Toleranse er ein sentral demokratisk verdi, men skal me tolerere dei som ikkje tolererer andre?

DEMONSTRASJON: Initiativtakarane til demonstrasjonen utanfor den amerikanske ambassaden, med folk som Arfan Bhatti og Ubaydallah Hussain i spissen, har også tidlegare gitt uttrykk for synspunkt som bryt radikalt med demokratiske prinsipp, skriv artikkelforfattaren.
FOTO: KYRRE LIEN/SCANPIX
Spørsmålet er på ny blitt aktuelt etter demonstrasjonane utanfor USA sin ambassade i Oslo førre fredag. Her vart det ropa slagord som «We love Osama» og «Død over USA». Det vart talt for at hån mot islam skal straffast med døden og at filmskaparen Theo Van Gogh fekk som fortent når han vart drepen. Initiativtakarane, med folk som Arfan Bhatti og Ubaydallah Hussain i spissen, har også tidlegare gitt uttrykk for synspunkt som bryt radikalt med demokratiske prinsipp.
Ei liknande gruppe i England, Islam4UK, var kjend for å marsjere under parolar som «Shariah is the solution, freedom go to hell» før ho vart kjend ulovleg i 2010. Er forbod vegen å gå? Eller må eit demokratisk samfunn godta grupper med slike meiningar?
Kjernen i toleransen er at ein lar vere å hindre ytringar og praksisar som ein elles tek avstand frå. Ein kan ha gjennomtenkte grunnar for å vere motstandar av ytringa eller praksisen, men ut frå respekt for eins medborgarar vil ein likevel ikkje undertrykkje dei, til dømes gjennom forbod. Dette kviler på det den politiske filosofen John Rawls kalla resiprositet.
Ein rimeleg borgar anerkjenner at dei lover og reglar som me byggjer samfunnet på skal vere akseptable for andre rimelege borgarar, også om dei har eit anna livssyn enn ein sjølv. Gitt at andre gjer det same gir eg avkall på ambisjonen om at samfunnet skal formast etter det eg ser som Den Heile Sanninga.
Må eit demokratisk samfunn godta grupper med slike meiningar?
Problemet er at det ikkje er gitt at andre gjer det same. Intolerante grupper krev toleranse for sine ytringar, men dei vil ikkje sjølve vise toleranse for dei ytringane som dei finn forkastelege. Inkonsekvensen i dette er tydeleg nok. Likevel løyser me ikkje denne inkonsekvensen ved å sjølve bli inkonsekvente. Dei intolerante er omfatta av tru- og ytringsfridom på lik linje med dei tolerante. Det fins ikkje eit sett av rettar for dei tolerante og eit anna for dei intolerante.
Riktig nok hadde ikkje dei intolerante hatt stort å klage på dersom dei hadde blitt fråtekne sin ytringsfridom. Ein kan ikkje klage over at eit prinsipp som ein ikkje aksepterer blir brote. Men det følgjer ikkje av det at me har rett til å innskrenke deira ytringsfridom. Intoleranse er ikkje grunn god nok til å bli intolerant sjølv.
I spesielle samanhengar kan det likevel vere rett å setje grenser for fridomen deira. Alle er samde om at til dømes ytringsfridomen ikkje kan vere absolutt. Til og med den store fridomsforsvararen, John Stuart Mill, vedgjekk såpass. Ein må gjerne skrive i avisa at kornhandlarar lar dei fattige svelte, sa Mill, men ein kan ikkje proklamere det same i ein tale til ein mobb utanfor huset til ein kornhandlar.
Den amerikanske høgsterettsdommaren Oliver Holmes uttrykte det slik: Ytringsfridomen vernar ikkje om retten til å rope «brann!» i eit fullsett teater berre for å skape kaos.
Dersom det er fare for ro og orden, fred og tryggleik, kan ein derfor legitimt avgrense enkelte individ eller grupper sin ytringsfridom. For å unngå misbruk blir dette ofte presisert til at det skal vere ein klar og direkte fare knytt til ytringa. Problemet er at det i våre digitale tider blir stadig vanskelegare å avgjere kva som utgjer ein klar og direkte fare.
Ytringar blir no resirkulert og rekontekstualisert på måtar som Mill og Holmes ikkje kunne ha føresett. Spørsmålet er derfor om ytringane til demonstrantane utanfor ambassaden eller den omstridde filmen «Innocence of Muslims» i praksis er ekvivalente med å rope om brann i ein fullsett kinosal eller å drive agitasjon framfor ein rasande mobb. Kor vidt dette er tilfellet er likevel meir ei sak for politiet enn for politikarar og politiske filosofar.
Eit anna spørsmål er om ein skal akseptere at intolerante grupper lærer opp andre til intoleranse. Kan staten til dømes legitimt hindre at konservative religiøse grupper får starte sine eigne skular? Etter mitt syn ja, om enn ikkje fordi dei er konservative eller religiøse. Det avgjerande kriteriet er om ein oppdrar barna til oppfatningar og haldningar som står i strid med demokratiets grunnprinsipp.
Dersom ei religiøs gruppe i sine private skular innprentar barna den ideen at deira gruppe er overlegen alle andre og at dei vantru er av mindre verdi enn dei sjølve, så kan staten trygt treffe tiltak for å stoppe ein slik praksis.
Det same gjeld i prinsippet dersom ein heime lærer barna opp til at «om noen krenker din profet, så er den personen fritt vilt», som Abid Q. Raja fortel om i Aftenposten 1.10., sjølv om det nok vil vere umogleg å handheve. Å seie nei til slikt er ikkje å vere intolerant, men å verne om toleransens vekstvilkår. Og er det noko demonstrasjonane dei siste vekene bør minne oss om, så er det at toleranse ikkje bør takast for gitt.