Usminka og ærleg

Finn Tokvam skriv om alle steinane som er snudd på bordet, og meir openheit og demokrati. Og sånt.

Det viktigaste no er å få ting på bordet. Alt skal på bordet. Særleg korta. Dei skal på bordet. Alle korta. Usminka og ærleg. Opp på bordet med dei. Fram i lyset med dei.
Deretter skal vi ha ein grundig gjennomgang av korta som ligg der på bordet. I dette arbeidet er steinane sentrale. Det blir nemleg viktig å snu alle steinane på ein usminka og ærleg måte. Og så må vi vere ryddige. Ryddig er viktig, ikkje berre ved implementering av tiltak. Nei, prosessen der vi snur alle steinane, for å sjå på dei opne og ærlege korta som har kome fram i lyset på bordet, må også vere ryddig. Det formelle må vere på plass.

Før resultatet av dette arbeidet er klart, er det for tidleg å spekulere. Det blir feil. Det blir hypotetisk, feil og forhasta å spekulere. Det seier seg sjølv at ingenting kan bli usminka i ein forhasta prosess, der målet er å snu steinane for å få alle korta på bordet på ein ryddig måte. Særleg ikkje når det hårete målet er å snu alle steinane. Dette må alle ta innover seg. Og det reknar eg med alle er einige om. I alle fall om alt skal fram i lyset, etter ein open prosess prega av arbeidsro og eit påfallande fråvær av forhasta konklusjonar.

Dette blir det feil å seie noko om no, før vi får dei nye fakta på bordet

Den intellektuelle forståinga av problemet, var kanskje å sjå på det som ei utfordring? I så fall er vi ute og køyre. Og då må vi, for å låne eit uttrykk frå sporten, ta ein tur inn i prestasjonsbobla.
For til sjuande og sist handlar det om tillit. Om intensiv. Når ein får modna i tenkinga, og det er viktig – å modne i tenkinga altså – bør ein ta ei vurdering rundt alvoret i rapporten og implikasjonane. Denne må sjølvsagt vere ryddig, i den grad ei vurdering kan vere ryddig. Og grundig. Den må i alle fall vere sakleg og fagleg fundert. Men ikkje berre det. Noko anna vil gå ut over tilliten. Og ansvaret ligg fullt og heilt på den som let det smuldre opp. Og det er ein farleg veg å gå.
Vi er våre sosiale relasjonar. Og så lenge rapporten er ein kasteball i systemet, bør dei ansvarlege få hastevurdert habiliteten sin. Dette som ein naturleg konsekvens av at alt skal på bordet på ein ærleg og usminka måte.

Og om utvalet då med full innsikt, trass sine knappe ressursar, framskundar rapporten til dei folkevalde, vil dette innanfor det mandat dei har fått, tvinge fram noko som er for tidleg å forskotere no. For der dei i fred og ro får legge fram sitt arbeid, der ansvaret for ytringane ligg hjå dei folkevalde, er det knappe ressursar. Men dette blir det feil å seie noko om no, før vi får dei nye fakta på bordet, som vil danne grunnlag for ein vidare diskusjon, vel å merke etter at alle steinane er snudd. Men likevel. Og meir openheit og meir demokrati.

Først publisert i BTmagasinet 25. august 2012

 

Tags:

Kommentarer