Draumen om hage

Når ungane blir passeleg store, skal dei helst kunna sleppast ut på eigen plen. Draumen om einebustad med hage lever i beste velgåande blant norske småbarnsfamiliar. Det er viktigaste grunnen til den sterke folkeveksten i omegnskommunane. Dobbeltgarasjen følgjer med, som nissen på lasset. Pendling er ein del av prisen foreldra må betala.

Nordmenn er som amerikanarar: Forstadene står høgt i folkets gunst. Plass skulle det jo vera nok av, bilar òg, hadde  berre vegane vore like breie som i USA. Men i bynære strok her til lands er det både tomtemangel og vegmangel. Dei som vil ha einebustad, må ha godt med pengar om dei vil bu i byen eller dei mest populære omegnskommunane; om dei ikkje er i slekt med tomteseljarane. Nett som i føroljetida.

Konkurransen har berre hardna til, om vegane som om tomtene, slik at draumen må flyttast stadig lenger ut på landet for dei som har mindre å rutta med. Og vanskelegare skal det bli å få seg plass til frittgåande ungar, om foreldra må pendla. Tomtene krympar i dei mest etterspurde områda, husskjørt på stolpar blir større og større for å kompensera plenmangelen. Frittliggjande blokker gjev dessutan betre forteneste for tomteeigarane enn frittliggjande einebustader. I Bergen bør det ikkje byggjast nye einebustader, meiner framståande, offentlege planleggjarar.

Kjem du langt nok ut på landet, kan du byta hybelen på Fjellsiden med eit gammalt hus med hage. Dei som sel det gamle huset, får kanskje berre råd til å flytta på gamleheim. Slepp du å pendla, kan du ha gjort eit varp – inntil du sjølv skal selja huset. Den sterke stiginga i husprisar har skapt brorparten av norske papirformuar.  Det bør du også kalkulera med før du flyttar langt på landet, om du vil flytta oftare på deg. Med god flaks har byveksten og prisveksten nådd deg att. Så sant det ikkje dreier seg om ein sprekkeferdig ballong.

Nordmenn flest flyttar hyppigare enn nokon gong, til ekstra stor glede for eigedomsmeklarane og for dei som greier å klatra i prisstigen. Ikkje så få rikingar har starta med ein enkel hybel og ei høveleg gjeld. No er stigen trekt opp for mange unge menneske. Utan pengebistand frå slekta, risikerer dei å ikkje koma over den første terskelen til eigedomsmarknaden, og får kanskje aldri realisert draumen om eigen plen for eigne barn. Desse ungdomane har selskap med mange arbeidsinnvandrarar, som ofte stiller endå lenger bak i husjaktrekkjene.  

Fortettingsideologien er likevel det største hinderet for tilgangen til frittliggjande einebustader. Innbyggjartalet i bergensregionen er spådd å auka så mykje at det ikkje lenger er tilrådeleg å leggja opp til så arealkrevjande utbygging.

Transportsystemet tåler det ikkje; miljøomsyn tåler det ikkje. Det vil sjølv dei mest vekstkåte omegnskommunane innretta seg etter, kor stor makt og urealiserte tomteverdiar lokale grunneigarar enn måtte ha.

Fleire strilebarn kjem ganske sikkert til å veksa opp i blokk, slik ein svært stor andel av bergensbarna gjorde for ein generasjon sidan. Det vart folk av dei óg.

Kommentarer