn er aktive når dei brukar brett, men speling er ikkje primært ein språkleg aktivitet. Vi treng forsking på korleis barn brukar språk i digitale praksisar, og til det motsette er bevist, trur eg barn er meir språkleg avanserte i andre situasjonar.
Samtale og leik
Barnehagen skal ikkje vera IKT-fri sone og papirboka er ikkje heilag. Ei motsetning mellom papir og app kan synast konstruert, mykje av lesinga i dag skjer via skjerm. Den teknologibegeistringa vi no observerer er likevel ei utfordring. Plutseleg sit barna og spelar når Ipaden eigentleg skulle brukast pedagogisk. Plutseleg har det gått ein time, der det var sett av eit kvarter. Og så klarar dei seg så godt utan vaksne.
Mange norske barnehagebarn har minoritetsbakgrunn, mange har ei utfordring i å læra seg norsk, godt, før skulestart. Den beste språkstimuleringa finn vi i tradisjonell barnehagepedagogikk – i samtale, leik og kulturformidling. Den viktigaste ressursen er godt vaksen-barn-samvere. Barnehagen skal vera fagleg sterk for å ha sjølvtiilt på vegner av sin eigen tradisjon. Og den skal vera fagleg sterk og kritisk for å sikra at teknologien blir eit middel for læring og danning, ikkje ein tidstjuv.
Det bør lesast meir
Barnehagen må vera varsam med å svekka aktivitetar som krev aktivt og språkleg barn-vaksen-samvere. Parallelt med den digitale begeistringa tyder mykje dessverre på at lesing er nedprioritert i ein barnehage der barns interesser og frie val står sterkt.
I utdanninga møter vi studentar som har opplevd lesing som vanskeleg, fordi det er «synd» å forstyrra leiken og fordi det i liten grad er lagt opp til strukturerte aktivitetar. Men det er ikkje synd på ungar som blir lest for. Dei ungane er heldige, og det bør lesast meir i norske barnehagar.
Sosial utjamning
Ei grunngiving for digital satsing i barnehagen er omsynet til sosial utjamning. Men norske barnehagebarn høyrer stort sett til ein romsleg middelklasse med privat digital tilgang (barn som ikkje går i barnehage er barn frå fattige familiar, ofte med minoritetsbakgrunn).
Barn spelar, ser film, høyrer musikk. Eg vil hevda at det er viktigare at barnehagen tar ansvar for utjamning når det gjeld språkstimulering (og fysisk aktivitet) enn for digital kompetanse, slik at overgangen til skolens tekst- og lesekultur går lett for så mange som mogeleg.
«Cuddle up with the child»
I New York Times kunne vi i november 2011 lesa om småbarnsforeldre som sjølve var dedikerte eboklesarar, gjerne med jobb i IT-bransjen. Men til ungane sine ville dei ha papirbøker. Dei grunngir det sosialt, med boka kan ein betre «cuddle up» og vera saman.
Dei vil at barna skal erfara det å ta i bøker, oppleva ulike format og papirkvalitetar, venda sidene, peika og samtala. Ein far seier at sonen må lesa papirbok på senga, med brettet blir det for fristande å spela. Og mykje speling går ut over det tolmodet ein treng for å bli ein god lesar, seier ein far, som nok ikkje snakkar ut frå teknologiangst og mediemoralisme.

Tags: ,

Kommentarer