Landa i Latinamerika samlar seg

Protestane mot britane sin handsaming av Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange aukar i Latinamerika. Og samarbeidet for å fremja demokrati og kjempa mot «institusjonelle kupp» og «internasjonale røvarstatar» veks seg sterkare.

Trugsmålet frå Storbritannia om å storma Ecuador sin ambassade i London for å arrestera grunnleggjaren av Wikileaks, Julian Assange, har fått alarmklokkene til å slå i Latinamerika.
Samarbeidsorganisasjonen ALBA har kome med eit kommuniké der dei støttar opp om at Ecuador gir politisk asyl til Assange og tar sterk avstand frå at britane eventuelt krenkjer Wien-konvensjonen om immunitet, og såleis går vekk frå sine internasjonale plikter. Også Unasur har kalla saman til møte for å drøfta konflikten som har oppstått.

Kupp mot valt president
Nyare søramerikanske samarbeidsorganisasjonar, spesielt Mercosur innan økonomien og Unasur på det politiske området, har vist seg raske og handlekraftige, heilt motsett den utdaterte OAS (Organisasjonen av Amerikanske Statar). På same viset som USA, tok ikkje OAS klart stilling mellom anna til kuppet i Paraguay i juni.
På rekognosering i hovudstaden Asunción uttalte generalsekretæren i OAS, José Miguel Insulza, at det «herska ro i gatene». Det burde ikkje vera noko problem for OAS å kritisera kuppet, for i paragraf 2 i organisasjonen sitt charter heiter det at organisasjonen har som prinsipp «å fremja og styrkja det representative demokratiet».
Kuppet mot Fernando Lugo i Paraguay, som er det siste av dei «nye» statskuppa mot ein lovleg valt latinamerikansk president, kan tena som døme på det nye politiske klimaet i Latinamerika. 24. gongen lukkast dei, kuppmakarane frå Colorado-partiet og dei liberale, etter 23 feilslåtte forsøk sidan Lugo tok over som president i 2008. Då Nasjonalforsamlinga avsette Lugo heitte det mellom anna at han i regjeringstida si «fremja hat mellom paraguayanarar, valdeleg kamp mellom fattig og rik, okkupasjon av jordeigedommar og krenking av eigedomsrettane».

Dei fattige støtta Lugo
Dei politiske motstandarane gav Lugo skulda for massakren i Curuguaty, der 11 landarbeidarar og 6 politimenn mista livet, og klaga han for ikkje å ha gjort nok for å få vekk dei lutfattige landarbeidarane som okkuperte nokre jordflekkar. Eitt av problema her var at det aktuelle landområdet var i statleg eige og først var blitt ulovleg okkupert av storgodseigaren Blas Riquelme, ein tidlegare Colorado-politikar som like i nærleiken eig storgarden Morombí på over 700 000 mål. Saka verserer framleis i rettssystemet i Paraguay.
Eit anna problem var at Fernando Lugo kom til makta med støtte frå dei fattige og med lovnader om å realisera ei jordreform som skulle skaffa jord til dei store massane med eigedomslause landarbeidarar. I røynda har det vist seg å vera uråd å få til ei jordreform, spesielt fordi opposisjonen mot Lugo har hatt fleirtal i Nasjonalforsamlinga. Også i regjeringa har opposisjonen vore godt representert gjennom dei liberale, med kuppresident Federico Franco i spissen.

Tener på soya
Paraguay er eitt av dei landa i verda der ressursar og rikdommar er mest ulikt fordelt. 85 % av jorda, om lag 300 millionar mål, er kontrollert av 2 % storgodseigarar. Dei aller største godsa er på utanlandske hender, og mange av desse driv rovdrift på jorda. Brasilianske investorar tener store pengar på soya, som for tida nyt godt av høge prisar på verdsmarknaden. Aberet er at ein i soyaproduksjonen nyttar kjemikaliar som er særs giftige og som øydelegg så vel jordsmonn som vasskjelder der dei blir nytta.
Det USA-baserte bioteknologiselskapet Monsanto har nytta sine kontaktar i landbruksorganisasjonar og leiande mediegrupper til å pressa gjennom bruk av genmodifiserte landbruksprodukt som spreier dødelege gifter og som landarbeidarar og miljøvernarar difor har reagert kraftig mot at ein nyttar.

Liknar på Honduras-kuppet
Det var denne urettvise situasjonen Fernando Lugo ville retta på og som dei tradisjonelle makthavarane i Paraguay reagerte på med kupp, på ein måte som minner om kuppet i Honduras i juni 2009. Då Manuel Zelaya, den lovleg valde presidenten i dette mellomamerikanske landet, tok initiativ til beste for dei fattige i landet, var reaksjonane i makteliten av ein slik art at dei på kort tid sendte den opphavleg konservative presidenten frå høgre til venstre i latinamerikansk politikk.
I høve kuppet i Honduras la USA for dagen eit klart sprik mellom retorikk og realitetar. Offisielt tok ein avstand frå kuppet, men det blei snart kjent at det i dagane før kuppet hadde vore hektisk møteaktivitet mellom politiske, militære og andre leiarar i Honduras og leiande representantar for styresmaktene i USA. Eitt av dei viktigaste stridsspørsmåla var USA sin militærbase i Palmerola, som Zelaya ville gjera om til sivil flyplass.
USA har basar
Også på dette siste området finst det parallellar til kuppet i Paraguay, der USA i alle fall har to militærbasar, eitt i vest og eitt i aust. USA sine basar i Colombia, Honduras og Paraguay er strategisk plasserte for å kontrollera og eventuelt styrta venstreorienterte regjeringar i regionen, noko vi òg såg døme på under destabiliseringa av Evo Morales si regjering i søraust-Bolivia i 2008 og det mislukka kuppet mot Rafael Correa i Ecuador i 2010.
Dei regionale organisasjonane Mercosur og Unasur praktiserer eit aktivt presidentdiplomati, noko som synte seg då begge organisasjonane møttest til rådslagingar i den argentinske byen Mendoza sist i juni. Paraguay blei inntil vidare suspendert frå Mercosur og samstundes blei presidentane i Argentina, Brasil og Uruguay samde om å ta opp Venezuela i fellesmarknaden Mercosur. Begge desse avgjerdene utgjorde ein klar bodskap til Kongressen i Paraguay, Det var nemleg denne som plent nekta å godkjenna at Venezuela skulle med i Mercosur, og det var like eins dette lovgjevande nasjonale organet som stod bak konspirasjonen mot og avsettinga av Fernando Lugo.

Unasur vil fremje demokratiet
Paraguay blei inntil vidare suspendert også frå Unasur, som såleis blei redusert frå 12 til 11 medlemsstatar. Den seinaste tida har denne samarbeidsorganisasjonen gått ut over sitt opphavlege politiske grunnlag og diskuterer stadig oftare spørsmål av økonomisk, finansiell og miljømessig art. Å fremja demokratiet på alle område står sentralt i Unasur.
Det latinamerikanske samarbeidet for å fremja demokrati og kjempa mot «institusjonelle kupp» og «internasjonale røvarstatar» er uttrykk for vilje til å handla i samforstand både regionalt og globalt. I ein slik kontekst vil dei latinamerikanske landa nok lita meir på eigne regionale institusjonar enn på den panamerikanske og sterkt USA-influerte OAS og på Tryggleiksrådet i FN, sjølv om dei har tatt Assange-saka opp også i desse organa.
President Correa i Ecuador meiner det er avslørande at medan England nyttar harde midlar mot Julian Assange, så nekta landet i år 2000 å utlevera kuppmakaren, militærdiktatoren og folkemordaren Augusto Pinochet til Spania – «av humanitære grunnar».

fakta
samarbeid i Latin-Amerika
ALBA (Den bolivarske alliansen for folka i Vårt Amerika), latinamerikansk samarbeidsorganisasjon der Antigua og Barbuda, Bolivia, Cuba, Dominica, Ecuador, Nicaragua, Saint Vincent og Grenadinane, og Venezuela er medlemmer.
Mercosur, fellesmarknad etablert i 1991 mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay. Paraguay blei suspendert etter kuppet i juni, Venezuela blei nytt medlem, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador og Peru er assosierte.
OAS (Organisasjonen av amerikanske statar), skipa i 1948 som ein panamerikansk organisasjon. Sete i Washington DC. Cuba blei ekskludert i 1962. OAS har 35 medlemsstatar.
Unasur (Unionen av søramerikanske nasjonar), samarbeidsorganisasjon med Argentina, Bolivia, Brasil, Chile, Colombia, Ecuador, Guyana, Peru, Surinam, Uruguay og Venezuela som medlemmer. Paraguay blei suspendert etter kuppet.

Tags:

Kommentarer