Xi Jinping vert leiar av eit Kina som er svært ulikt det landet der Hu Jintao tok over leiarskapen i 2002. Dei neste fem åra skal han leie ei nyreist kjempe med store utfordringar, og teikn til veksesmerter.

VIKTIG FOR VERDA: Korleis vil Kinas nye president, Xi Jinping (biletet), mannen bak byråkratmaska, freiste å handtere Kinas mangfald av utfordringar? spør Thor Olav Iversen. FOTO: NG HAN GUAN, AP
I sommar proklamerte Folkets Dagblad at det siste tiåret har vore «storslege» for Kina. «Aldri før har Kina fått meir merksemd frå verda, og aldri før har verda trengt Kina meir.» erklærte avisa, som fungerer som Kommunistpartiets største talerøyr. Dei siste ti åra har landet stige frå status som ei regional mellommakt til ei supermakt som berre står bak USA i global tyngd.
Likevel er det ingen dans på lotusblomar Xi Jinping har føre seg. Som leiar av ein global tungvektar må han freiste å kombinere framleis økonomisk vekst med innanriks- og utanrikspolitisk stabilitet.
Veksten blir lågare
Sidan Hu Jintao tok over som Kommunistpartiets generalsekretær i 2002, har økonomien femdobla seg, og Kina har gått frå å vere verdas femte største eksportør til verdas største. Innan båe Xi Jinpings og Barack Obamas komande styringsperiode, går Kina truleg forbi USA som verdas største enkeltøkonomi. Likevel lid den kinesiske veksten under vekta av ein skadeskoten verdsmarknad.
Vekstframskrivingane for 2012 er 7,5 % og vil, dersom dei vert realiserte, stå for den lågaste årsveksten sidan 1990. Partiets store frykt er at reduksjonen vil gi meir arbeidslause og trongare kår for mange kinesarar, noko som igjen kan smitte over i større sosial uro.
Privatkonsum er kontrollert
Xi Jinping vil få ansvar for overgongen frå ein økonomi som er eksport- og investeringsdriven, til ein som i større mon byggjer på innanlandsforbruk og konsumet til vanlege kinesarar. Den økonomiske modellen som Kina har bygd sin vekst på, har hatt eit statskontrollert finanssystem som hjørnestein.
Styresmaktene har kanalisert pengar til statleg investering ved å halde bankanes private innskotsrente låg, og utlånsrenta høg. Dermed har investeringspolitikken fungert som ein skatt på den typiske kinesars materielle levekår, og saman med høg sparerate fortrengt privat konsum.
Kompromisslaus i konfliktar
Han tek også over eit Kina som, i takt med den økonomiske veksten dei siste ti åra, har vorte langt meir sjølvhevdande enn det var i 2002. Verdas mest folkesetnadsrike land har den siste tida gått vekk frå den tradisjonelle doktrinen om å fokusere på eit koppel av kjerneinteresser i utanrikspolitikken, som til dømes Taiwan si uavhengige status og forsvar av eigen politikk i Tibet.
Kina har lenge hatt sovande territorialtvistar med ei rekkje naboland frå Malaysia i sør til Nord-Korea i nord, men fleire av konfliktane har dei siste åra blitt vakt til live. Beijing har under oppblussing av slike konfliktar med Filippinene, Vietnam og særleg Japan, ført ein aggressiv retorikk med få teikn til kompromissvilje.
Under den steile konflikten med Japan om Senkaku/Diaoyu-øyane har Kina også vore arena for eit nasjonalistisk oppvigleri som manglar sidestykke dei siste tiåra. Tusenvis av kinesarar har delteke i valdelege demonstrasjonar mot japanske diplomatpostar og næringsliv, og deler av media har etterlyst full krig og jamvel bruk av atomvåpen.
Kina rustar opp
Kina har under Hu Jintao fått verdas andre største militærvesen. I 2012 passerte militærbudsjettet for første gong 100 milliardar dollar, ei tosifra prosentauke frå året før. Samstundes har kinesiske styresmakter konsekvent uttalt at det kan bli naudsynt å nytte militærmakt for å forsvare nasjonalinteresser. «Vi forsterkar kapasiteten til dei væpna styrkane for å ta vare på ei lang rekke oppgåver. Den viktigaste er evna til å vinne lokale krigar», fortalde den kinesiske statsministeren, Wen Jiabao, i den kinesiske Folkekongressen i vår.
Når dei held fram militærintervensjon som eit alternativ i lokale konfliktar har det, saman med den militære opprustinga, skapt eit regionalt våpenkappløp, og dytta mange av nabolanda rakt i fanget på USA. Resultatet er ei paradoksal utvikling der fleire austasiatiske land i aukande mon knyter økonomiske band med eit veksande Kina, medan dei ser til USA for alliansebygging.
Sosiale medium utfordrar
Også den teknologiske utviklinga har skapt nye utfordringar for Xi Jinping og Kommunistpartiet. Den enorme populariteten til sosiale medium, har dei siste åra gjort det langt meir utfordrande for partiet å kontrollere meiningsdanning, informasjonsspreiing og regimekritikk, enn det var for Hu Jintao i 2002.
Berre mikrobloggtenesta Weibo har over 300 millionar registrerte brukarar, og er blitt ein sentral arena for politisk debatt. Kommunistpartiet har sensurert flittig også på internettet, men den digitale verda gir kritiske røyster tallause smotthol.
Kinesarane er nettborgarar
Mange av dei mest populære ytringane på Weibo deler eit trekk: Ei kynisk mistru til Kommunistpartiet og makteliten. Det er heller ikkje berre Kinas veksande middelklasse som får med seg kritikken på internett. Tryggleiksgraderte utdrag frå debatten blir presentert for kinesiske leiarar, og dei følgjer nøye med.
Xi Jinping vil altså ta over styringa av eit Kina der millionar av nettborgarars kvilelause diskusjon av offentleg politikk og korrupsjon er eit ufullstendig, men levekraftig substitutt for ei fri presse.
Vil prege verda
Korleis mannen bak byråkratmaska vil freiste å handtere Kinas mangfald av utfordringar er eit ope spørsmål, men svaret vil gi kraftige ringverknader i internasjonal politikk. Det at Xi Jinping vert ny kinesisk leiar, er slik sett ikkje mindre viktig for det internasjonale samfunn enn at Obama vann det amerikanske presidentvalet.
Om den nye generalsekretæren til dømes klarar å omstille økonomien, om han vil opne for politisk reform eller om han vil forsone seg med nabolanda, veit ingen. Det einaste som er sikkert, er at det vil få store konsekvensar for båe Kina og resten av verda.
fakta
Xi Jinping
Son av Xi Zhongxun, ein viktig leiar under borgarkrigen og den kommunistiske revolusjonen.
Er frå Fuping i Shaanxi-provinsen. Blei uteksaminert som kjemiingeniør frå Qinghua-universitetet i Beijing i 1979. Medlem av kommunistpartiet same år.
Partiformann i Shanghai frå 2007. Hadde òg overordna ansvar for OL i Beijing i 2008.
Xi blir etter alle solemerkje vald til president i Kina på den 18. kongressen til KKP, Kinas kommunistparti. Kongressen opna 8. november og varer ei veke.
KJELDE: STORE NORSKE LEKSIKON