Foreldre utan nettvit

Det er grunn til å lure på kva planet foreldre er på medan barna er pålogga nettstaden Moviestar Planet.

For barn? Barnevakten.no har motteke reaksjonar på nettstaden Moviestar Planet, som rettar seg mot barn i alderen 8-15 år. Foreldre melder og grovt språk, nettstaden sjølv seier dei modererer så godt dei kan. ILLUSTRASJON: moviestarplanet.no

 

For eit par veker sidan fortalde ein journalist frå NRK om kor kjapt ho fekk tilbod om sex etter å ha logga seg på barnenettstaden Moviestar Planet, ein nettstad som rettar seg mot barn i alderen 8-15 år og har 200.000 norske brukarar. Journalisten skulle skrive sak om nettstaden og utgav seg for å vere ei 11 år gammal jente.

Barn ønsker i aukande grad å delta på sosiale medium, både på eigne nettstader for barn, men også på Facebook. Nokre foreldre tillet at barna bryt aldersgrensa og opprettar profil på nettstaden. Trass i at Facebook har aldersgrense på 13 år, hadde 24 prosent av norske barn mellom 9 og 12 år ein facebookprofil i 2011.

Smarttelefonar og nettbrett har gjort at internettbruken hos små barn har eksplodert dei siste åra, og dette har skapt ei rekke nye problemstillingar for foreldre. Ein kan for eksempel laste ned ein gratis Moviestar Planet-app til smarttelefonar, noko som gjer det utfordrande for foreldre å halde oppsyn med barnas nettbruk. Satt på spissen kan ein seie at slike applikasjonar med chattetenestar gjev eventuelle pedofile ei direktelinje til barnet.

 

Barn ønsker i aukande grad å delta på sosiale medium

 

I artikkelen til NRK fekk vi møte Luna (8), som har profil på nettstaden Moviestar Planet, og far hennar som følgjer nøye med. Det er fint, men spørsmålet er derimot om sosiale medium i det heile er noko for barn. På alle nettstader der ein kan kome i direkte kontakt med born, må ein dessverre også gå ut ifrå at det fins menneske utan gode hensikter. Å halde oppsyn med barna på nett er bra, men kvifor skal dei utsetjast for moglegheita for å bli kontakta av slike menneske i utgangspunktet?

Verken på Facebook eller på Moviestar Planet må brukarar godta venneforespurnader frå kvarandre før dei kan utveksle direktemeldingar. På Facebook er vi i derimot ikkje anonyme, slik som på Moviestar Planet. Der utformar barna eigen karakterar som dei sjølve kan kle opp i magetoppar og små truser som det står «kiss me» på.

Seksualiseringa av barnekulturen er mykje omtalt. I boka «Living Dolls-The Return of Sexism» frå 2010 skriv britiske Barbera Walters om den aukande rosafarginga av småjenters barndom, og ei tilsvarande blåfarging av smågutars tilvære. Barneleiker, og barnekultur, er større business no enn før, og det er pengar å tene på å kjønnsdele leikemarknaden.
Ein kan vere einig eller ueinig i Walter sin påstand om at denne delinga er kulturelt betinga, men at både leikedokker og internettfigurar for barn skal vere sexy og lettkledde er likevel problematisk. Det seksualiserte uttrykket til Moviestar Planet er urettferdig mot barn. Retten til å få vere barn utfordrast på ein måte dei bør få sleppe i så ung alder.

 

Det seksualiserte uttrykket til Moviestar Planet er urettferdig mot barn

 

Barnevakten.no har motteke fleire reaksjonar på Moviestar Planet, der foreldre melder om grovt språk og mykje flørting. Brukarane kan også lage eigen filmar med karakterane sine, ein funksjon som ifølgje nettstaden sjølv skal stimulere kreativiteten til barna. Barnevakten melder om framstillingar av karakterar som kler av seg og snakkar om sexrelaterte ting.
NRK fortel historia om ein tredjeklassing som kjende seg mobba av innhaldet i ein annan film. 11 år gamle Shahin gjekk førre månad ut i svenske Aftonbladet og fortalde at han hadde sletta sin profil, han var lei av alt snusket. Moviestar Planet seier sjølv at dei modererer nøye, men at det er umogleg å halde oversikt over alt folk skriv på nettstaden.

 

Foreldre må følge med, men ny teknologi gjer det stadig meir krevjande

 

Då eg var elleve år kom det tilbod om modellkurs i posten. Det omreisande modellbyrået ville gje barn mellom åtte og 12 år kursing i «catwalk», koreografi og korleis ein skulle te seg framfor kamera. Eg hadde lyst, men fekk ikkje lov. Nokre foreldre hadde snakka saman og bestemt at vi barna i nabolaget ikkje fekk gå på kurset. Eg var skuffa, men har aldri seinare tenkt at eg gjekk glipp av noko.

Foreldre må følge med på barnas nettbruk, men ny teknologi gjer det stadig meir krevjande. Sosiale medium og smarttelefon bør kanskje vente, dei små får garantert nok tid til det når dei veks til.

Tags: , , , ,

Kommentarer