Unnskyld, Tone

Kva hadde norske kjendisar vore utan dagens bursdagsbarn, TV 2? Bleikare og mindre stilige, ifølge Hilde Sandvik.

 

UNNSKYLD:Ein burde hatt fleire Tone Damli -ar, skriv Hilde Sandvik, som ber om orsaking for at ho ein gong skreiv det kan bli for mykje av Tone Damli Aaberge. Det kan aldri bli for mykje. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

«NRKs mellomgrå stall av TV-personligheter», slik er forfattarane av TV 2-boka Gøran Skaalmo og Bjørn Eckblads nådelause oppsummering av kjendistida før TV 2. Det er ikkje berre Se og Hør og Rampelys-redaksjonen i VG som har nyte godt av kjendisane i TV 2.
Eg vågar ein udokumentert påstand: Utan TV 2 hadde TV-personlegdomar hatt lik hudfarge, likt tonefall, dei hadde sannsynlegvis vore født eit steinkast frå Marienlyst, iallefall ikkje lenger borte enn Tønsberg.
Vi ville ikkje hatt nokon Vosse-Hjeltnes, Sogndal-Tone, Stavanger-Siri eller folk med namn som Gaute Grøtta Grav frå Isfjorden i Rauma. Vi ville heller ikkje hatt danse-Adil, Tshawe eller reporterar som heiter Kadafi eller Mah-Rukh til førenamn. I alle fall ikkje med det første.

Noreg er rett og slett blitt større gjennom kanalen på Nøstet. Kjendisane er dessutan blitt morosamare og utan tvil stiligare.

Det statleg finansierte NRK ikkje greier å skape av mangfald, berre gjer TV 2. Noreg er rett og slett blitt større gjennom kanalen på Nøstet. Kjendisane er dessutan blitt morosamare og utan tvil stiligare.
Difor, Tone Damli Aaberge, eg legg meg på kne og ber om orsaking for at eg ein gong, for mange år sidan, skreiv at eg syns det hadde blitt nok av deg no. Ein burde hatt fleire Tone Damli-ar som skriv eit slags nynorsk, eller Charlotte Thorstvedt-ar, som nekta å høyre på Hallvard Flatland då han meinte ho skulle leggje av seg stavangerdialekten om ho ville vere programleiar i «X Factor». Den nyhenda blei elles presentert på TV 2s eigne nettsider under tittelen «Fikk sjokkbeskjed fra TV-nestor».
Hallvard Flatland var sjølv oppdregen i NRK og hadde lagt av seg Vest-Telemark-dialekten. Som han sa: «Jeg tok et kynisk valg etter hvert og fant ut at bokmål var bedre for meg for å følge drømmen».
TV 2 har synt at kjendisdraumen også kan vere på sogndøl, difor har også Noregs Mållag, mellom andre, takka TV 2 å ha utvida spekteret av korleis ein kan snakke på TV.
I eit kritkvitt, norsk kulturliv, kan også kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) kome til å måtte takke den private TV-kanalen. Hennar mantra er mangfald i kulturen. Dei store statlege kulturinstitusjonane er nokså fargelause. Huitfeldt vil difor legge press på dei til å kvotere inn folk med innvandrarbakgrunn. Nyleg lanserte ho ein statleg tiltaksplan for mangfald i sju punkter. Ho kunne i staden ha tatt seg ein tur til underhaldningsavdelinga i TV 2 og høyrt korleis det skjer der.
Der statskanalen overlet fleirkulturen til programmet Migrapolis, får ein gjere kva som helst i TV 2. Ein kjapp kikk på lista bt.no presenterer i dag over plater gjevne ut av TV 2-artistar, syner at Noreg er meir enn talentfabrikken Ullevål Hageby barneskole.
Og snart dukkar Aylar Lie opp i Hotel Cæsar.

Tags: , ,

Kommentarer