Omstridd suksesstunnel

Jondalstunnelen let seg ikkje stogga, endå mange prøvde. No får Hardangervidda og Filefjell ein seriøs konkurrent.

I dag opnar statsminister Jens Stoltenberg Jondalstunnelen. Den nesten elleve kilometer lange tunnelen er ferdig eitt år før tida, og han er blitt vesentleg rimelegare enn kostnadsoverslaget på 850 millionar kroner. Han som klypper snora – og som representerer staten – skal veta at det er Hordaland fylke, kommunane i området pluss bilistane her vest som betaler gildet. Statens bidrag er berre fattige 52 millionar kroner.
Men lat no det fara. Jondalstunnelen representerer ei storhending for samferdsla her vest. Lokalt for hardingar som skal til Kvinnherad – eller omvendt. For folk på begge sider av tunnelen blir arbeidsmarknaden vesentleg utvida. Jondalstunnelen må i så måte sjåast i nær samanheng med Folgefonnstunnelen, slik framsynte politikarar i si tid gjorde, då dei gjekk i gang med dette langsiktige prosjektet.

Men Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen har større perspektiv i seg. Vi vestlendingar får ein ny trasé når vi skal til Oslo og Austlandet. Med Jondalstunnelen blir Haukelivegen eit etterlengta alternativ til dei eksisterande vegane over Langfjella. I dag ligg reisetida Bergen–Oslo på pluss/minus åtte timar langs dei ulike traseane. Reisetida med ferje Tørvikbygd–Jondal er stipulert til 8 timar og 14 minutt. Men Haukelivegen skal innan 2015 innkortast med 25 kilometer, som også vil fjerna dei verste stigningane. For vogntog vil dette innebera ein times spart køyretid.
Jondalstunnelen har vore eit tungt prosjekt å driva gjennom, i første rekkje fordi det såg ut til å koma i vegen for Hardangerbrua. For å sikra gode trafikktal for Hardangerbrua, la Hordaland Vegkontor i si tid til grunn at oddingar som ville til Bergen, kom til å køyra nybrua. Det er det ingen andre som trur på.

Statens bidrag er berre fattige 52 millionar kroner

Verre var det nok at Jondalstunnelen kan gjera Haukeli til ein alvorleg konkurrent til Hardangervidda, som er ille plaga med vinterstenging. Alt dette var moment som gjorde at sterke krefter i fylkespolitikken ville leggja kjelkar i vegen for eit samband mellom Jondal og Kvinnherad.
Denne motstanden fortok seg naturleg nok då stortingsfleirtalet banka gjennom Hardangerbrua, som skal opna neste år. Dermed er det duka for to attraktive aust-vest-samband gjennom Hardanger – eit ytre og eit indre. Det er all grunn til å senda gratulasjonar.

Dei største optimistane trur det snart blir endå ei Hardangerbru – mellom Jondal og Kvam. Det kan ikkje utelukkast. Men vi lyt nok betala henne sjølv.

Tags: , , , ,

Kommentarer