Guten frå Nedre Silkestrå

Aage Storm Borchgrevink har skrive den boka som måtte skrivast om Anders Behring Breivik: Sterk, opprivande og medfølande.

KVEN VAR HAN? Anders Behring Breiviks barndom kunne ikkje liggje i mørket i jakta etter å skjøne det uskjønelege.

Anders Behring Breiviks barndom kunne ikkje liggje i mørket i jakta etter å skjøne det uskjønelege. Når alle steinar skulle snuast, kunne ikkje grunnsteinen forbli urørt: Barnet Anders måtte få lys på seg – og med det dei næraste omsorgspersonane. Også mor måtte få det lyset på seg ho ikkje ville ha.
Ikkje fordi vi andre skulle toe hendene våre og krysse av for alt ein likevel ikkje kunne ha gripe inn i. Tvert imot, skal ein følgje Borchgrevinks teori, svikta samfunnet barnet og tok ikkje mors tilsynelatande forkvakla tilknyting til barnet alvorleg.

I etterdønningane «En norsk tragedie: Anders Behring Breivik og veien til Utøya» kjem til å skape, er det mest presserande sagt på ei av dei siste sidene: «Den viktigste lærdommen i denne tragedien handler (…) om barne- og familiepolitikk.» Og dette er skrive av ein mann som frå første stund hadde ei av dei meir interessante politiske analysane av det som hendte i Oslo og på Utøya den 22. juli i fjor i kronikken «Fra bloggosfæren med hat» (Aftenposten 24.07.11).
Skal ein så ikkje diskutere politiske rørsler som meisla ut monsteret Behring Breivik? Islamofobien? Forakta hans for demokratiet og for «kulturmarxistar»? Skal ein la nettdebattane vere? Skal ein ikkje hamre vidare på konklusjonane etter 22. juli-kommisjonens rapport?

Jo. Jo. Jo. Det gir Borchgrevink også særs gode argument for gjennom ei av dei rikaste danningsforteljingane noko sinne skrive – om det moderne Noreg, men først og fremst om hovudstaden. For det er ei danningshistorie Borchgrevink har skrive, ei danningshistorie med mange sirklar.

Forteljarteknisk er det ei bragd, som stadfestar Aage Storm Borchgrevink som ein av dei sterkaste sakprosaforfattarane i landet. Ikkje berre er det ein terrorist som blir til gjennom desse sidene. Forfattaren kartlegg eit miljø, ein bydel, eit Noreg, eit ungdomsparti som utviklar seg saman med ein gut på Nedre Silkestrå på Oslos beste vestkant.
Aage Borchgrevink har gjort det forfattaren Kjartan Fløgstad har etterlyst: Granska staden Behring Breivik kom frå, den mentaliteten som omgav han i oppveksten. Han har gått bak fasaden hjå det tilsynelatande mest vellukka Noreg har å vise fram.

Alt handlar om far

Gjennom alt dette følgjer ein også forfattaren som diskuterer med seg sjølv og med teksten, gjort med raffinement og språkleg driv som jagar lesaren framover, innover i historia til guten Anders, som i evig uro etter ein gjeng å halde seg saman med, skaper seg om i ny ham igjen og igjen, som taggar, i spelverda, i politikken.
Nokre gonger går Borchgrevink likevel for langt i spekulasjonen, han kryp mellom anna heilt inn i hovudet til Breivik der han står framfor spegelen og blir redd av eige avtrykk. Slikt burde ha vore luka ut av redaktøren.

Mor står att: Den kvinneforaktande Anders Behring Breivik står att med eit skrik som det vil vere umogleg ikkje å ta stilling til. Men, dersom mor, denne tilsynelatande uansvarlege barnekvinna som sette Breivik til verda, skal ha skuld for at det gjekk så grusomt gale: Kva då med faren som aldri var der? Som avviste, og som held fram med å avvise sonen? Kven skapte monsteret?
Etter å ha lese Aage Storm Borchgrevinks bok, har eg eitt bilete i hovudet: Katten som har drepe ein fugl, drege den døde kroppen inn i huset og kikkar opp, kikkar opp på far i huset, og spør: «Var eg flink no?»
Alt handlar om far.

Tags: , , ,

Kommentarer