Askeladden

Jubel for Hødd

På Sunnmøre er fotballen sjølve limet i lokalsamfunna. FOTO: RUNE NIELSEN

Dette er ei kjærleikserklæring til sunnmørsfotballen frå ei som ikkje er særleg glad i fotball.

Etter at det var klart at Hødd slo Brann torsdag samanlikna kommentatorane i fotballstudio Hødd med Askeladden, og det er ikkje så dumt. Askeladden er kjend som ungguten som ingen forventar noko av, men som sigrar til slutt. Hødd har ikkje same rammevilkår som storebrørne Alesund og Molde i fotballfylket Møre og Romsdal, og det viser at pengar ikkje er alt i fotballen enno. Ein kan skape gode resultat med lokal entusiasme og lokale fotballspelarar.

Og snakk om lokal entusiasme. På Sunnmøre er fotballen sjølve limet i lokalsamfunna. Sjølv kjem eg frå Gursken, ei nabobygd til Ulsteinvik med rundt 800 innbyggjarar. I samarbeid med jamnstore Larsnes har Gursken eit fotballag i 3 divisjon, som Hødd rekrutterar spelarar frå.

 

Ein kan skape gode resultat med lokal entusiasme og lokale fotballspelarar.

 

Tre av dagens høddspelarar har bakgrunn frå LGFK, det same har tidlegare “høddar”, no TV-kjendis Jan Åge Fjørtoft. Heile bygda er på kvar einaste fotballkamp, det er reinaste englandstilstandar på Sunnmøre.

Når ein veks opp i ei fotballbygd utan å vere særleg interessert i sporten kan ein tidvis forbanne seg over alt oppstyret. Men når eg er no er eldre og har flytta frå heimbygda, går eg helst aldri glipp av ein heimekamp. Og på slike dagar som dagen då Hødd sler Brann på heimebane, forstår ein kva det betyr. Periferien som slår sentrum, sunnmørsbygder som spelar kvarandre gode. Verftsarbeidaren frå Larsnes som skal spele cupfinale på Ullevaall. Askeladden. Heia Hødd.

 

Kommentarer