Hjelp, eg er overvektig!

Fedmekirurgi-nettsida skriv at det er fare for at eg blir sjuk. Men fedmeoperasjon kan gje alvorlege biverknader. Kva med å halde på kroppen ein har, og kanskje jobbe seg fram til ei anna utgåve av den?

HALD PÅ KROPPEN DIN: Den noko overvektige kollegaen som finn glede i god mat, er fysisk aktiv, smiler, og både kan arbeide og slappe av, er gjerne vel så sunn og frisk som den tynne flisa som hastar mellom aerobictimar og nye diettar, skriv Alexander Kemp. Foto: Terje Bendiksby, SCANPIX

 

«Meget stor fare for at du er eller kommer til å bli syk på grunn av din fedme…» Sånn står det på nettsida til eit av foretaka som driv med fedmekirurgi. Eg er ein stor beundrar av moderne kirurgi. Etter å ha fått utført arbeid på tenner og hender, sette eg enorm pris på jobben legane gjorde.
Fordi eg hadde eit problem og noko som var gale. Dei seinare åra har der vore mykje medieomtale om reiser til utlandet, og tårevåte historier om folk som ventar, og ikkje klarer å vere seg sjølv, før dei får utført overvektsoperasjon.

Heller ein hyggjeleg trenar?
Eg blir skremt av dette. Med noko atterhald om ekstremtilstandar: Fedmeoperasjon er styggedom. Eg forstår at det også krevst stor livsstilsendring for at operasjonane skal vere vellukka.
Vel, kva med å bruke pengane, vanlegvis sekssifra summar, og innsatsen, med ein hyggjeleg trenar eller kompis, og så halde på den kroppen ein har, og kanskje jobbe seg fram til ei anna utgåve av den. Er ikkje slikt teknologisk eller medisinsk moteriktig nok?

Ein ærleg lege
På VG Tett på Nett fann eg sjuande november spørsmålsrunde med lege Hjelmesæth ved sjukehuset i Vestfold.
står fram som svært fornuftig og jordnær når han svarer om fedmeoperasjon:
– det er ikke er noen quick fix, det kan oppstå til dels alvorlige bivirkninger,. – ingen mirakelkur, – Vi vil også avslå personer som ikke er i stand til eller ønsker å endre helseatferd og spisemønster etter operasjon. Slik sanning kjem frå ein lege ved offentleg sjukehus, her er haldningar med forsking i grunn. To viktige poeng er dei same som mine: «Helseadferd og spisemønster». Altså mat og gym! Om ein ønskjer å gå ned i vekt og opp i helse.

Kven er eigentleg sunn?
På kontoret: Den noko overvektige kollegaen som finn glede i god mat, er fysisk aktiv, smiler, og både kan arbeide og slappe av, er like gjerne vel så sunn og frisk som den tynne flisa som hastar mellom aerobictimar og nye diettar.

Klart det er vondt å gå tur om ein ikkje er van med detHan

Trim»dronninga» Kari Jaquesson har mykje rett i det ho seier, lik det eller ikkje. ”Trim, mat og hvile” står det på bloggsida hennar. Gode kombinasjonar av desse gjev folk flest alt som trengst for ein helsemessig god livsførsel. Vi har ikkje behov for fleire trim- eller skiprinsesser. Derimot treng vi fleire som er ute og går sakte på ski, og folk som supplerer sofakvilda med enkel og regelbunden trim.

Mat gjev glede
Når ein blir sliten etter trening og aktive dagar, kva er vel då betre enn ein dugande laurdagsmiddag? Slike ting høyrer inn under det mange menneske kallar livskvalitet. Matglede gjev livskvalitet. Kvar blir det av denne i eit liv etter fedmekirurgi, der piller, pulver og innskrenka tarmsystem kan vere mykje av røyndomen? Legeforeininga ønskjer differensiert moms!
Der har også kome utspel om å få vekk momsen på grønsaker og auke han på sukkervarer. For å betre folkehelsa. Vel, Rimi har allereie miksa prisane på sjokoladeplatene mange gonger meir enn momsen gjer: 17,90 og så 35 kr, og så «3 for 2». (Og sjokoladen har jo allereie både moms og sukkeravgift.)
Mi forsking seier dette: OM momsdifferensiering er med på å avgjere kva som hamnar i handlekorga så har ein ikkje eit svolt- eller kontrollproblem. Flikking på momskronestykka pirrar gniteskapen, den kuar ikkje ein sterk godteriapetitt!

Billeg å leve sunt
Der er mykje å kritisere daglegvarekjedene for, men noko absolutt hinder i å leve sunt er dei så langt ifrå. Og kva er dette med at det er så dyrt og vanskeleg å leve sunt?
Eg sjekka nettopp på Kiwi: frosne grønsaker til 10 kr og frosne norske blåbær til 12 kr posen. Rema har tunfisk i vatn til 5–6 kr, torsk til 18–19 kr. Skal ein skeie ut så hadde Kiwi jamvel «økologisk» kjøtdeig til under 40 kr. Og lauk for nokre kroner. Altså kan her bli brukande middagar for maks nokre tiarar pr. porsjon, kanskje endå mindre enn Grændisen kostar?

Kjære overvektige:
Er vekta verkeleg så gale? I så tilfelle: Kvifor er den ikkje gale nok til at du tek for alvor det som mange har som livets gleder; gym og mat? For eg, med erfaring som «sjukleg overvektig», skjøner ikkje korleis det er mogleg å ha vekta som eit problem ein vil gjere «kva som helst» for å bli kvitt, unntatt å ta konsekvensen med trimmen og kosten.
Mat- og trimvanen kan lærast. Klart det er vondt å gå tur om ein ikkje er van med det. Eg har kjent akkurat dei smertene! Det er også vanskeleg og uvant å undervise og å sitje i kassa om ein ikkje er van med det. Men det kan lærast, om ein bruker tid og krefter på det. Trimvanen må også lærast, og skjøttast. Dersom ein verkeleg VIL det.
Eit første steg: ta ein legetime og få tal på litt ulike blodverdiar og helsetilstand. Vær heilt ærleg mot deg sjølv ein periode. Kvar einaste dag, kvar einaste måltid; gjer det som er rett, med tanke på kva liv du vil ha.

Høg BMI, lågt kolesterol
Eg gjorde dette ein gong, første prøvene viste noko høge leververdiar. Etter om lag eit par månader med ryddig livsstil tok eg same blodprøvene igjen, og legen kunne seie «utruleg bra». Og ved anna høve skulle eg måle kolesterolet på apotek. Dei trudde apparatet var defekt fordi det berre viste «LO LO LO».
Sjølv om desse kjekke BMI-tabellane samstundes sa «svært overvektig» og nærast ville leggje meg på operasjonsbordet.

Aktiv, åleine eller organisert
Gode trimmiljø tek imot folk på alle nivå. Alle. Over- eller undervekt, handicap, ukule klede, dårleg sjølvkjensle? Alt finnast i stort monn i treningsmiljøa! Poenget: Ikkje la slankekurar, operasjonar og skuldkjensle vere ein del av det. Som regel er det råd å gjere enorme endringar på mindre tid enn det tek å vente på, og få utgreiing til, desse både dyre og krevjande kirurgiske inngrepa.
Berre vær rett fram med deg sjølv; Er det eigentleg vekta som er problemet, eller er det eit hendig symptom og årsaking for andre ting som manglar; psyke, vilje, og sosiale omstende?
Trimmen er slett ikkje nyttig berre for å kome i betre form og eventuelt gå ned i vekt. Blodet blir skylt gjennom organa, og sidan vi sveittar meir og drikk meir vatn, så forsvinn endå fleire avfallsstoff ut. Naturleg detox gjennom lever og nyre!

Bruk humøret og livet
Trim, matglede og ikkje minst latskap er heilt vanlege ting for nordmenn. Det gjeld berre å finne kombinasjonen ein trivst med. Eg nektar å gå med på at eg er uvanleg når eg klarer å setje pris på alle tre. Sjølve livet er kvardagane som går medan vi bekymrar oss og tenkjer på korleis ting burde ha vore. Så kva gjer eg, med «sjukleg overvekt»? Kanskje eg nyttar sjukmelding og stiller meg i helsekø?
Nei! Eg går fjelltur, nyttar trimrom, er svært interessert i god mat, og har ein haug av irritasjonar. Vekt er ikkje ein av dei. Så enkelt er det.
Og så jævlig vanskeleg.

fakta
overvekt
Ein tilstand med for store energilager i form av feittvev, ofte definert som ein kroppsmasseindeks mellom 25 og 30.
Overvekt aukar risikoen for ei rekkje sjukdommar.
Vektreduksjon vil sjeldan lukkast dersom ikkje økt fysisk aktivitet inngår i behandlinga.
Fysisk aktivitet vil ofte redusere trongen for feit mat, slik at det blir lettare å leggje om kosthaldet.
STORE NORSKE LEKSIKON

Tags: ,

Kommentarer